Ei funky reise inn i ei uroleg og samansatt sjel, i ei uroleg og uforståelig tid. 9
Inngangsporten heiter King Kunta. Eller meir presist: Min inngangsport heiter King Kunta. Ein grom og groovy låt med ei skummel evne til å skape ein dansande uro i dei fleste bevegelege delar av kroppen. «The funk shall be within you» proklamerar rapparen ein stad i låta, og har sjølvsagt fullstendig rett. For her har han, og hans kompanjongar, funne fram til kongegroovet. Låta ber med andre ord sin tittel med bravur. Også fordi den er kalla opp etter ein av det seine syttitalets verkeleg store heltar. Kunta Kinte, den sentrale skikkelsen i fjernsynsserien Røtter. Stamfaren til ei afroamerikansk slekt. Ein mann som i sin ungdom blei frakta til Amerika på eit slaveskip, men som nekta å legge Afrika ifrå seg. Han rømte, og vart fanga, rømte, vart fanga, og til slutt kutta dei av han høgre foten. «Now I run the game, got the whole world talkin», King Kunta, everybody wanna cut the legs off him» rappar Kendrick Lamar i eit drivande refreng. Men låta handlar vel i grunn lite om den legendariske afrikanaren, den handlar meir om Kendrick Lamar. Ein fyr som midtvegs i tjueåra har blitt akta og berømt. Som har tatt vegen «from a peasant to a prince to a motherfuckin» king». Frå det fattige nabolaget i Compton til tretti millionar avspelingar på YouTube og ut på dei store scenene. Men i eit møte med heimbyen og gamle venner og andre som no plutselig vil vere venner, er det ikkje heltekjensla som grip sterkast tak i han, sterkare er kjensla av å vere ein hyklar.
«I’m the biggest hypocrite of 2015» proklamerar Lamar litt seinare på plata. I ein song som snart skal bli ein like stor favoritt som King Kunta. The Blacker The Berry er kanskje den mest eksplisitt politiske songen på plata. Og det på ei plate med ein solid dose politiske vinklingar (på coverbildet har Kendrick samla ein del venner i frå heimbyens nabolag på plenen framfor det Kvite Hus, og verken DemoCrips eller ReBloodlicans, dommarar eller politi, pengedyrkarar eller ignorantar blir tildelt særlig med ære undervegs). The Blacker The Berry er aggressiv og konfronterande, men sender meldingar i fleire retningar. Den nemnte hyklarproklamasjonen startar alle dei tre versa i låta, og konklusjonen er eit snerrande «hypocrite!». Lamar lar altså ikkje seg sjølv sleppe lett ifrå det. Ikkje sitt eige opphav, og sine eigne brør heller. Og han feller meir enn ei tåre av fortviling over svarte som drep svarte i gjengoppgjer. Men fråden kokar for alvor når han midtvegs i kvart vers ser rasismen i kvitauga og spør «You hate me don’t you?», og held fram «You hate my people, your plan is to terminate my culture, You’re fuckin» evil I want you to recognize that I’m a proud monkey». Ettertrykkelig stoff.
Eg skal innrømme at eg ikkje kasta meg over gjennombrotsplata til Kendrick Lamar då den låg føre hausten 2012. Det blei nok både februar og mars 2013 før eg for alvor byrja å lytta på good kid, m.A.A.d city. Men då gjorde eg det også, og kom fram til at det måtte vel vere det beste hiphop-albumet som hadde komme meg for øyre på fleire år. Ja eg fant vel i grunn ut at eg måtte tilbake til eit par plater frå Atlantaduoen Outkast tidleg på totusentalet for å finne noko som matcha (Stankonia, og så det der doble med den der megahiten på).
Good kid, m.A.A.d city var ei oppvekstskildring, eit blikk inn i livet til tenårings-Kendrick i Los Angeles forstaden Compton. Ein kriminelt belasta by som for alvor blei sett på musikk-kartet då rapgruppa NWA (med Dr. Dre og Ice Cube i sin midte) på slutten av åttitalet kom med plata Straight Outta Compton, og begrepet gangsta-rap vaks fram. Kendrick Lamar skildrar tøffe sosiale tilhøve i låtane sine, der vald ikkje er meir enn eit pistolskot eller to unna. Men det er ikkje gangsta-rap han driv på med. Det er ein kompleks, fleirdimensjonal og tidvis ganske så filantropisk form for rap han har føre seg.
So I’m a say something that’s vital and critical for survival of mankind,
if he lyin», color should never rival
Beauty is what you make it,
I used to be so mistaken by different shades of faces
Lamar snakkar om fargar, ansiktsfargar, undertrykte fargar, sidestilte fargar, og om blomar. Blomar laga av bomull, ute på slavemarka – «I made a flower for you outta cotton just to chill with you». Tonen er forbrødring, soulmjuk og jazzig, taggete og kompleks. Låta heiter Complexion (A Zulu Love). Siste verset overlet han til ei kvinne. Rapsody, i ei pågåande rolle, om alle fargars tiltrekkande vesen – «We all on the same team, blues and pirus, no colors ain’t a thing».
Lamar og hans kompanjongar, frå produsent Dr. Dre til saksofonist, tangentist og arrangør Terrace Martin til keyboardist og arrangør Sounwave til bassist Thundercat og mange mange fleire har koka i hop ein uimotståelig hybrid av hip hop, funk, soul og jazz. Ein nyanserikdom som varer i tett på åtti minutt, og som ikkje er ferdig oppdaga med det første.
Det er også rikt med nyansar i det Lamar har å melde. Men det er vel ikkje til å komme forbi at grunntonen har eit mørke i seg. Han hadde tenkt å kalle plata To Pimp a Caterpillar, han gjekk eit steg vidare og såg at det var blitt ein sommarfugl. Men han såg ikkje ein fri og lystig sommarfugl, han såg ein som var hamna i klørne på utnyttarar, han såg penganes makt, forventningar, neglisjering av venner, sjølvhat, depresjon, ei halvtom flaske med sprit, han såg seg sjølv.
Kor sjølvbiografisk stoffet på plata verkelig er, er det berre Kendrick Lamar som veit. Når det er sagt, det er på ingen måte viktig, om det er opplevd eller kunne ha vore opplevd eller aldri kjem til å bli opplevd er i grunn komplett underordna. Det er stinget i formidlinga, dimensjonane i dramaet, dobbel- og trippeltydinga i det uttalte, og den rå poesien i linje etter linje som betyr noko. Som er avgjerande. Som gjer utslaget.
I remember you was conflicted
Misusing your influence
Sometimes I did the same
Abusing my power, full of resentment
Resentment that turned into a deep depression
Found myself screaming in the hotel room
I didn’t wanna self destruct
The evils of Lucy was all around me
So I went running for answers
Until I came home
Slik lyde første tredjedel av eit dikt som Lamar nyttar til å knyte låtane saman. Til å formidle at albumet er ein historie. Ikkje ein klinkande klar og lettfattelig ein, men ein eg tenker handlar om å reise seg, og så falle, for så å reise seg på nytt, men at då å tru at ein derifrå kan gå vidare utan å snuble er ein beklagelig illusjon. Noko i den duren. «I don’t know» ville Kendrick ha sagt «I’m no mortal man, maybe I’m just another nigga».
«Loving you is complicated» gjentar han ti gonger innleiingsvis i låta som så unnselig berre heiter u. Ei særskilt mørklagt låt. Der rapparen angripe seg sjølv i andreperson – «You preached in front of 100,000 but never reached her, I fuckin» tell you, you fuckin» failure, you ain’t no leader!». I dei to siste versa talar Kendrick med gråtkvalt røyst, og det er fullstendig no mercy. Ein slags kontrast er låta som like så unnselig berre heiter i. Den kom som singel hausten 2014. Ein noko glatt og litt preglaus singel. Det groovar atskilleg meir av den her på albumet. I ein råare variant, med eit lengre spoken word innslag, og skilsettande a capella rapping som avslutning. Der u handlar om sjølvhat er gjennomgangstemaet i i «I love myself».
Heile seansen blir avslutta med eit tolv minutt langt nummer kalla Mortal Man. Mykje kan seiast om det nummeret. Ein ting er at det er mangslunge, ein anna ting er at det inneheld eit lettare manipulert intervju med Tupac Shakur (basert på eit verkelig intervju gjort eit par år før mannen så tragisk blei skoten og drepen), ein tredje ting er at det også handlar om heltar som Nelson Mandela og Martin Luther King, ein fjerde ting er at spørsmålet «when shit hit the fan, is you still a fan?» har ei sentral rolle, og at Michael Jackson blir trekt fram i den samanhengen, ein femte ting er at låta handlar om den begrensa tida vi har til disposisjon.
Ein viktig ting er at eg har brukt mange timar av denne tida til å høyre på To Pimp A Butterfly. Og garantert kjem til å bruke mange fleire timar. Noko eg ser på som den rake motsetninga av bortkasta tid.