Rabiat, amoralsk og rotekte rock’n roll, frå den britiske hovudstaden.
5
Ein treng ikkje heite Jack White eller Noel Gallagher for å forstå at The Jim Jones Revue er ein heit konsertbillett. Eg meinar, eg høyrer det eg også. Frå plata. Denne plata, Burning Your House Down, deira andre plate. Eg høyrer at det ligg ei elektrisk utblåsing i lufta, eit visuelt frontalangrep. Slikt som treng ei scene og eit villig publikum for full materialisering. Ei plate blir berre ein halv fest. Men det er då ein slags fest det også.
Med volumknappen skrudd opp til elleve og bremsesystemet i ulage styrtar banden utav høgtalaren, og byr på ein halvtime primitiv rock’n roll. Av det slaget som nyttar dei eldste grepa i boka. Dei opprinnelige grepa, og tonane, dei som var fundamentet til femtitalets Little Richard, og som har tent gnisten i våre dagars Grinderman.
Det er tre år sidan den London-baserte kvintetten til Jim Jones ramla opp i denne ur-rock gryta, og sidan har skapt såpass til røre at den eine celebre rockaren etter den andre har søkt om passasje via vip-inngangen for å oververe attraksjonen. Inntil ein liknande sjanse skulle by seg lyt eg altså nøye meg med cd-utgåva av opplegget deira.
Det eksplosive og høgenergiske er på ingen måte fråverande i slik ei form heller. Det er der i den brutalt swingande Great-Balls-Of-Fire-i-eit-MC5-grep-saken Premeditated. Det er der når dei går Tom Waits på klingen i det hemntørstige tittelsporet. Det er der i det glødande oppgjeret med musikkens utsugarar og forståsegpåarar titulert Killin» Spree. Og det er der i den frådande screaming-blues saken Righteous Wrong.
Han har ei røyst av den avgjort merkbare sorten denne Jim Jones. Ikkje ei for skjønnsong og varlege tilstellingar, den verkar vere vaska i for mykje whiskey til det. Rupert Orton spelar sin elektriske gitar med ein såpass utstrakt villskap at det nok fører han nærare James Williamson enn Chuck Berry. Medan Elliott Mortimer er ein boogie-woogie pianist i direkte kontakt med ånda etter Jerry Lee og Little Richard.
Jim Sclavunos har produsert. Dei innvidde skulle vel dra kjensel på det namnet frå vaskeseiddelen til band som The Cramps, Sonic Youth og Nick Cave & The Bad Seeds. Noko som også seier sitt om kva retning banden dreg sin rock’n roll. Mot ein stad der dei grumsete tonar får selskap av dei ikkje akkurat reinaste av tankar. Ein stad der undergangen er eit levande alternativ, hemnen mindre enn ei fyrstikk unna, og sjåvinismen eit herskande instinkt. Ein stad der songaren med ei slesk grimase i fjeset ytrar saker som «come closer my dear, almost taste you from here».
Men likevel, som sagt, berre ein halv fest. For det finst låtar som ikkje heilt maktar vitalisere sitt indre vesen. Om dei har eit slikt eit då. Låtar som blir litt handlingstomme. Frå ei scene derimot har eg denne mistanken om at også desse hadde blitt full punk, blues og rock’n roll.
Først publisert på Groove.no (i 2010)