Fleire tonar frå dei psykedeliske breidder. 6
Eit bra groove kan gjere underverker. No Stone Unturned har eit bra groove. Det er ei låt i full elektrisitet – gitarsolo med lidenskap i seg, eit orgel som ljomar i eit skikkelig offensivt lune, og eit effektivt og brunstig rytmisk driv. Songaren formidlar strofer om å hamne utanfor rekkevidde, han legg fram nokre paranoide fiksjonar og hevdar at «the singin» rain had words for you» (kva no det måtte bety). Tonen er henta frå den tida då pop og rock og psykedelia for alvor smelta i hop. I såpass seriøs grad at songen kunne vore ein nugget på eit samlealbum av mindre kjente tonar ifrå 1969. Noko den ikkje er, den er derimot låt nummer to på albumet Solar Eyes, av det ikkje overvettes kjente Oslobandet Mooie Garage.
Eg har komme fram til at mooie kanskje kan vere eit hollandsk ord. Og at det tyder noko slikt som fint og reint. Ein rein garasje altså. Noko det absolutt går an å legge opp til ein liten diskusjon omkring. Ja det går vel faktisk an å hevde at garasjen ikkje er spesielt rein, at den faktisk er litt skitten. Meir enn litt skitten. At den byr på både litt skrangel og groms. Stundom kan det også virke som at den vaklar litt, hit og dit. Gulfarga, slørete og surrealistisk hit og dit.
Mooie Garage er ikkje eit flunkande nytt band. Dei har helde det gåande sidan tidleg på 2000-talet. Har gitt ut nokre album, med ein del års mellomrom. Årets Solar Eyes er det tredje. Går vi albuma nærare i saumane (noko ein så absolutt kan ha att for å gjere) merkar eg meg at bandet med åra har utvikla eit fyldigare og meir sjølvsikkert sound. Frå soveroms lo-fi til rimelig kraftfull psykedelisk nedbør.
Eg er forresten noko usikker på om eg gjer 100% rett i å kalle Mooie Garage for eit band. Det kan nemlig virke som det er ein fyr åleine som har eit ganske så stort hovudansvar for det som blir skapt under signaturen. Alle instrumenter og all vokal er gjort av Roar, med etternamn Leren, står det i alle fall å lese på innerposen til Solar Eyes. Og så er det lista opp nokre ytst få unntak, pluss namnet på tre bandmedlemmer til. Vel, nok om det. Mooie Garage låte som eit band.
Eit band som finn groovet på meir enn ei låt. I den bassgromme og gitarriffpsyche Rising Tide. Og ikkje minst i den orgelvirile, kraftsuggererande og temposøkande Black Books. Eit litt meir hengslete preg er det over den psykedeliske vêrmeldingslåta Might Rain Away. Medan fløytetonar har ei sorglaus effekt på det semiakustiske folkrocknummeret The Hills Are Alive.
Under den store psykedeliske himmel, der både Grateful Dead, Moby Grape, Motorpsycho, Tame Impala og nokre titals-tusen til held leven viser Mooie Garage fram nok lidenskap til at dei fortenar ein plass der dei med.