The Rosebuds – Birds Make Good Neighbors

Standard

Ein styrkjande dose med sympatiske poprock-tonar, frå eit par i blomstringsfasen.

cover  Meir enn noko anna er det dette eg kjem i hug når eg høyrer ordet Rosebud: Idet Charles Foster Kane drar sitt siste sukk i Orson Welles sin klassiske film Citizen Kane kan ein høyre og sjå eit «Rosebud» komme over leppene hans. Dette eine ordet blir utgangspunktet for eit blikk tilbake på livet til mannen. Eit liv i rikdom og tragedie. Kanskje er Rosebud eit sukk mot det som ein gong var, før grådigskapen tok skikkelig tak i han. Den gongen uskylda og ein kjelketur på ein vinterdag var lukka. Tida før knoppen blomstra og bevisste gjerningar, tilfeller, drifter og lumske lagnader førte livet inn på eit anna spor.

Dei to som utgjer kjernen i bandet Rosebuds er her på sitt andre album også ute på eit tokt der dei, i alle fall innimellom, prøver å rette fokus mot verknaden av våre handlingar. Korleis det vi gjer, godt eller vondt, stort eller bagatellmessig, medvite eller umedvite, på ein eller annan måte spelar ei rolle for korleis livet vil arte seg. Det er nok likevel eit noko lågare ambisjonsnivå over Rosebuds sine uskyldige filosoferingar enn kva tilfellet var med Orson Welles sine.

Om det er Citizen Kane, ein uutsprungen rosebusk, eller noko heilt anna som har vore den verkelige fødselshjelpa for bandnamnet, det har eg ikkje opplysningar om. Det eg har opplysningar om er at The Rosebuds blomstra opp i Raleigh, Nord Carolina ei veke etter at frontfigurane Kelly Crisp og Ian Howard hadde gifta seg. Dette var i mai 2001. To år seinare debuterte dei på albumfronten, og kalte dingsen Make Out. Den har aldri nådd innafor mi høyrevidd, men skal etter seiande vere ei søt, optimistisk og spretten poprock-affære.

Birds Make Good Neighbors lever også innafor det store poprock-segmentet. Nokre av låtane jumpar av garde i hastige former, andre legg seg ned i mjuke omgjevnader og tar seg betre tid. Av og til klorar dei litt, men som regel er dei særdeles vennligsinna. Det er den vårduftande og håpefulle tonen som dominerer biletet, men innimellom kan ein også ane litt haustdunst, og ein og annan mismotig tanke. Saker og ting blir ofte skildra frå eit barnlig/ungdommelig perspektiv, og i lyset av eit litt naivistisk skjær. Slikt har det jo til tider blitt både tilgjort og platt tankespinn utav, men stort sett ikkje i The Rosebuds sitt tilfelle. For det finst som regel ein botn her, sjølv om det nødvendigvis ikkje alltid er så langt ned til den.

Men mest handlar det om kjærleiken. Kjærleiken sett frå ein pasjonert, håpefull og lukksalig, men av og til også lengtande vinkel. Gjort av eit ektepar som definitivt er pre I Want to See the Bright Lights Tonight og ikkje post Shoot Out the Lights. Eit ektepar som vil at historia skal oppgradere dei elskande sitt renommé og devaluere pengane si betydning (The Lover’s Right). Dei prisar idyllen, familien og dei gode naboane, men samstundes ligg tvilen og ikkje minst rastløysa der og gneg litt også.

Crisp og Howard har invitert ein trommis og ein bassist med på leiken. Sjølv fyller dei to lydbilete med omtrent like delar gitarlyd og keyboardstonar, og supplerer med litt piano og poengtert klapping. Tonane kan av og til gje visse assosiasjonar i retning Belle & Sebastian, andre gonger får dei meg til å tenke i retning av Ladybug Transistor. Og i Shake the Tree, ei feiande og filosoferande ode til fuglane sitt kjærleiksliv, minnar dei til tider om The Kinks. I alle fall i versedelen, det call/response baserte refrenget har nok eit anna opphav. Vekselsong med næringsrikt resultat får vi også servert i den spretne Leaves Do Fall. Refrenget her er eit av albuma sine verkelige clou. Vitalt samsyngande kastar Kelly og Ian seg over desse linjene:

«I’ve waited for the leaves to fall, for old John White to save us all,
I’ve worn out both my hands and knees
I’m a desperate girl/man and that terrifies me»

Nesten New Pornographers klasse skal du veta. Same karakteristikk er eg freista å klistre på den hooks-fylte og drivande Outnumbered også. På denne er Ian Howard hovudvokalist, medan Kelly bidrar med utfyllande «oh-oh-oohh». Slik er forresten songfordelinga på dei fleste av låtane. Eit fornuftig val, tatt i betraktning at han nok har den klart beste stemma av dei to. Frå ballade-avdelinga er det nok den florlette og elegante Wildcat som skille seg ut. Ei låt som fluktuerer idyll og frustrasjon med enkle verkemidler.

The Rosebuds avsluttar seansen med ein, til dei å vere noko utypisk, elektrisk brennande gitarlyd, og ein lovnad om å aldri svikte. Noko dei berre gjer heilt unntaksvis på denne pop-sympatiske affæren.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s