Det funklande Nashville-kollektivet leitar i fortida og finn ein del låtar som kanskje ikkje så altfor mange har fått med seg.
Med ein av dei beste albumtitlane på denne sida av Shivaree sin I Oughta Give You a Shot in the Head For Making Me Live In This Dump som innfallsport, samlar Lambchop i hop ein del utanom-albumstoff frå nittitalet. Hovudtyngda er låtar som berre vart gitt ut som singlar, i tillegg er det nokre alternative versjonar av albumspor og ei låt som aldri har vore ute og spasert før.
Med tanke på at bandet har snudd litt opp ned på førestellingane om kva slags tonar som kan komme trillande frå countryhovudstaden Nashville blir jo ei erklæring som The Decline of the Country & Western Civilization ein ganske så underfundig fulltreffar. Den er ikkje det einaste som råkar sentrum her. Sjølvsagt ikkje, det er jo eit av dei siste tiåra sine beste band som er ute på tokt i eigen bakgard.
Lambchop har heilt sidan starten i 1993 drive og sysla med mellom-albumske aktivitetar. Når ein høyrer Kurt Wagner på beste crooner-vis dementere alle rykte om røykekutt i den røykfylte Cigarettiquette («I’m smoking, I’m smoking again»), eller i soul-slentrande og lett jazzig humør syng om tvilsame plenfestar i Alumni Lawn, får vi samstundes servert prov for at desse aktivitetane til tider har resultert i like fruktbare saker som det meir albumfokuserte virket deira.
Ved andre høve, som i det snodige og retningslause instrumentalnummeret Two Kittens Don’t Make a Puppy, gitar-røffe men ståkete Nine, melodifattige Playboy the Shit og den sånn-for-moro-skyld-aktige versjonen av Costello-låta Beyond Belief får vi vel meir prov på det motsette.
Her er tre spor (Your Life as a Sequel, Smuckers og The Scary Caroler) som i litt andre former var med å pryda meisterverket How I Quit Smoking. Alle med det tilfelles at dei er eit noko mindre raffinert og litt svakare speglbilete av Smoking-versjonen. Dei har alle meir lyd og litt høgare tempo (særlig Smuckers), men også litt mindre nerve. Nerve så det held har derimot Soaky in the Pooper (den kanskje beste låta på debutalbumet deira). Ein nennsam, strykarvakker og akk så tragisk historie om einsemd og sjølvmord; «all the mourners travelled in one car, they remembered he had said, you’re never lonely when you’re dead».
Vel verdt å få med seg er også den klokkespel-dominerte og lakoniske Moody Fuckers, sonisk drivande Scared Out of My Shoes og country-sofistikerte Whitey med Deanna Varagona i finfin harmonisong. Eg lurer likevel på om ikkje clouet på dette albumet er den tidlegare uutgjevne The Gettysburg Address. Ein lengtande sår og uendelig vakker sjelesmygar. Lagt i eit lyd-lende som ikkje hadde vore utilpass på Is a Woman. Og så bra er den at den lett hadde trona blant høgdepunkta der. Eit aldri så lite mysterium at Lambchop ikkje har funne det på sin plass å gje den ut før no. Viss det då er ei innspeling frå nittitalet, og ikkje eit nyare opptak? Det er nemlig noko med Wagner si røyst på denne som meir liknar post- enn pre tusenårsskifte.
Dette er sjølvsagt ikkje plata ein startar med om Lambchop skulle vere eit uutforska territorium. For folk som allereie har fortapt seg i lyden til dette Nashville-kollektivet har denne derimot meir enn nok strålande saker å by på til at den fortener ein plass ved sida av Tools in the Dryer (ein liknande rarities-samling frå 2001 som Decline delvis overlappar og delvis komplimenterer).
7/10
Først publisert på Groove.no (i 2006)