Delaware – Lost In the Beauty of Innocence

Standard

Kan det vere slik at Delaware har inngått for mange kompromissar i sitt søk etter å skape stor musikk?

cover  Eg sensar eit sus av ambisjonar. Ambisjonar om å lage stor musikk. Ambisjonar om å nå ut til eit stort publikum. Med Lost In the Beauty of Innocence maktar dei nok dessverre ingen av delane, trur eg. Dei kjem frå Drammen, men kallar seg Delaware i staden for Buskerud. Dei pakkar låtane inn i mektige arrangement. Poptrygge og lite utfordrande arrangement. Det smakar minste felles multiplum. Det vert anonymt og keisamt i staden for storslått og vakkert. Stort sett.

Lost In the Beauty of Innocence er kvartetten sitt andre album. Det fylgjer drygt to år etter debutalbumet …and everything reminds me. Ei plate dei gav ut på Tyskland-avdelinga til Sony. Dei er ikkje lenger eit Sony-band, men Tyskland-linken er stadig like sterk. Denne gongen i form av det noko mindre plateselskapet Strange Ways. Dei har ein talmessig hyggelig fanskare i Tyskland også. Og i Nederland. Ein fanskare som sikkert vil sette pris på årets album. Det skil seg nemlig ikkje i så altfor stor grad frå debuten.

I eit melankolsk og nokså fargelaust krysningspunkt mellom Coldplay og eit litt meir gitar-ausande band som Catherine Wheel, løftar dei fram tonar som sjeldan maktar å slå rot i hjarta. Dei grunnleggande melodilinjene som dei bygger låtane sine rundt manglar i dei fleste tilfelle eit vinnande vesen. Og lydveggene dei konstruerer utsondrar i liten grad vitalitet. Bandet og den produserande seigmannen Alex Møklebust prøver å skape kontrastar og variasjon ved å veksle mellom lågmælte og mektige parti, men har for mykje tryggleiksfokus til å finne vegen utav den grå løypa.

Eit par lyspunkt dukkar det rett nok opp. Den jumpande opningslåta The Fourteenth med sine strykarar og sitt kraftfulle refreng er eit habilt forsøk på å fusjonere det lettbeinte og det tunge. At dei i eit inspirert augeblikk til og med er i stand til å forme inntakande melodilinjer er You eit døme på. Ein øm og vakker ballade der Delaware sitt fremste aktivum vokalisten Richard Holmsen nesten er i nærleiken av å touche Jeff Buckleysk songkunst. Berre litt synd at dei køyrer låta fast i eit litt trøyttande siste minutt. Frå den mest energiske sida til bandet fresar With Fair And Anticipation seg fram i tiltalande melodiske former. Legg eg litt ekstraordinær godvilje til finn eg kanskje eit og anna formålstenlig parti i For What Reason og Wish For også.

Det vesle som duger kan likevel ikkje dekke til eit skrikande sakn etter særpreg og glød. Så kanskje kunne Lost In the Emptiness of Grand Ambitions ha vore ein vel så talande tittel for albumet.

3/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

Kommenter innlegget