Paynbird – Eschatosophia

Standard

Eit bergensband besøker eit mørke med tonar som varmar meir enn dei tyngjer.

6

cover

Eg høyrer Paynbird, inne i ei sørstatsgotisk sonisk sfære, synge om ein vemodstung lengt etter ei «Coyotee girl». Ein stad der draumar kryssar røyndom, og røyndom kryssar draumar. Eg tenker at refrenget har litt R.E.M. i seg, og at det er ei låt med kraft til å bevege.

Eg høyrer det vært sunge, i Shiny Colors and Beauty Queens, i skinande drøymepopformer, om eit liv som kanskje ikkje fortonar seg heilt slik ein tenker det skulle ha fortona seg. Men der draumen kanskje kan vere til hjelp. Eg tenker at dette er poptonar som kan evne å vinne hjerter.

Eg høyrer dei ty til det norske språket og synge salmen Siste Stundar. Ein song med djupe røter i folkemusikktradisjonen som formulerar ei forsoning med døden. Eg tenker at den slett ikkje er så malplassert.

Det finst ingen grunn til å tvile på at Bergensbandet Paynbird vil noko med dette albumet sitt. Det andre. Debutalbumet The Street of Seven Stars kom tilbake i 2005. I tida i mellom har dei tre i bandet sysla med andre prosjekt (Honeymoon Ruin, Spring Jester, My Misspent Youth).

Eschatosophia strekker seg over 76 minutt, har eit i sonisk målestokk variert utval av låtar, samstundes som det heile har eit ganske så heilskapleg preg. Sjølv omtalar dei sakene som eit noko omfattande konseptalbum. Utan å fortelje kva dette konseptet går ut på. Nett det vil dei vel, prisverdig nok, overlate til lyttaren å finne utav. Så då får vi prøve på det då.

Eg tenker at den før nemnte salmen Siste Stundar ilag med albumets tittel meir enn hintar om kva temaet er. Eschatosophia er så vidt eg kjenner til ikkje eit ord som er tatt opp i noko kjent ordliste. Trioen har med andre ord sannsynlegvis kreert det sjølv. Men ikkje utav ingenting. Eskatologi er læra om dei siste tider. Om dommedagen. Sophia er i gammal jødisk tradisjon namnet på den guddommelige krafta som visdomen spring utifrå. Så då skulle vel Paynbird sitt konsept ikkje vere noko særlig mindre pretensiøst enn å formulere visdomen om apokalypsen? Eller?

Nei, eg skal ikkje mistenke Paynbird for å ha fullt så høgtsvevande tankar om det dei her steller i stand. Eg tenker så absolutt at dette handlar om livet og døden, og smerta imellom. Men eg tenker at det dei formulerer har sitt utspring i velkjente mellommenneskelige tilhøve, og at dei vegrar seg sterkt mot å trekke inn meir luftige idear. Beskrivande i så måte kan kanskje den konkluderande låta i seansen, The Stars Will Fall, vere. Der songaren Kjersti Olsen viser til desse mennene, både «the men of science and men of God», og deira evinnelige snakk om at enden er nær. Men, ynskjer ho å påpeike, enno skin sola, og enno blømer blomane. Så? Kven veit? Ikkje vi?

Det er kvinna i trioen som syng dei fleste låtane. Ho har ei røyst som evnar å skape nærleik og varme. Enten songen heiter All the Well og er ein fengande poplåt, Streetlight Serenade og er ein vakkert tonelagt historie om nattleg lukke, eller den heiter Sign og vuggar nokre tankar om ro og einsemd. Her og der slepp imidlertid ei mannleg røyst til. I før nemnte Siste Stundar, og ikkje minst i den catchy popsaken She’s So Lonely, om ei «lovely girl in a cold and lonely world».

Midtvegs går plata inn i sitt tyngst fordøyelige parti. Ein slags undergangssuite i fire akter og innpå ti minutt. Før og etter dette spreier bandet om seg med melankolskt orienterte låtar som altså kan ha eit poppreg men oftare eit meir dvelande preg. Dei er ikkje aleine her i verda om å gjere nett det, men dei gjer det på ein måte eg tenker kan kallast deira måte. Og det er ein god måte.

Først publisert på Groove.no (i 2013)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s