Ei noko oksygenfattig og strevsam Villalobos-utgjeving denne gongen.
Musikk treng luft. Det hender at den trongen ikkje alltid blir gått nok stetta. På Gina Villalobos si nyaste plate har tonane ein lei tendens til å ende opp i luftskrinne sfærar. Når så i tillegg det melodiske grunnlaget litt for ofte er i mattaste laget, ja då blir nok dette ein liten nedtur i forhold til vitaliteten som prega mange av spora på Rock’n Roll Pony frå 2005.
Det er framleis countryrock med trykk på rock som er Gina Villalobos sin musikalske plattform. Ein kan her og der trekke ein tråd mot Lucinda Williams sine meir el-gitar regjerte og ståkande stunder. Sjølv om ei slik samanlikning nok blir vel flatterande for Gina, i alle fall i Miles Away-samanheng. Så kanskje det i referanse-føremål er meir korrekt å trekke fram nyare og litt lettare artistar som Kasey Chambers og Oh Susanna? Ikkje heilt, det er noko meir grumsete og pågåande over Villalobos. Av og til kan ho, med si håse røyst, minne meg om ein kvinnelig ekvivalent til Patterson Hood i Drive-By Truckers, sjølv om ho nok styrer rundt i eit atskilleg mindre interessant farvatn her. Så då endar vi vel opp hos Jesse Malin, då?
Ho har reist mykje siste året. I tillegg til at ho har turnert heimlandet frå California til New Jersey, har ho vitja både Europa og Australia. Tittelen, Miles Away, seier sitt. Låtane er skrivne med dei tomme veggene på billige hotell som einaste tilskodarar. Og det er langt meir smerte enn glamour som kjem til uttrykk i dei ti spora. Ja, her er faktisk mange små dugande rapportar om gnagande lengsler og nedslåtte blikk. Det er ikkje der det haltar. Ikkje i tittelkuttet heller, der er glødeprosenten i tonane såpass kraftig at sjølv ikkje eit noko for strevsamt sluttparti maktar å ta knekken på den. Endå betre ifrå det kjem Gina i Face on the Sheets. Livet er svartare enn grått, einsemda massiv og medisineringa tung, men du verden så vitalt eit refreng: «Come on baby… I heard you had to sell your sheets again», Anne McCue korar, og det er berre flott. Kvifor er det ikkje åtte til av det slaget?
Ja, kvifor er det ikkje det. Kvifor blir dei fleste av dei resterande låtane enten spent bein under før dei når satspunktet eller forsøkt strupa midtvegs i svevet? Kanskje Gina veit, eg veit ikkje. Det eg veit er at det blir ikkje eit bra svev utav slikt, og slett ingen vakker landing. Det blir strevsamt og masete, og tonane hiv etter pusten før dei går pladask i bakken og mister siste rest. Don’t Let Go, Don’t Defeat Me eller If I Can’t Have You. Den siste er forresten ei låt Gibb-brørne skreiv ein gong i tida. Den er ganske fin i eitt minutt, men er det nok?
Ein eller annan stad i denne produksjonen sette dynamikk-knappen seg fast, eller kanskje Gina sin glødande intensitet tok overhand. Og endå verre, ved fleire høve enn sunt er minnar ho om Bonnie Tyler. «Somebody save me» syng ho heilt til slutt.
3/10
Først publisert på Groove.no (i 2006)