Daniel Kvammen – Fremad I Alle Retninga

Standard

Godlynte popmelankolske songar som ikkje slepp taket sånn utan vidare.                                    7

  For ei tid tilbake (kan det vere eit år sidan? Kan det vere to?) vart det varsla at Daniel Kvammen var ein fyr som hadde det i seg. Han hadde slått seg ned i den store byen, han hadde veska full av eigne songar, gode songar, vart det sagt, særs gode songar, skrivne på målet han snakka. Som han hadde lært seg å snakke i bygda han vaks opp i, Geilo, øvst oppe i Hallingdal. Eit par mil ifrå Ål vart det bemerka, der Stein Torleif Bjella held hus. Unge Kvammen kan vel seiast å vere ein etterkomar og trubadur smidd i liknande former vart det ymta frampå om. Eller var det eg som tenkte det? Uansett, det er ikkje heilt slik.

Dette er pop. Ganske så storarta pop. Varm og jovial pop om det krunglete livet. Openhjartige ytringar, melankoli og små finurlige fintar i leduge og medgjerlige melodiske omgjevnadar. Ettertenksame tonar som smyg seg innunder hud og hjarteklaffar og fengande tonar som dansar med sansane. I riktig så upretensiøs utfolding.

Songane er sjølvsagt ikkje sprunge utav ingenting. Eg kan ane litt deLillos her, litt Lars Winnerbäck der, og kanskje litt Lillebjørn Nilsen innimellom. Men overtydelige spor av verken desse eller andre er det ikkje, dette er jo først og fremst Daniel Kvammen det. Og hans songar om levande draumar og knuste draumar, om vennskap og bygdetrongleik, om kjærleik, angst og beven.

Du Fortenar Ein Som Meg proklamerar songaren tilsynelatande ganske så småkjekt i albumets mest radiospelte song. Men bakom det fengande refrenget (og t-skjorte slagordet) er det på ingen måte noko skråsikkert som regjerer grunnen. Der dunkar eit sårbart hjarte, der høyrer eg det vert formidla ustøe forhåpningar om framtida til eit kjærleiksforhold. Det same kan ein vel seie om situasjonen som vert skildra i den nydelige songen Daue Fugla. Der vi blir presentert for ein fyr som ikkje kan forstå at han har gjort seg fortent til kjærleiken som blir han til del, og som er «redd for at det skal bli mørkt igjen».

Ein ung manns noko mismotige fabuleringar kring livet og kva det har å by han er temaet i songane Augu og Drauma. I den første handlar det om angsten for at det ikkje lenger finst noko som kan overraske han. I den andre hevdar han at han ikkje lenger har nokon draumar, for «dei ligg påkjørt nedi vegen». Det siste utsagnet blir forresten uttalt i eit ganske så skamlaust fengande refreng. Ikkje det einaste av det slaget. Eg høyrer nemlig eit slikt eit i Rykte Si også («For om du skal henge med, Då heng du gødt der i eit tre» osv.), og eg høyrer han freidig og høglytt synge «faen ta, kva var det dei sa?» i Karmafaen.

Den meir nennsame sida av Kvammen kjem til uttrykk i songar som Ingen Vega Utanom og Slik Skulle Eg Likt Å Bli. Den først er ein særedeles vakker song om vennskap, sterkt vennskap. Slikt som tåle usmakelig fullerør og eit slag i fjeset. Den andre er ei lita undringsvise om fridom, der dei fire elementa (jord, vann, eld og luft) har ei sentral rolle.

Om plata har eit slags underliggande og for så vidt uutalt mantra så tenker eg at det er dei orda Kvammen syng heilt til slutt, «og eg skal vera fri», som er det mantraet. I det forsonande tittelkuttet syng han desse orda. Eit tittelkutt som startar med at ein ung mann reiser ut, og forbannar bygda han reiser ifrå. Og sluttar, sine tre minutt seinare, med at den litt modnare unge mannen, frå avstand, innser at han elskar denne bygda, og at han ein dag skal vende tilbake, som fri.

Pop sa eg. Viser med eit pophjarte kunne eg også sagt. Særdeles likandes saker er det i alle fall. Og dette er berre byrjinga, trur eg.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s