Bergen Mandolinband – Lang Veg Til Tysvær

Standard

Med gamle tonar og eit friskt sinn lar dei mandolinane regjere og pretensjonane fallere.

6

cover

På sitt sjette album gjer Bergen Mandolinband det for første gong med norske tekstar. Noko som vel neppe kan karakteriserast som særlig mindre enn ein god idé. Friskt, vemodig og oppriktig syng dei om livet slik det ofte kan utarte seg, her vest. Og sannsynlegvis veldig mange andre stader også.

Dei prøver aldri å vere moderne eller korrekte. Dei er aldri i nærleiken av å vere vanskelige. For dette er enkle tonar. Enkle tonar henta frå eldre tider. Frå tida før Hank Williams gav uttrykk for si tvil om å komme seg utav denne verda i live (og fekk så altfor rett). Pre-country, eller old-time som det vel og vert kalla. Ein symbiose av folkemusikken som kom til Amerika. Også frå nordiske skogar og bygder. Det er heilakustisk, det er melodiøst, og trustappa av kjensler og sveitte tokter.

Bandnamnet skulle tyde på at dei held til i den vestlandske hovudstad. Det gjorde dei også den gongen dei starta opp. Sidan har fire av fem bandmedlemmer flytta til Oslo. Men sine barnesko trødde dei i bygder rundt Haugesund. Og skal vi driste oss til å lese noko utav platetittelen, Lang Veg Til Tysvær, ja så er det kanskje eit snev av heimlengsel å spore her.

Lengsel er det i alle fall mange, både vage og tydelege, spor av på plata. Lengsel etter dama ein aldri fekk. Humoristisk og lettleg fortalt i det feiande opningssporet Bakaren Amanda. Framført i vemodstung valsetakt i den ikkje så reint lite vakre Grønn Står Syrinen. Eller i up-tempo og dugande sentimentalt forma vendingar i Søvnlaus & Full; «Ein veg går til elva og ein veg til byn, men vegen til deg er borte vekk».

Alt medan mandolinane klynkar og beinflyr på ledug vis. Kompet går, fela stryk kvasst, trekkspelet er finstemt og eit trøorgel lurer seg med. Fleire av mandolinbandens medlemmer trør til i malmfull harmonisang, og får, ved dei fleste høve, yndefullt fylgje av to innhyra kvinner (Anne Lise Frøkedal (Harrys Gym) og Helga Gunnes (Trio Søt)).

«Legg dokker ned, og drøm om vind og vêr, i nattas kler, morgondagens lydar skal kle av oss» lyde det i harmonifull skapnad i Mandolinane Er Trygge, den finaste godnatt songen på denne sida av So Ro Lillemann. Minst like fint, og like harmonisterkt, er det avsluttande oppbrotssporet Starten På Noe Nytt; «Å kjør meg langt vekk frå denna byen der eg blei født».

Innimellom desse historiene om folk som ikkje heilt har fått til dette med kjærleiken, dukkar det også opp arbeidsmenn og røvarar. Førstnemnte i den tradisjonelle bluegrass-gospelen om industrialismens inntog, Sand & Stein. Medan tjuvradden i Flukt kjem køyrande ned frå Haukelifjell og lurer seg innom døra til ei kvinne før den usikre ferda går vidare.

La meg seie det slik: Det er beint fram ikkje kvar dag at melankolien og sentimentaliteten kjem drivande i like friske former som når Bergen Mandolinband strammar strengene og sender det meste som minner om pretensjonar åt pises.

Først publisert på Groove.no (i 2008)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s