Serena Maneesh – Serena Maneesh

Standard

Med oppheita fuzz-pedal, kvasse gitarfigurar og englar i kulissane presenterer gjengen frå sør-vestlandet eit inferno i svart, raudt og kvitt.

cover  Emil Nikolaisen er ein mann med ambisjonar, store ambisjonar. I sitt virke med band som Loch Ness Mouse og Silver har han fått utløp for nokre av desse. Men her på debutalbumet til Serena Maneesh smell han til for alvor, og spelar eit atskilleg dristigare og meir ustyrlig spel. Det er mykje lyd, og fuzz-pedalen er flittig nytta, så shoegazer samanlikninga dei har blitt tildelt er på eit vis forståelig. Den er likevel berre eit av fleire incitament for den raffinerte larmen til Serena Maneesh.

Den dunkle og draumestenka vokalen har avgjort sitt slektskap mot Valentinske Loveless-fakter, og andre som dreiv i same ærend på 90-talet. I tillegg til Emil, medverkar både søstrene hans Elvira og Hilma og svenske Lina Holmström med vokale tonar. Denne miksturen mellom mannleg og kvinneleg song skaper ein divergens og spenning som absolutt gjer albumet ei teneste. Aller flest variablar og kaleidoskopiske innspel er det no likevel gitaren til Emil som står for. Den er ikkje syredrenert à la Kevin Shields sin, men manøvrerar seg like fullt i vitale sirklar – over, under, inni, framom, bakom og rundt den energiske kjernen. Den kjæler, hentar fram lekre licks, vrir og vrenger på seg, frådar, sparkar og konfronterer. Den lener seg mot fleire essensielle augneblink av rockhistorien, men finn sitt eige personlige uttrykk. Heilt avgjerande for at den sparkar så pasjonert og frenetisk frå seg som den gjer er sjølvsagt understøttinga, motstanden og stimulansen den møter hos kollaborerande lydkjelder.

Rockehistoria kryr av band som ikkje hadde eksistert, eller som i det minste hadde høyrt heilt annleis ut, om det ikkje hadde vore for lyden Velvet Underground i si tid skapte. Den som handla om å gå utanom gjerdet, søke blant klungervekstane, trakke på ustødig grunn og vandre udekt i stormen. Uti der ein stad er det Serena Maneesh held seg også. Slett ikkje med unotar av like hudlaus og barberblad-skarp karakter som det Reed konfronterte lyttarane med i sine første rock’n roll år, men definitivt med eit åtak verdt å heie fram.

Velvet og Valentine altså, men den aller sterkaste tråden bind seg opp mot krautrocken. Det er noko med den rytmiske friskleiken, den vitale monotonien og det støyande nakkegrepet. Og det er noko med det bitande fokuset som av og til slepp taket og lar seansen danse ut i fargerike og mystiske lender.

Serena Maneesh lever ikkje i eit tomrom eller gjer forsøk på å komme opp med revolusjonerande saker. Dei har spora opp mykje substansielt stoff og latt seg inspirere, for så å skape eit dynamisk uttrykk. Sitt eige. Eit uttrykk tufta på kontrastar og polarisering. Det hemningslause versus det kontrollerte, det stygge versus det yndefulle og himmel versus helvete. Frå kvar si side av musikken sitt sentrum lar dei det atonale ramme det melodiøse, og det pompøse elske med det usminka. Det er raffinert råskap med syn for kvite og vevre stråler. Men aller mest så gnistrar og glødar dette som eit lynnedslag i ei røys av usikra elektrisitet.

Drain Cosmetics kjem mot ein i fyrige former med eit gammalt Stones-riff plassert i hoftehøgde. Omtrent som om at Jesus & Mary Chain vart kopla med Yo La Tengo og tilført ein dæsj sørstats-boogie. Svalt, smektande, lumskt og eksplosivt. Droneskarp og med spastiske trekk følgjer Selina’s Melodic Fountain opp utan å fire ein tomme. Tungt lenande mot krautrocken byr dei her på englesong og dissonans, og gitarkaskader som krøllar seg rundt ei rymisk suggerande søyle. Un-Deux er to minuttar med poprus stilt opp mot ein gitarvegg. Candlelighted har meir enn dei tre første bokstavane tilfelles med Holger Czukay og kompani sine velmaktsdagar. Den startar flytande men samlar seg, pumpa byrjar å gå og funken lurer seg på. Midtvegs fører songstrofer med psykedeliske undertonar seg med. Det er ei låt som skiftar ansikt fleire gonger, men utan å miste verken temperatur eller fokus undervegs. I hælane på denne fresar Beehiver II (ein primalversjon av Blues Like Beehive frå debut-EPen Fixxation). Mørkt, brutalt og skingrande. Då er det vel heilt greitt å roe seg ned litt. Sjølv om Here Name Is Suicide følgjer opp tittelmessig har den nemlig reint sonisk lite tilfelles med Beehiver II. Dvelande i eit dempa og drøymeprega landskap glir den av garde.

Albumet står meir fram som ein namnlaus rock’n roll-symfoni i 11 satsar enn ein konvensjonell samling av låtar. Det gjer derfor aller mest meining å setje av ein time og lytte til verket i uavbroten orden. Då vert ein honorert med ein Dante-liknande tur inn i eit ruvande univers. Det er mørkt og til tider truande, men undervegs vil ein passere fleire gluggar der sollyset og håpet sin glans trenger seg gjennom. Slik velgjer eg å oppfatte det i alle fall, for kva tekstane eigentlig handlar om er vanskelig å tyde. Både på grunn av deira lauslige karakter og fordi dei ofte skjuler seg inni ein vegg av lyd.

Mykje lyd og mykje glød vert skapt i Sapphire Eyes High. Eit gitarkrast og skrallande drone-ridd åtak som tilslutt møter veggen i form av eit to minuttar langt digitalt lydkaos. Langt rolegare takter er det over Don’t Come Down Here. Eit gjentakande tonemotiv går runde etter runde. Ja hadde det ikkje vore for eit intervall midvegs med stålskjærande gitarfakter kunne denne nesten blitt litt trøyttande. Trøyttande står aldri Chorale Lick i fare for å bli. Her bygger ein målretta opp mot ein hemningslaus eksplosjon som dirrar i nervesystemet minst eit minutt inn i Simplicity. Ein liten seanse bygd opp av eit enkelt riff og krypande lyd. Den bråstoppar etter to minutt for å gje rom til det avsluttande monsteret Your Blood In Mine. Lydkjelder og rytmar på villspor samlar seg gradvis mot ein suggerande tur inn i eit rått pulserande og urovekkande blodsystem, men akkurat i det undergangen nærmar seg, smyg eit einsamt piano seg inn på sporet og fører seansen til mål med sakrale tonar.

Så blir ein sittande i tre minuttar med folda hender, sus mellom øyrene, flammar i hjerteregionen og pirring i ryggrada. Før ein reiser seg, og går og løyser ein ny billett.

8/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s