Laura Marling – A Creature I Don’t Know

Standard

Ho er ung, men ikkje født i går, og har eit melodisk og poetisk tilslag som går heilt heim.

8

cover

Det er sant at Laura Marling eig ein akustisk gitar, eller to eller tre eller fleire. Det er sant at ho er engelsk, vever, blond og bleik i huda, ja nesten gjennomsiktig. Det er sant at ho er ung. Det er ikkje sant at ho er ei ordinær introspektiv og skjør ungjente med gitaren tett til brystet og lyriske utdrag frå dagboka på programmet. Hennar ambisjonar rekk vidare, og hennar modning har nådd lenger, enn som så.

Alder er berre eit tal, har nokon ein gong hevda. Ein høgst diskutabel påstand vil sikkert fleire enn meg påpeike. Når eg høyrer på Laura Marling tar eg likevel til å undrast over om det stundom kan vere noko i det. Hennar formuleringar har eit vaksnare preg enn det fødselsdatoen hennar skulle tilseie. Kor kjem dei i frå? Formuleringane, og denne tilsynelatande innsikta hennar. Kan det verkelig vere røyndommen som har ført det over henne? Eller har ho henta det anna stads ifrå? Ho har lest har eg notert meg, store romanar, filosofar og mytologiske førestellingar. Ho har lytta har eg forstått, sidan ho var veldig ung, til foreldra sine plater, av Joni Mitchell, Bob Dylan, Leonard Cohen, Sandy Denny, og den slags. Ho har levd, vel, i 21 år.

Dei siste fem åra har ho levd og anda blant musikarar i London (Jamie T, Mumford & Sons, Noah and The Whale). Menneske med ei liknande interesse for å skape songar i eit divergerande folkuttrykk. Ho har vore bandmedlem, musiserande samarbeidspartnar, og endåtil kjærast med eit par av dei. Sin eigen solokarriere fekk ho tidleg i gang. 18 år gammal hadde ho debutalbumet sitt, Alas I Cannot Swim, ferdig. Eit album som ber på ein lovnad meir enn det spring ut i full flor. Unge Marling blir kanskje litt i meste laget ei engelsk Joni Mitchell til at så skjer der. To år seinare skjer det.

I Speak Because I Can heiter album nummer to. På dagsorden står ein melodiskarp osmose av engelsk folktradisjon og amerikansk ditto. Og ho syng fordi ho kan, med ei noko myndigare røyst enn to år tidlegare, og har laga songar fordi ho kan, og overtyder veldig fordi ho er, Laura Marling. I eit semiakustisk men rikare og meir nyansert bilde enn på debuten, med produsenthjelp brakt inn frå Amerika (Ethan Johns). Høgdepunkta er fleire, Rambling Man, Devil’s Spoke og Goodbye England dei største. Tema er ikkje ukjent: Kjærleik, sakn, og slikt. Men då nødvendigvis ikkje brakt inn frå ein komplett vonbroten og ubotelig svikta sin synsvinkel. For kvinnene ho plasserer i hovudrollene har viljen til å velje, lysten til å elske, og evna til å ri stormar av dei. Det er liknande eigenskapar å spore hos kvinnene på årets album også, men her er dei nok hamna i meir utfordrande situasjonar og er kringsett av meir ustabile føresetningar.

Laura Marling virka, som sagt, vaksnare enn sin eigen alder allereie frå byrjinga av, og modninga har ikkje akkurat gått langsammare enn kalenderen sidan dess. A Creature I Don’t Know er ei plate skapt av ei kvinne med ei tydelig stemme. Ei som har sin eigen retning på det ho gjer. Ei som skapar songar ut frå sitt eige indre. Ikkje sjølvutleverande og hudlause songar, men songar der ho med nøye avmålt distanse til det personlige og private ser seg som menneske, som kvinne, på den store, gåtefulle og krevjande scena kalla tilværet.

Eit menneske, ei kvinne, som går i strid mot det som herjar med henne innvendig, og mot det som truar og lokkar utan ifrå. Ei kvinne som helst vil det gode, men som rett som det er gjer det usle. Som sloss mot konsekvensane, men slett ikkje alltid landar der ho skulle ha landa. Som ropar på Sophia, «the godess of power», og endar opp med The Beast som sengekamerat. Som veit koss det kjennest, og veit det ikkje er riktig, berre så altfor verkelig.

Den elektriske gitar har aldri før gjort seg særlig gjeldande på ei Laura Marling-plate. Den gjer det denne gongen. Når ho går i nærkamp med The Beast. Ein seks minuttar lang kamp der eit tiltakande elektrisk regn høljar nedover songaren, og gnistrande flammar kryp opp langs leggene hennar. Like forbanna står ho stødig, hevar ikkje stemma, snerrar berre subtilt, mot farar, mot fordommar, mot åtvaringar. Og lar det regne, lar det gnistre. For «tonight I choose the beast .. tonight he lies with me».

Beistet, eller djevelen om du vil, blir introdusert allereie i første song, den jazzikt swingande The Muse. Men her er det songaren som har beistet i seg. Slik vekslar det utover plata, snart er utysket her, snart der, men aldri heilt borte. Sophia er motparten. Sofia, den kvinnelige guddommen i gammal jødisk folketru. Visdommen og styrken sin gudinne. Med namn blir ho første gong presentert i The Beast. Ein song som ber hennar namn kjem mot slutten av albumet, men også hennar skikkelse gjer seg tilkjenne i ulik grad rundt omkring på plata. Ikkje minst i Salinas, det andre nummeret der den elektriske gitaren grev seg fram og ned. Ned i amerikanske sørstatstilstandar. Ned og vestover dit forfattaren John Steinbeck vart fødd for over 100 år sidan. Nede i Salinas «where the women go forever, and they never ever stop to ask», der «my mother was a saviour, of six foot of bad behaviour». Ei grom affære der djevelen luskar i nabolaget, men framfor alt gudinna viser styrke.

«Now Sophia, I’m wounded by dust» syng Marling seinare, i songen som ber Sophia sitt namn. Sliten og angrande, men uvillig til å krype, vender ei kvinne tilbake. Berre Sophia får sjå henne knele, og kan høyre hennar bøn. Noko som skjer til tonar i eit utviklande melodisk dynamisk fellesskap som omfamnar både det sakrale, det svevande og det folkgroovy. Lys og skygge i klangfull praksis. Slikt som også My Friends har meir enn eit snev av. Denne jagande men også grasiøse affæra, denne melodiske og tempovekslande, enkle og intrikate, fleirstemte og uimotståelige songen. Meir einstonig, frå ei nedstemt side opptrer Marling i Night After Night, og legg seg inntil ein gammal Cohensong. Medan ho flørtar med det begersvingande og allsongtirrande i avsluttande All My Rage. Og spør «is this the devil having fun?», og svarar ordlaust men talande nok «I’d tip my cap to the raging sun».

A Creature I Don’t Know er eit album av 10 songar som alle høyrer til der. Høyrer til på den plassen dei har fått tildelt. Gjer si teneste på ulikt vis. Nokre meir glødande enn andre, men ingen fer forbi utan å sette spor etter seg.

Det kjem i grunn ikkje flust av slike plater no til dags.

Først publisert på Groove.no (i 2011)

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s