Parquet Courts – Light Up Gold

Standard

Ein punkpoetisk og postpunkenergisk kvartett frå New York går utålmodig og feiande attraktivt til verks.

8

cover

Assosiasjonar kan vere vanskelige å forklare (og sannsynlegvis endå vanskeligare å forsvare). Ting heng saman, både på dei naturligaste og dei forunderligaste måtar. Eg høyrer ein song og tankane vandrar til ein annan song. Eg høyrer på Stoned and Starving av Parquet Courts, og songar frå tidlegare tider kryssar sporet. Det har noko med groovet å gjere, tenker eg. Først og fremst groovet. Det enkle groovet. Sjølve ur-groovet. Eit slikt eit som finn sitt tempo, og som så går, og går, og går, medan tonar av ulik karakter kravlar, kjælar eller piskar kring det.

– Eg spaserte gjennom Ridgewood Queens, innleiar Andrew Savage. Og groovet går, Det groovet. Der har Pablo Picasso spasert ein gong også, tenker eg. Og jentene kunne ikkje motstå blikket hans, og han blei aldri «called an asshole». I fylgje Jonathan Richman, tenker eg. Og groovet går, Det groovet. Ein gong var Lou Reed der også, tenker eg, og formidla morbide og syndige scener, og eit stadig gjentakande «she’s busy sucking on my ding-dong». Gitarane var primitive, orgelet brutalt, og Moe Tucker slo. Det var Det groovet. «I was so stoned and starving» syng Andrew Savage, og fortel om då han stod der med tåkete syn og funderte over om han skulle velje geléfiskar, rista peanøtter eller ei pakke lakris. Veslebror Max Savage administrerar takten, og ein krakilsk gitarsolo krøllar seg rundt den. Som ein svolten orm på jakt etter godsaker. Det er Det groovet.

Og saman med groovet, Dette groovet, går dei heim, utan napp, for så vidt, både Savage og Richman og Reed, både Parquet Courts, Modern Lovers og Velvet Underground. Og naglar kvar sin meisterlige rock’n roll song fast i det tidlause. Sister Ray, Pablo Picasso og Stoned and Starving. 1968, 1976, 2013, whatever, tenker eg.

Parquet Courts fer ikkje rundt der ingen har ferdast før. Kven gjer no eigentlig det? Parquet Courts har forsynt seg grådig av rå, energisk og primitiv rock’n roll. Den har sett seg i blodomlaupet deira. Debutalbumet Light Up Gold kokar over av den.

Det er inga sjølvsagt sak at Andrew Savage skulle drive å sose rundt borte i Ridgewood Queens. Saman med bror sin og gitarist/songar Austin Brown er han født og oppvaksen djupt nede i Texas. Fjerdemann, bassisten Sean Yeaton, kjem frå Boston. For eit par-tre år sidan reiste dei til New York for å bli eit New York-band. Dei har blitt eit ekte New York-band. I våre dagar held visstnok slike stort sett til borte i Williamsburg, Brooklyn. Då eg var ung var det annleis, då heldt dei til på Lower East Side, Manhattan. Eit bilde dukkar stundom opp på netthinna mi mens Parquet Courts sine tonar rasar gjennom øyregangane mine. Eit bilde av ei inngangsdør, og over den nokre bokstavar, CBGB. Den vidgjetne Lower East Side New York-scena. Parquet Courts kunne ha vore der, i 1978, midt blant The Heartbreakers, Suicide og Television. For slik er lyden av Parquet Courts. Den er lyden av ei fjern ungdomstid. Samstundes har den ikkje fnugg av nostalgi over seg. For først og fremst er den frisk, utålmodig og no.

Den første «utgjevinga» til Parquet Courts var ein mixtape med 24 låtar dei hardnakka hevda hadde inspirert dei. Frå band/artistar ein raskt kan dra kjensel på i kvartetten si soniske åtferd, Sonic Youth, The Fall, Pavement og Dead Kennedys, til nokre ein kanskje ikkje like lett finn att i spora deira, Bob Dylan, Neil Young og Dire Straits. Ikkje så lenge etter dette påfunnet hadde dei ein ny kassett klar. American Specialties var tittelen, og denne gongen var det dei sjølve som var i fokus, med elleve eigne låtar. Rått er vel knapt nok forbokstaven på det den kassetten har å by på. I tillegg til at stoffet er noko skisseprega og ufokusert. Men iherdig framført er det, du verden. Dei beste elementa frå denne kassetten har dei tatt med seg over på den eigentlige debutplata si, raffinert sakene ein del, og presenterer så ei perlerekke av fullendte og eksplosive punklåtar, eller kanskje meir presist postpunk-låtar.

Stoned and Starving er plassert og applaudert. Med sine fem minuttars varigheit, og sine gitarsoloar er den ikkje typisk for plata. Den typiske låta på Light Up Gold varer ifrå eitt til drygt to minutt, har ikkje utprega god tid, gjer det den har intensjonar om å gjere, og slepp så neste til. Men tru ikkje at den neste då er ein likelydande forbundsfelle. På ingen måte. Så godt som samtlige av låtane på plata gjer til kjenne ein eigen identitet. Frå Master of My Craft sin snerrande melodiøsitet og sine aggressive utbrot, av typen: «Ya know Socrates died in the fuckin» gutter». Til Picture of Health sin gitarknurrande powerpop, og ein songar som meddele at han har hamna i gjeld til ein gjeng country crooners. Eller frå Donuts Only si fryktlause gauling om småbyens (heimbyens?) religiøse opportunisme og dobbelmoral, til N Dakota sitt melodisk flytande vesen, inkludert ein tale over aparte tilhøve i grisgrendte strøk: «Feudal beginnings, amber wave looseness, post-Nordic grinning tired and toothless».

Borrowed Time og tittlelkuttet kjempar om tittelen «flottaste refreng». Endelig dom har eg ingen planar om å avseie. Nei då vil eg heller sitere: «It seems these days I’m captive in this borrowed time». Om ein fyr som sitt og drar seg i håret over at tida då alt kom så lett til han ikkje ser ut til å komme tilbake. Eller for å seie det slik: ein fornøyelig dose skrivesperrepunk. Tittelkuttets refreng går fyk ut i lufta og inn i panna med fylgjande ord: «Light up gold was the color of something I was looking for». I ein song som vel handlar om å ønske seg litt fargar tilbake i eit tilvære som har hamna litt på utsida av røyndom og varme.

Songane til Parquet Courts handlar for så vidt om dei essensielle tinga – livet og musikken, motgang og medgang, kjærleik og faenskap. Og har det til felles at dei er gjennomsyra av ein sterk pasjon, og opptrer som ordknappe og konsentrerte medvitsstraumar direkte ifrå subjektets indre. Dei kan kanskje kallast ekspresjonistiske. Alle er dei skapt av eit par fyrar som har gode dosar med både punklyrikk og beatpoesi innabords. Andrew Savage og Austin Brown. Og dei har berre så vidt byrja.

Først publisert på Groove.no (i 2013)

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s