Ein engelsk hedersmann fører sin humane folkpop inn i sentrum av valdelig britisk historie.
7
Grevskapet Essex er å finne like aust for London. Dei siste tre tiåra har det blitt stempla som eit slags Harryland. Tilliks med alle slike stempel treff heller ikkje dette sanninga midt i blinken. Essexfødte Darren Hayman kan ha hatt eit behov for å røske litt opp i omstenda. Han har i alle fall nytta mykje av tida dei siste åra til å lage ein albumtriologi om Essex. Først med plata Pram Town, om liv og levnad i byar som blei bygd opp like i utkanten av London etter andre verdskrig. Deretter med Essex Arms, der heiene og dei meir rurale områda av grevskapet vært omsunge. I år tar han lyttarane med seg tilbake til midten av sekstenhundretalet, ei tid då frykt, mistru og hersketrong dreiv folk og statsmenn til horrible handlingar (ei tid som med andre ord kan minne om ein del andre tider).
På nittitalet var Darren Hayman den bærande krafta i folkpop-bandet Hefner. Ei handfull plater vart det utav det også. Fine plater, dei eg har høyrt. Seinare har han stort sett gjort sine musikalske krumspring under eige namn. Folktonar med ei viss popkjensle har vore gjennomgangsmelodien (ispedd litt elektonica-fakter og instrumentalplater av meir meditativ art). The Violence meislar sitt soniske bilde med for så vidt velkjente Haymanske tonar, milde tonar. Men det er lite som kan seiast å være mildt over det tekstlige innhaldet på plata.
Kongen, Charles I, var under press. Parlamentet rokka ved makta hans. The Long Parliament. Det kom til væpna trefningar. Det braut ut borgarkrig i landet. Folk var oppskaka. Dei svakaste fekk lid, dei som var annleis og ikkje heilt til å forstå. Einsame kvinner, og enker til dømes. Over eit par års tid vart 300 kvinner i Essex og nærliggande område avretta for å drive med hekseri.
Darren Hayman gjer det ikkje til ein resymerande historietime. Han lar aldri fokuset på det historiske faktum legge seg som ein skugge over menneska. På den andre sida lausrive han seg heller ikkje frå dei historiske hendingane. Skildringane er så absolutt henta frå 1645 og der omkring. Enkeltskjebnar, som han har lese seg fram til. Korte skjebnesvangre augeblikk i eit menneskeliv. Han gjer det grufulle synleg.
Hayman ser forbi bøddelen og gjengjer tankane som kan ha jaga gjennom hovudet til den einbeinte Elisabeth Clarke i det løkka blei lagt om halsen hennar. » Who’s going to dig my grave? Who’s going to wash the dirt away? Who’s going to feed my dog? I’ve got no king, I’ve got no wedding ring, I’ve got no hope, I’ve got no beautiful little baby of my own». I ein annan song, som han bygger opp som ei blanding av ei kjærleikserklæring og eit klagemål grunnar han over kva som skjedde med Rebecca West. Ei kvinne som rykta fortel laug og forråda for å redde sitt eige skinn. Ei mystisk kvinne som smaug «through the gap in the historybook». Ei fortapt kvinne, ei elska kvinne. Andre kan være vanskeligare å elske. Hayman lar også slike komme til orde. Heksejegerane for eksempel. «We are not evil» er deira mantra, «we can hear the harpies sleeping with the demons» er deira rettferdiggjering. Og låta har eit monotont buktande groove, som for å understreke dei lumske tankane bakom utsegna.
Men tonane sitt overordna vesen er altså av det humane slaget. Ja innimellom er låtane endåtil det ein vel kan driste seg til å kalle fengande. Som popsongen Impossible Times, der Hayman tar for seg det ikkje spesielt oppløftande temaet at folk til ei kvar tid kan ha ein tendens til å sjå på si eiga tid som sjølve undergangstida. Eit iøyrefallande vesen har også tributten til den modige spionen Parliament Joan. Songen om avrettinga av kongen, Kill the King, kjem på si side som ein saktmodig vals med trekkspel og håp om harmoni. Medan tittellåta høyrer til blant viser som er på randen av eit lite samanbrot.
Eg synst kontrastane gjer seg eg. Kontrastane mellom det dystre og det milde. Eg synst Darren Hayman finn balansepunktet. Og så synst eg han har laga songar som både er 1645 og 2012, og fleire andre tider. Slik pålitelige låtsmedar oftast gjer det.
Først publisert på Groove.no (i 2012)