Hmm …

Standard

 

… før året er omme, skal det visstnok komme ein bokstributt til Raga Rockers. Ein ganske så formidabel ein. Sannhet på Boks skal den heite, og om alt går etter planen skal den ikkje innehalde noko mindre enn 100 coverversjonar av Raga-låtar, gjort av 100 forskjellige norske artistar. Ganske så forskjellige artistar. Frå deLillos til Lasse Marhaug, frå Valentourettes til Prins Thomas, frå Oslo Ess til Tommy Tee All-Stars, frå White Lord Jesus til Erlend Ropstad, frå Racer til Mercury Motors, frå Elvira Nicolaisen til Fjorden Baby!, og så vidare, og så vidare.

Det kan vel ikkje seiast å vere direkte ufortent at Raga Rockers blir tildelt ein smule merksemd. I sin glansperiode på 80-talet vart dei rekna som eit av dei fire store norskspråklege banda (saman med deLillos, Jokke & Valentinerne og Dum Dum Boys). Det er slett ingen umogeleg tanke å tenke at dei var aller best. Dei hadde drivet, dei hadde grepet, dei hadde melodiane, dei hadde tekstane. Og dei hadde det først og fremst takka være Michael Krohn. Ein fyr som aller først hadde ei sentral rolle i punkrørsla som så kjapt, uryddig og viltert gjorde seg gjeldande på tampen av syttitalet og i morgongryet av åttitalet, som trommis og låtskriver i Kjøtt (eg seier berre Primitiv, Nå Vil Jeg Ikke Leke med Teitinger Meir, Jeg Vil Bli som Jesus). Då energien gjekk utav Kjøtt danna han Raga Rockers, og gjennom nokre legendariske og høgenergiske album sette han og gjengen evige spor (eg nemner, utan å trekke pusten, The Return of the Ragar Rockers, Maskiner I Nirvana, Varme Dager, Forbudte Følelser, Blaff).

Utgjevingsdato for den store boksen er 18.11.2015, og det er CC records og iherdige Christer Falck som står bak påfunnet. Boksen skal ut i både CD- og Vinylformat, i eit cover laga av Pushwagner, og med ein fyldig og innhaldsrik booklet. Det blir også ein sleppfest på Rockefeller i anledninga, og billettar er visstnok allereie lagt ut for sal.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s