Ein til tider vellykka, men likevel litt for fyldig hyllest til ein av dei største rockarane dette landet har fostra.
Då ein nokså animert Jokke i januar 1992 entra podiet for å ta i mot spelemannsprisen rett framfor nasa på den stavangerske parentesen The September When vart det støy i den norske tabloidverda. For slikt kan jo ikkje gå an, i alle fall ikkje midt i den store norske felleskosen. I november 2005 er fire Jokke-signerte låtar med på den P3/Spirit initierte topp 20 lista over «tidenes norske låt». Aller øvst tronar To Fulle Menn. Den som ler sist ligg dessverre seks fot under, og det har han gjort i fem år. Joachim Nielsen levde nemlig livet minst like agelaust som han skildra det i sine songar, og den 17. oktober 2000 pusta han inn Oslo-lufta for siste gong.
Jokke skapte sine beste låtar på 80-talet og på byrjinga av 90-talet, då han var i kompaniskap med Valentinerne. Låtar som har styrt klar av tida sine nådelause forvitringsprosessar. Akkurat som dei fleste naglarar av tidlaus kunst var også Jokke ein mann utanfor si tid. Han gjekk direkte til verks, ujålete og utan trong til å pakke tekstlinjene sine inn i omtrentlige former, skapte han rockelåtar med autentiske og varige kvalitetar. Saman med ei lita handfull andre står han i dag fram som ein av dei få uforfalska og ekte rockeartistane dette landet har fostra, og albuma Et Hundeliv og III er to norske rock’n’roll-klassikarar (så det så).
Så var det dette med tribute-plater, då. Dei er laga med dei beste intensjonar, men vert sjeldan meir enn støvsamlarar. Av og til kan det komme ei tolking som plasserer ei låt i eit nytt og interessant lys, men som regel vert det berre ei ettertrykkelig påminning om at det er hos opphavsmannen ein finn gullåra. Jokke-hyllesten er ikkje noko unntak i så måte. Det er ingen her som gjer det betre enn originalen, men det er ein del som gjer det bra likevel. deLillos til dømes flyttar En Dag inn i eit meir avbalansert og poppig landskap, fyller på med twangy gitarfakter, og kjem i land med ein solid versjon. Johndoe får god hjelp av Hopalong Knut til å føre Sitter På En Bombe inn i vitale ska-krinsar.
Blant Jokke & Valentinerne sine samtidige var sannsynlegvis Sister Rain det beste av dei engelskspråklige norske banda. Dei har tatt føre seg hyllestlåta til det gode gamle teikneseriemagasinet Tempo, og det lealause reggaeformatet dei har plassert denne i er slett ikkje ueffent. Sjølvsagt er det Andrej Nebb, som i si tid song ei ode til fiskepuddingen, som tek seg av Jokke sin kulinariske friskas Koteletter. Med høgt press, karakteristisk diksjon og tunge gitarriff blir det definitivt ein appetittvekkande versjon. Bøyen Beng trakterer Aldri Stol På Ein Fyllik på dugande elektrisk folkrock-vis. Og folkrock med Pogues-liknande fakter står på programmet til Dead Hoodlums når dei finn tonen med Kleggen & Knugern.
Min personlige favoritt på plata trur eg kanskje er Ricochets sin akustiske, men langt frå lågmælte versjon av Nederlag. Først og fremst er det den kraftfulle røysta til Trond Andreassen som overtydar (som vanlig), men Kloster Jensen si gitarhandtering og handlekraftig bruk av maracas og tamburin løftar godt, det også. Jo Nesbø og Magnus Grønneberg med venner sin countryrock-versjon av To Fulle Menn manglar på si side noko av stinget den hadde fortent. Turboneger plankar Her Kommer Vinteren med autoritet og brukbart turtal. Tungtvann tar Alt Kan Repeteres med på ein ikkje altfor imponerande hiphop-tur. Medan Racer BK (Dum Dum Boys i forkledning) ikkje heilt kjem ned i lomma på Gjeld.
Av dei meir ukjente aktørane (det er mange av dei) er det ingen som gjer seg skuld i noko som minnar om underverk. Nokon prøver seg med litt originale vriar, og får eit lite pluss for eigenarta innstilling, sjølv om dei vel strengt tatt er gløymt i morgon. Pearly Catz med søstrene Bøygaard i spissen brukar hallingdialekten i sin tolking av Hvor Er Du Nå (Kor e du no). The Four synthmalar Midt I En Drøm i eit dystert lende, Nullskattesnylterne miksar Suksess med London Calling, Frank Znort Quartet skaper Feig om til ein swinglåt, og Phantoms lar orgelet bruse og ska-takter lose En Perfekt Dag i land.
Som avslutning dukkar Motorpsycho opp i eit grumsete piratopptak. Frå ein konsert dei gjorde på Rockefeller berre eit par dagar etter at Jokke døydde, minnar dei mannen med ein inspirert om enn litt vaklande versjon av Sola Skinner. Av dei cirka tretti eg no ikkje har nemnt finst det eit og anna habilt forsøk, men mest blir det nok helst mykje upersonlig planking.
Manglar du nokon av platene til Jokke, så er desse sjølvsagt langt meir obligatoriske investeringar enn denne tributen. Men har ein alt, kan nok denne vere kjekk å ha også (vel, då har du den vel alt), som ein dokumentasjon på at det er mange som framleis set pris på fyren.
5/10
Først publisert på Groove.no (i 2005)