Woods – Bent Beyond

Standard

Skogsbandet frå Brooklyn skrur opp lyden litt, fokuserer låtane litt meir, og leverer sitt beste album.

8

cover

Det er ikkje gitarsoloar som dominerar den nye plata til Woods. 12 låtar på 32 minutt seier vel sitt om at så ikkje kan være tilfelle. Men det finst i alle fall ein her, og den er alvorlig god. Den gjer seg til kjenne 1 minutt og 27 sekundar inn i tittellåta. Midt inne i eit groove som for lengst har etablert si suggererande form. Like etter at Jeremy Earl, med falsettrøysta, har forkynt, for tredje gong «just to see, just to know, just to bend beyond the light». Gitarsoloen lystrar. Døypt i eit kaleidoskopisk sollys svingar den seg inn på ein veg bortanfor dei opplyste soner. Der forsyner den seg av mørket, skiftar ham, drikk ein slurk med slangegift, kler seg om, og dansar med Salome, syndig som ei laurdagsnatt i helvete. Det er syrerock det, slik eg ikkje kan minnast Woods har gjort det før. 

Eg har fått med meg eit par Woods plater dei siste åra. At Echo Lake og Sun and Shade. To plater med, i all hovudsak, skakk, lo-fi psykedelisk folkrock. Dei har varma og skurra, og tatt pulsen på både lykke og smerte. To gode plater. Spontane, kanskje litt flyktige, ja kanskje litt uferdige til og med. Slike eg har arkivert like bakom den fremre del av hukommelsen. 

Så, eg har ikkje gått rundt og venta på den nye plata til Woods. Sant og seie var eg ikkje klar over at den var her, før ein songfugl kvitra nokre ord om at sansane burde skjerpast. Woods si nye plate hadde landa på ein tallerken like ved, og den forsynte øyregangane med særs attraktive tonar. Slike utspel må sjølvsagt lyttast til. Så eg har lytta på Bend Beyond. Det har vist seg vanskelig å slutte med. 

Den har meir substans, Bend Beyond, enn tidlegare Woods-framstøyt. Verkar å være meir gjennomarbeida. Ikkje like mykje tatt på hælen. Sjølv om dei kortaste låtane ikkje ein gong når ei lengd på to minutt, er dei alle fullendte. Slik det altså ikkje alltid har vore før. 

Før, når dei to som i første rekke utgjer Woods, Jeremy Earl med falsettrøysta, og gitaren, og etc, og Jarvis Taveniere med gitaren, og trommestikkene, og etc, har oppsøkt sitt Rear House, og spelt inn sine plater. Det har blitt nokre etter kvart. Bend Beyond er deira sjette sidan debuten i 2007. 

Eg trur ikkje eg tar styggelig feil når eg hevdar at Bend Beyond er driven av meir elektrisitet enn noko anna Woods-album. Og minst like mykje psykedelia. Slik vi kjenner den frå det myteomspunne sekstitalet. Og pop. Frå det same tiåret. Støtta opp mot den vindskeive og heimelaga estetikken til våre dagars uavhengige. 

Det dunkle frå tittelsporet blir for så vidt med vidare innover på plata. Også når bandet presenterar sitt mest catchy stykke pop til dags dato. Is It Honest? lyde spørsmålet då. «You’d dream we’d move closer to sunsets» svarar refrenget, «but it’s so fucking hard to see». Låta manøvrerar seg ikkje bortanfor lyset, men alt er ikkje like fengande som det melodien insisterer på. Ei otte ligg og gneg. Her, og der. I den haustlige folkpopsaken Cali In A Cup syng Earl om ein «weekend shower with flowers from their grave». Medan det i den orgel- og gitarskrikande Find Them Empty vært snakka om å minnast løgna, «a normal reaction to a changing time». 

I den vakre visa It Ain’t Easy er dei på utkikk etter ulike måtar å få ting til å være som dei er. Back To the Stone høyrest ut som ein song som alltid har vore der, med eit refreng som alltid vil kjennast like friskt. Ein liten, men ikkje unnselig, gitarsolo kjem til skrikande unnsetning i giftbegeret Size Meets the Sound. Impossible Sky driv frå sitt stakkato verseparti og inn i eit fargerikt blomstrande refreng der songaren syng «it’s not our time, it’s horrible, I’m awake». Før dei avsluttar med litt enkel Shins-slekta pop kalla Something Surreal, høvelig nok, og drøymer opp ein himmel spegla av natta. 

Eg skal ikkje skryte på Woods stor originalitet, og slike ting. Det har dei ikkje gjort seg fortent til. Men det er noko med så godt som alle låtane på Bend Beyond. Noko som talar til meg. Av melodiske årsaker, av finurlige årsaker, av energiske årsaker, av uklare årsaker. Og sjølv om dei kan plasserast i dette psych/pop/folk-segmentet, er det ikkje med eit einsarta uttrykk dei blir plassert der. Bend Beyond er ei variert plate, og i grunn ei litt uforklarlig god ei. 

Først publisert på Groove.no (i 2012)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s