Currituck Co. – Sleepwalks in the Garden of the Deadroom

Standard

Eit amerikansk einmannsband med strengedansande fingrar og frifolk attityde.

cover  Den susande lyden av ei platestift som treff rillene vert etterfølgt av ei dirrande aust for midt-austen tona stemme. Lyden av ein akustisk gitar kjem inn og overtar. Fingrar dansar frå streng til streng og kallar fram fine tonar. Ei vemodsfull mannsrøyst med vakre melodilinjer på tapetet smyg seg med. I bakgrunnen surrar ein monoton mørk dur, og etterkvart lurer fleire kjelder med subtile påfunn seg med. Låta heiter Paid For Grace og innleiar Currituck Co si melankolske drift under ein psykedelisert himmel.

Currituck Co er i all hovudsak eit einmannsprosjekt drive av amerikanske Kevin Barker. Sleepwalks in the Garden of the Deadroom er hans tredje album under denne signaturen, og inneheld mykje attråverdig musikk. Han har sterke band til det lauslege amerikanske frifolk miljøet som dei seinare åra har vitalisert den akustiske folkmusikken. Han har delt scene med både Devendra Banhart, Joanna Newsome og Animal Collective, og var blant artistane på den sjanger-definerande samleplata Golden Apples of the Sun.

Alle låtane blir drivne fram av Barker sin intense men elegante fingerplukkande gitarstil. Låtane held seg stort sett rundt treminutters lengda. Wisdom of the Weeks er unntaket. Den passerer 10 minutt og går frå eit vevert balladeparti over i ein lang ragafolk passasje av det suggestive og John Fahey-inspirerte slaget. Fahey saman med bluegrass-virtuosen Clarence White, den engelske folkgitaristen Bert Jansch og den legendariske melankolikaren Nick Drake er fire uttalte inspirasjonskjelder.

To låtar er titulert Sleepwalking (I og II). Desse er dei melodisk mest straighte tilfella. Den første er ei yndig sak med tilskot av fiolin og piano, som nikkar forsiktig i celtic-folk retning. Nummer II er meir dyster, der den tar for seg det deprimerande i det å måtte sove aleine i ei seng meint for to. Rastløysa den skildrar vert ytterlegare understreka då dei akustiske tonane vert utfordra av ein skånsellaus elektrisk vegg midtvegs. Det same soniske trikset vert brukt i 8pm on a Friday, ei låt som i tillegg nyttar toget sitt monotone «sigge-di-do» som rytme. Medan tittelen fortel ganske så presist kva den sterkt Drake-farga Run Away From the Sun tar for seg. Mykje vemod altså, men i fleire fargar.

No vert aldri dette albumet ei like eventyrleg ferd som det kamerat Banhart har vore ansvarleg for på sine tre plater. Til det er nok ikkje Currituck Co sin signatur særeigen nok. Men det kan jo vere mykje velfungerande tonekvalitet i smarte lånerier også. Eller for å sitere førnemnte Fahey: «This nation needs more thieves and less librarians.»

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s