Ei plate som formidlar ein personleg kamp, og ein kjærleik til musikken. 7
Éin song på den fjerde plata til Strand Of Oaks gjer eit sterkare inntrykk enn dei andre songane. JM er den korte og litt mystiske tittelen. Men mystisk er den i grunn ikkje spesielt lenge, eg fekk ein liten mistanke allereie etter første gjennomhøyring om kven denne JM kunne vere. Informasjon henta frå plateselskapet si internettside fortalte meg at eg hadde rett i min mistanke. «I had your sweet tunes to play» syng songaren gjentekne gonger. Om det JM har skapt. Men songen handlar like mykje om songaren sjølv. Det er like mykje ein sjølvbiografisk song som ein tributt. Ein sjølvbiografisk song som fortel kor sterk musikk kan være. Korleis musikk kan halde ein i gang, være ein venn, aldri svikte. «I was an Indiana kid, getting no one in my bed» syng songaren, men så er det desse songane til JM då, og korleis dei kan lindre, korleis dei kan vere til hjelp. Litt seinare i livet kan han minnast seg sjølv «on a long desert train, with a knife in my bag», men tonane er med han der også, tonane til JM. Og så er det no for tida då – «still living the same mistakes» – jo framleis er tonane til Jason Molina her.
Strand Of Oaks er Timothy Showalter. På sine tre første plater var han ein av desse som klimpra seg gjennom sjølvlaga viser med eit ganske så spartansk instrumentelt fylgje. På Heal er situasjonen ein annan. På Heal er gitaren ganske så elektrisk, synthesizeren skitten og lumsk, og trommene bombastiske. Ikkje det at han er blitt totalt krakilsk, det har han ikkje, han har i grunn eit visst slektskap til The War On Drugs.
Heal heiter plata, og ei heling er den, for å ikkje seie reinsing, til tider brutal reinsing. Showalter ser inn i seg sjølv, ser tilbake på seg sjølv, og han ser ikkje ein fyr han er utstrakt stolt over. Han ser destruktive handlingar, og ein fyr som «spent ten long years feeling so fucking bad», som rota det inderlig til for seg. Men ei heling handlar ikkje om å grave seg ned og legge på lokket, den handlar om noko litt anna. Derfor syng Showalter «the night was cold and black, but the sun was in my eyes», derfor syng han «keep the light on for me», derfor går han nedover gata med ein Sharon Van Etten song på øyro, «give out, give up, give in – you gotta heal».
I den melodisk vakre og flytande Plymouth endar Showalter opp med å minnast tida då «we were beautiful, broken and young». Ei tid han er midt oppi i opningssporet Goshen 97, der J. Mascis spelar gitar slik vi forventar at J. Mascis skal spele gitar – kvinande, skrikande, harvande, vidunderlig – og songaren syng om då han oppdaga farens gamle bandopptakar – «that’s where the magic began, I was lonely, but I was having fun». Seinare, ein del år seinare, skulle moroa forstumme. «I stopped listening to music, I kept writing the same song» formidlar han frå den tida, i den melodisk vakre og flytande Plymouth.
Han er over det no, han har trua på musikken no. Eg høyrer det. Han har laga ei plate som skimrar og kranglar seg inn i interessesona. Og det er det jo slett ikkje alle plater som gjer.