Jan Dahlen and the Shotgun Riders – Love and Affection

Standard

Ikkje så skittent og ikkje så hungrande, men ei og anna dugande låt er det nå her likevel.

cover  Det var andre tider den gongen i 1983 då Jan Dahlen & The Shotgun Riders entra scena på ærverdige Club 7 og på friskt vis spelte ein konsert som skulle bli dokumentert på det etterkvart smått legendariske albumet Dirty Denims And Hungry Hearts. For sjølv om The Clash allereie eit par år tidlegare hadde latt seg begeistra av countryrockaren Joe Ely, var det framleis ein nokså risikabel manøver å kaste på bordet namn som Johnny Cash, Townes Van Zandt og Gram Parsons. I alle fall viss ein hadde tankar om å sanke seg kredibilitetspoeng. Men Jan Dahlen og gjengen hans gjorde det, og vant.

«I’m just a cosmic cowboy, and I play it cool» var omkvedet i signaturlåta Country Music and Big City Life. Der Dahlen gav Gram Parsons æra for at hans hat mot countrymusikken hadde snudd til eit djupt kjærleiksforhold. Akkurat som Parsons i si tid hadde si Emmylou hadde også Dahlen med seg ein kvinnelig songpartnar, Lynni Treekrem. I lag med resten av banden, der særlig det den einaugde tangent-traktøren Arne Sæther hadde for seg blei lagt merke til, angreip dei countrymusikken på eit råare vis enn nokon nordmenn hadde gjort før dei. Så får det heller vere at Jan og Lynni aldri var i nærleiken av å skape Gram/Emmylou-magi utav ein av verdshistoria sine flottaste songar, Return of the Grevious Angel. Det vart ikkje fleire plater med Jan Dahlen & the Shotgun Riders (berre eit par med Dahlen åleine).

Ikkje før no, over tjue år seinare. Tre av dei som var med Jan Dahlen i 1983 er med denne gongen også. Lynni Treekrem, gitaristen Bent Patey og trommis Carsten Loly. Bassisten Hans Marius Stormoen døydde dessverre tidlegare i år, og har fått albumet tileigna seg. Medan Arne Sæther sine sprell er erstatta av ikkje fullt så saftige tangentutspel frå Lasse Hafreager. Som ekstra ballast har Dahlen tatt med steel-gitaristen Tore Blestrud, og dei to syngande Bøygard-søstrene, Tove og Anita.

Det overraskar kanskje ikkje, men eg lyt nok melde at det er ein noko stølare og meir baktung bande som presenterer seg på Love and Affection. Utan at eg skal avskrive opplegget som heilt meiningslaust av den grunn. Dahlen har trass alt smidd saman ei handfull låtar som fortener å bli karakterisert som dugande.

Det opnar friskt og bra med den pianotrillande oppbrotslåta Words of Farewell. Den tørre twangy gitaren i Only Dreaming sender tankane i retning åttitals-heltar som Wagoneers. A Man’s Blues fortel i melodisk velutretta og harmonielt treffande former om rastløysa og den stadig like uløyste countrytematikken kring det å «seek comfort in nights and a bottle of booze (blues)». Rastløysa og livet sine meir stridige sider står også på programmet i The Plot of My Life. Sjølvbiografisk? Veit ikkje? Men Dahlen hevdar i alle fall at livet hans er skrive ned i ei bok av Charles Bukowski.

Touring har eit melodisk ganglag som til tider minnar litt om Hal Ketchum-klassikaren Past The Point Of Rescue, og det er jo ikkje det verste ein kan ha. Litt verre opplever eg ganglaget til paradelåta Shotgun Rider. I forhold til versjonen som sparka i gang Dirty Denims er den i alle fall heller slapp i fisken. Eit problem den nok deler med litt for mange av spora her.

Så kanskje ei re-utgjeving av Dirty Denims and Hungry Hearts hadde vore ein vel så god idé?

4/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s