Det er 2014 og protestsongaren i Sundström prøver å skape litt sunn panikk. 7
Det finst ein song om ein ball på Stefan Sundström sitt sekstande album. Guds Boll. Sundström skjenkar i den samanheng Erik Bye ein takk. Med god grunn. Songen er meir enn sterkt inspirert av Bye-klassikaren Herrens Klinkekuler. Draumen er nesten identisk, Vår Herre er ein liten gut, men i Sundström sin versjon er klinkekulene bytta ut med ein fotball. Guten driv og triksar og leikar Zlatan, han er god, dei andre borna står og måpar, han viser seg fram, han gløymer seg bort eit sekund, og ballen blir borte. Han leitar, og leitar, men finn den ikkje, til slutt går han heim til mamma, «kanske han kunde få en ny om han var snäll». Problemet for oss er sjølvsagt det velkjente; «det va vår egen jord han hade tappat». Og der er vi vel sånn om lag ved essensen av Nu Var Det 2014.
Stefan Sundström har vore innom både dei vanlige, og dei meir uvanlige, tema i den etter kvart gedigne bunken av låtar han har sunge. Han har vore humoristisk, burlesk, svartsynt, håpefull, sint, glad, alvorlig, nennsam, og mykje mykje meir. Denne gongen er han politisk. Denne gongen er han ein protestsongar i ferd med å miste det siste håpet. Han manar oss derfor til å stanse opp, snu oss meir enn eit par grader rundt, og så vandre vidare med ei noko anna innstilling, eit noko anna syn på tingas tilstand, for visst ikkje, ja visst ikkje vil nok livet slik vi kjenner det være ein saga blott.
I forordet (eller det ein i musikksamanheng vel ofte kallar press-release) skisserer Sundström opp likskapar mellom 2014 og 1914 (derav platetittelen). 1914, året då første verdskrig braut laus. Pengar har korrumpert, mykje vil ha meir, for ikkje å seie alt, misunninga regjerer, samhøyret har opphøyrt, hatet blir retta mot dei menneska som slit mest med å halde seg oppreist. Dystre tilstandar. Men det er valår i Sverige, og Sundström avsluttar forordet slik: «Låt supervalåret 2014 handla om att vi ska fan se till att överleva den ruttnande kapitalismens undergång. Och låt oss slippa ännu ett 1914.» Den totale undergangsstemning er dette altså ikkje. Her er eit håp om at noko skal skje, her er eit livsmot.
«Du har missuppfattat oss» kjem det snerrande frå Sundström i første låt. Eg ser ikkje bort i frå at orda kan vera retta mot ein sittande svensk statsminister. Dom Feta Åren Är Förbi syng han harmdirrande litt seinare, mot både statsledar og herr Krøsus. «Vissa mänskor slåss om en möglig bit bröd» uttrykke han det noko meir avmålt i avslutningssporet, «medans andra ägnar sin dag åt att öka antalet nollor på sitt gigantiska saldoutdrag» held han fram, «dom har profiten som sin hjärtmassage». For å seie det forsiktig: Det er ikkje mykje ære dei blir tildelt pengefolka og deira medløparar.
Malena derimot blir ein oppfordra å ta parti med. Kanskje er ho kvinna som i havfrue-mondur manar til motstand og revolusjon på platecoveret? Som stig opp av undergang og syndeflod, med Gud som vantru tilskodar. Heilt sikkert er ho kvinna som ikkje passar inn i samfunnets A4-format, og får svi for det. Vilt og vindskeivt syng Sundström hennar pris. «Dom sa att såren som dom gav till dej Malena, var nåt medfött och att du var onormal, ……, Så välj sida, ta parti nu för Malena, Imorrn kan hennes öde bli till ditt».
Det lengste, og vel kanskje mest sentrale, sporet på plata er Ägaren. Ein song som delvis blir lagt i munnen på den usympatiske, fascistiske kapitalisten («den Nya Ägaren»), men der songaren vel ikkje heilt klarer å la eit slikt menneske få gulpe opp sitt skryt og galle heilt i fred, og derfor plantar eit og anna av eigen munn innimellom. Ein human «Tokdoktor» blir spelt inn som kontrast til fascisten. Av andre rolleinnehavarar, i eit ganske så rikhaldig persongalleri, finn vi også Emil, Alfred og Pippi. Skrålande og burlesk visepunk av det vilt medrivande slaget.
Sonisk og melodisk er ikkje Sundström ute på eit stort endringstokt med denne plata. Han er til å kjenne att på det feltet. Med seg har han imidlertid ein trio som ikkje har spelt med han på plate før. Franska Trion, som består av tre svenskar, på kontrabass, trommer og piano (samt litt synthesizer). Eit snev av noko fransk har det vel kanskje vore over ein og annan Sundström-tone opp igjennom åra, snevet blir naturlig nok ikkje mindre denne gongen.
I tillegg til den nemnte Erik Bye-koplinga er det ei norsk kopling til. Frå Træna, der Sundström har tilbrakt mykje tid (som fiskar) det siste året, kjem Erling Ramskjell, betre kjent som kort og greitt Æ. Sundström har forma hans kanskje aller beste song, Tida E Knapp, i svensk språkdrakt. Og gjer ein inderlig god versjon av den. Sundström deltek forresten også på årets støtteplate til inntekt for eit oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja (Fisken, Havet og Kjærligheta). Ei sak som nok også er ein del av bakgrunnsteppet for den pianoyppige klimakriselåta Om 100 år («Meterologer spår, mammon rår, barnen får skörda det vi inte sår»).
Sundström finn undervegs også plass til ei utopisk vise i god gammal hippietradisjon. Grön Grön Grön, som omfamnar alt frå «småungers skrattande skrik», via blomstrande lier, klimprande vatn, smektande solskinn, til gratis trikkar (men ingen bilar), og ikkje minst folk som har «tid för varandra».
Personlig har eg alltids litt tid til Stefan Sundström. Også den Sundström som rettar knyttneven i været og talar kapitalismen midt imot.