Omar Østli – Ingens Mann

Standard

Ein trubadur frå Halden med americana i blodet. Har vi høyrt det før?

4

cover

«Jeg er opptatt av å skrive tekster uten heltedåder,» uttalar countryvisepop-songaren Omar Østli i presseskrivet til sin solodebut.

Vel, kven er no eigentlig ikkje det, er den første tanken min. Frå Hank Williams via Townes Van Zandt til Ryan Adams. Det har vel ikkje akkurat vore skildringar av heltedådar som har stått sterkast i fokus. Med andre ord, han glir inn i ein tradisjon mange har forsøkt seg i før, med vekslande hell. Innhaldet på Ingens Mann tyder på at Omar Østli neppe er eit namn for dei øvste divisjonane i denne leiken.

Som ein god del andre med eit liknande ærend kjem han frå det sydaustre hjørnet av vårt land. Nærare lokalisert, Halden. Her har han spelt, og spelar, i fleire av dei lokale norskamerikanske tiltaka. Der countrygospel-banden Onkel Tuka vel må reknast som det mest kjente. Ja, også har han sjølvsagt spelt saman med, og høyrt mykje på, Henning Kvitnes. Det har ikkje gått upåverka forbi.

Plata er spelt inn utan fiksfakseri, og ganske så live, i det lokale Athletic Sound studioet. Og han har ikkje reist langt utafor bygrensene i jakta på medspelarar. Av desse er det nok Freddy Holm (Corazón) og hans friske strengearbeid (frå såvel dobro og banjo som steel-gitar) som gjer mest utav seg.

Eg har nemnt Kvitnes som ein referanse, ein annan kan vere Magnus Grønneberg, og ein tredje labelkamerat Roy Lønhøiden. Spesielt i forhold til sistnemnte viser nok Omar Østli seg å vere ein lettvektar. Den melodiske substansen i låtane hans er svakare. I motsetnad til kva karen frå Finnskogen presterer, føler eg heller ikkje at Østli kjem innunder huda på folka han skildrar, eller at han klarer å plassere dei i situasjonar som fører til så veldig mykje meir enn eit skuldertrekk.

Det er dei rotlause, rastlause, heimlause og hjelpelause Omar syng om. Fridomsøkarar som har fått erfare sanninga i Kris Kristoffersen sine berømte ord; «freedom’s just another word for nothing left to lose». Ein sjølvdestruktiv alkoholikar i den nennsame piano-balladen Svanesang, den angrande syndaren på City Central Pensjonat, «en rådvill beiler» på Ville Veier, eller ein sjølvmotseiande Gangster.

Strengedrivet er på sitt friskaste i tittelkuttet. Eit trekkspel gjer positive ting for Gatelangs. Og eit lite steg utafor si valte rute tar Østli når han miksar litt tangostemning og nokre tonar frå deLillos sin Hjernen er Alene inn i Langt Hjemmefra. Men helst går han langs trygge og oppgåtte stiar, og der set han i grunn ingen særprega spor etter seg.

Først publisert på Groove.no (i 2007)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s