Ein heilt ufarlig liten tur tilbake til det lysegrøne psykedeliske eventyrland.
Det er nok å ta litt vel kraftig i å påstå at Dog Age si ferd frå midten på 80-talet og fram til i dag har vore ein Magical Mystery Tour. Det har vel snarare dreidd seg om eit liv i dei obskure og lite oppsøkte pop-psykedeliske krokar. Samstundes er det vel nett Beatles-plata med denne tittelen som spring meg sterkast i hu når eg høyrer på Oslo-bandet sitt femte album Reefy Seadragon.
Reefy Seadragon vil eg tru er ein fetter av Puff den lille dragen. Ikkje ein skapning frå mareritta, men frå dei meir vennlegsinna draumetilstandar med andre ord. For Dog Age er i 2007, akkurat som dei har vore på sine tidlegare framstøyt, eit vimsete, smått sjarmerande, godsleg og totalt ufarlig lite poporkester.
Sittande på dekket, med beina skvulpande i behagelig temperert vatn, på si eigen utgåve av ein gul ubåt, The American Line, har dei sett kursen mot Itchycoo Park, for dei har høyrt det skal vere så vakkert der. Dei inviterer alle dei møter (det er ikkje så veldig mange) med seg; «It’s nice here on the sea, this is where we’ll be, it’s great, come aboard». Havet er blått, sola skin og livet er til for å leve, tilbakelent og fredelig, i ei døsig smådelirisk tåke.
Ganske så skamlaust dyrkar Dog Age tonar frå den pop-psykedeliske gullalder, og har tilsynelatande null planar om å gjere noko anna enn nett det. Sjølv om dei i det kanskje beste sporet When I Was a Young Boy ytrar visse aversjonar mot ein slik innstilling; «I could have them all, but i had my mind set on other things, like beer, drugs and psychedelia».
God Lives Under the River, «the peasants are all quite insane, their souls are in Spain», Magical George er «a hit in the neighbourhood» og Jesse Brown har sendt eit fanbrev for å takke for «this little beautiful song». Alt er ikkje til å forstå, men for det meste er det små tributtar til dei meir ubekymra sidene av tilværet.
Dei bendar seg utover i lette psykedeliske bogar, men vender alltid tilbake. Ved nokre høve trør dei inn wah-wah pedalen, eller prøver å vere litt progressive. Men i hovudsak er det ein rimelig lettfordøyelig tone dei legg opp til. Dei tar ein riffkjekk tur med Donovan sin Cosmic Wheels, og dei plasserer eit Bristol-groove bakom psych-laget som omkransar George Harrison sin Blue Jay Way.
Dei resterande 11 spora har dei laga sjølve. Kanskje kan ein hevde at det her og der blir litt tamt, tandert og melodisk middelmåtig. Kanskje kan ein seie at dei ikkje har så mykje som eit snev av noko banebrytande å melde. Kanskje kan ein seie at dei gjer ingenting for å utvikle den pop-psykedeliske tone. Ja kanskje kan ein til og med seie at tida har gått litt i frå dei.
Til det svarar dei enkelt og greitt med eit funklande «get out, the sun is shining», og sender slik ei iling av sommarlig fryd gjennom meg. Kven har då lyst til å sitte å sutre? Ikkje eg i alle fall.
5/10
Først publisert på Groove.no (i 2007)