Okkervil River – The Stand Ins

Standard

Fleire songar frå den inspirerte seansen som The Stage Names først sprang ut av.

8

cover

Det er ei kjensgjerning at musikarar kan ha hovudet, skrivebordskuffa eller taperullane fulle av stoff dei av ulike årsaker held unna ei offisiell albumutgjeving. B-sider, og seinare oppsamlingsheat av slikt materiale stadfestar som oftast at det var ei fornuftig avgjerd. Men som alltid, det finst unntak. Seansar der så mykje bra har svirra i lufta, at det absolutt ikkje hadde sett noko dempar på opplevinga om meir hadde fått plass på det endelege resultatet. Dei to siste gongene Austinbanden Okkervil River har vore i studio har dette vore tilfelle.

Kort tid etter at albumet Black Sheep Boy var blitt sendt ut til folket gjekk det opp for bandet at her var det meir. Ei lita handfull med låtar til som absolutt burde få komme fram i lyset. Og ganske så riktig, det viste seg raskt at innhaldet på vedhenget Black Sheep Boy Appendix ikkje stod tilbake for det som var å finne på sjølve albumet.

Då Will Sheff og hans medsamansvorne dreiv og spelte inn det som skulle bli The Stage Names var det mange låtar i lufta. Så mange at Sheff på eit tidspunkt fabulerte om eit dobbeltalbum. Det vart det ikkje, men i staden eit gnistrande ni-låtars opus om medaljen og rampelyset sine ulike sider.

Allereie på utgjevingstidspunktet av The Stage Names visste Sheff at mykje av stoffet han ikkje hadde gjeve plass her måtte få sin plass det også, ein annan stad. Men ein Appendix skulle denne gongen vise seg å ikkje vere nok. Derfor, eit album til. Ein del to. Ein svirebror. Ein litt meir svartsynt slektning, men definitivt ein slektning. Ein slektning som kjem opp frå under scenegolvet for å rette lyset mot både dei scenevante og dei som aldri vart til noko særskilt.

Påkjenningane ved å vere berømt og ettertrakta, strevet etter å bli det, og den evige kampen det er å få mellommenneskelige interaksjonar til å fungere er The Stand Ins sine sentrale tema. Ikkje så heilt ulikt det ein fant både i kulissane og i spotlysa på The Stage Names. Men som sagt, med ein liten tanke mørkare undertone. Utan at poptonen Okkervil River for alvor omfamna for eitt år sidan er borte. Slett ikkje, her fleire tilfelle av spretten, Motown-eggande og rakt fram uimotståelige pop blant dei 11 spora på The Stand Ins også.

Sentralt plassert dukkar den heseblesande og medrivande Pop Lie opp. «Sweetly sung and succinctly stated, words and music he calculated to make you sing along» syng Sheff i den første linja. Og legg grunnlaget for ein liten intrikat rakkar, der musikaren, lyttaren, kjærleiken, løgnene, draumane og sanninga møter kvarandre på kryss og tvers, før bandet dempar seg og songaren konkluderer: «this is respectfully dedicated to the woman who concentrated all of her love to find that she had wasted it on the liar who lied in this song».

Og løgner kan det godt vere at Sheff fortel ved fleire høve her. Steikande godt fortalte løgner (og for den saks skyld steikande godt fortalte sanningar, eller draumar, der det måtte vere tilfelle). Ikkje tydelige og lett handterlige, men dulgte, snedige og symboliserande, og med avgjorte poetiske kvalitetar.

Den maritime språkdrakta som kler opp spretne og litt Magnetic Fields-slekta Lost Coastlines er meint å fortelje om utfordringa det er å halde eit band saman. Dei er ikkje så små; «every night finds us rocking and rolling on waves wild and white, where we have lost our way, but no one will say it outright». Ironisk nok syng nyleg abdisert Okkervil-medlem Jonathan Meiburg duett med Sheff på denne. Utan at det på noko vis er med å gjere den til eit mindre attraktivt høgdepunkt. Snarare tvert om.

Eit anna høgdepunkt er intense Blue Tulip. Ei låt eg tolkar å handle om ein fan sitt kjærleiksfulle tilhøve til sitt idol; «I’ve got my ear against the screen, I feel your feelings crackling through every inch of me». Den startar akustisk og varleg, lik mang ei låt på albumet, men buktar seg inn i eit crescendo som endar opp i gnistrande høgelektrisk former.

Med Starry Stairs presenterer dei del 2 av den tragiske historia om den avlidne pornoskodespelaren, påbyrja i varlege Savannah Smiles på The Stage Names. Starry Stairs er med sine blåsarparti og sitt ekspanderande uttrykk forma i eit meir popdynamisk mønster enn sitt føregåande kapittel.

Sjølv om Singer Songwriter er tufta på vinnande countryfolktonar eg føler å ha vore borte i før kan eg ikkje finne ein direkte føregjengar til den i Okkervil-katalogen. Drar eg derimot ei linje i retning av den ikkje heilt ukjente trubaduren Bob Dylan meiner eg å finne noko. For er det ikkje Dylanske trekk over måten Sheff går til åtak på songen sin hovudperson på? Ei kvinne, trur eg. «I heard cuts by the Kinks on your speakers. I saw Poe and Artaud on your shelves, while The Last Laugh’s first scene, on your flat panel screen, lit Chanel that you wrapped around yourself» snerrar Sheff. Men kan jo ikkje gjere anna enn å erkjenne at dama har smak. Før han syrlig legg til; «what a waste that that’s all that you have». Spegl denne mot Like a Rolling Stone og eit par andre av Dylan sine beiskare saker og du vil sikkert sjå visse kongruente linjer du også.

Visse kongruente linjer er det vel også mellom avslutningsspora til The Stand Ins og The Stage Names. Ved førre korsveg fekk vi høyre om skjebnen til diktaren John Barryman. Ei ganske så ublid og tragisk ei. Denne gongen byr Sheff og hans gjeng på Bruce Wayne Campbell Interviewed On the Roof Of the Chelsea Hotel, 1979. Ja så heiter den. Og sjølv om han ynskjer seg tilbake til sitt tidlegare liv, er det ikkje ei historie farga av suksess og lykke denne Campbell fortel. Han kalla seg nokre år tidlegare Jobriath, og vart av plateselskapet sitt, Elektra, marknadsført med store ord, større plakatar, og eit busslass av dollar, som den kommande glamrock-stjerna. Den første plata hans selde elendig. Den andre plata hans endå dårlegare. Ei tredje plate vart det aldri noko av. Han måtte ta til takke med å synge andre sine songar om att og om att i alt anna enn fancy barar. Før han anda ut, fattig, illusjonslaus og AIDS-sjuk fire år etter intervjuet Sheff viser til. Sheff si respektfulle skildring er nennsamt strykar- og blåsardrapert, litt folksy, ørlite psykedelisk og veldig vakker.

Så nei, ein kjem ikkje utanom Okkervil River i år heller.

Først publisert på Groove.no (i 2008)

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s