Eit standardforma comeback fra DumDum Boys. Treng vi det?
For sånn cirka ein halv mannsalder sidan erobra dei festninga som ein temmelig vill ein, med barske riff, og smarte meldingar om at det ikkje fanst piller mot møkkete vatn. Som kjent blei denne landevinninga raskt fylgt opp av eit rallande og suksess-utvidande Splitter Pine. Før eit Pstereo-åtak fullførte jobben. Allereie midtvegs i det triple angrepet byrja ein å ane at bak det tøffe og rock’n’roll-sveitte låg det ein konformitet som støtvis saug trykket utav opplegget. Og ganske så riktig, i fjerde forsøk var tanken tom. Etter fleire mislykka forsøk på å få sus på sakene utover på nitti-talet, parkerte Dum Dum Boys bak ein vaklande Totem i 1998.
Men parkeringa var visst ikkje endelig. I desse dagar tar dei dyret ved hornet og prøver å fyre opp igjen.
I fylgje fabelen er einhyrningen eit edelt og vennligsinna dyr som berre lar seg temme ved synet av ei jomfru. Kor edel hovudpersonen i Dum Dum Boys sitt ferske singel-framstøyt er kan ein stille spørsmål ved, men han har i alle fall eit trøblete forhold til damer. Eit forhold som blir framført på kjent Prepple-bitande sangvis, og med like velkjent Kristiansen-produsert ordkløyveri: «Den som venter venter, den som får se får se, veien er målet, be-bop-a-lu la oss be». På den eine sida halvtøft og småfiffig, på den andre sida trenge han ikkje inni verken skinn eller sjel, og endar dermed opp med ei heller flyktig skildring. Eit ikkje heilt ukjent problem i det tekstlige Kristiansen-universet.
Det soniske mønsteret er også forma over velbrukte riff og melodiske linjer henta frå den standardiserte DumDum’ske mal. Den føltes nokså oppbrukt rundt 1990, og den kjennes oppbrukt i 2006. Enhjørning er ikkje ei direkte dårlig låt, men det er ei høgst middelmåtig låt, og middelmåtige låtar har vi eigentlig ikkje så veldig bruk for. Har vi vel?
4/10
Først publisert på Groove.no (i 2006)