Nashvillekollektivet sitt mest varierte og rikast fasetterte framstøt til nå, eit oppkomme av storveges Lambchop-klang.
Det finst ein annan Kurt. Ein Kurt som aldri kjem til å få metervis med svada om seg på trykk i all verdens tabloider. Ein Kurt som aldri kjem til å synge U2-låtar på TV. Ein Kurt som aldri kjem til å skape kaos på nokon som helst flyplass (i alle fall ikkje på Flesland). Ein Kurt som aldri vil bli kåra til verdensidol. Men han er verdens beste Kurt allikevel. Han bur i Nashville, Tennessee. Han driv musikk-kollektivet Lambchop. Saman med denne gjengen er han ansvarleg for ein håndfull av dei finaste musikk-utgjevingane verden nokon gang har sett (i alle fall den delen av verden som ynskjer å sjå det). Hans fulle navn er Kurt Wagner.
Med album som How I Quit Smoking (1996), What Another Man Spills (1998), Nixon (2000) og Is a Woman (2002) på samvittigheta, har han saman med det 16 mann sterke bandet sitt vist at han har eit opplegg heilt utanom det vanlige på programmet. Frå sittande stilling gjer han og hans medmusikantar eit skånsomt forsøk på å få noko gjevande ut av ein mikstur av litt rock, litt soul, litt funk, litt folk, litt country, litt kammerpop, litt gospel, litt jazz, litt easy listening og litt avantgarde – utan at det blir noko av delene. For mest av alt blir det nemlig nokre særegne greier, som vi ganske enkelt kan kalle Lambchop-klangen. Om det er vellykka? Om det er flott? Hah, er sola varm?!
Skal eg likevel våge meg til å plassere dei i ein musikalsk samanheng, er det vel ikkje heilt fjernt å ordne ein krok til dei litt ute til venstre for melankolikarar som Mark Eitzel, Nick Drake og Tindersticks. Dei vil og finne seg vel tilrette i nabolaget til innovatørar som Scott Walker, Van Dyke Parks og The High Llamas.
For sjuande gang sidan platedebuten i 1994 er Kurt og gjengen klar med ei ny plate. Rettelse; to nye plater. Tilsaman 24 melodiar, jevnt fordelt på to CDar, med dei gåtefulle titlane Aw C’mon og No You C’mon. Slikt får jo den vesle forventningsklumpen i mellomgolvet til ein fortapt fan til å bli ganske så uregjerlig. Og heldigvis; fortsatt viser bandet oss at dei er totalt immune mot å prestere likegyldige og daffe tone-framstøt.
I forhold til dei seinare utgjevingane og spesielt den ekstraordinært sordinerte Is a Woman, har dei denne gangen retta opp ryggen og sett seg fremst på stolkanten. For vi lyt tilbake til ’96-utgåva og How I Quit Smoking skal vi finne eit Lambchop som lagar like kvass lyd som det vi får oppleve på denne dobbel-utgjevinga. Nå er sjølvsagt dette relativt, for sjølv om dei ikkje lenger prøver å spele så stille som mulig, som var intensjonen på Is a Woman, hersar dei ikkje akkurat hemningslaust med øyregangane denne gangen heller. Du skal likevel ikkje sjå heilt bort ifrå at det kan komme øyeblikk der du foretar små byks i rein vanvare over kronglete lydar som heilt uventa sprett ut av det innbilte mønsteret. I det heile har Kurt gitt langt meir plass til sine bandmedlemmer denne gangen. Nesten som ein slags reaksjon på nevnte Is a Woman, der Kurt var veldig i fokus, har dei talrike instrumentalistane denne gangen blitt plassert meir i framgrunnen, og overdøyver rett som det er Kurt sin vokal. Men for all del, det er herr Wagner som styrer vogna fortsatt. Med vokale tonar henta frå eit djupare bassterritorium enn nokon gong før, smyg han seg rundt blant eit rikt antall mesterlige komposisjonar. Ja Aw C’mon/No You C’mon står faktisk fram som bandet sitt mest varierte og rikast fasetterte framstøt til nå, og er eit oppkomme av storveges Lambchop-klang. Litt annleis, men likevel kjent og kjært.
Melodiane vi får servert har Kurt komponert under sterkt sjølvdisiplinerte tilhøve. I korte (1 veke) eller lengre (1 månad) periodar satte han seg føre å snekre saman ein låt om dagen. Slik endte han etterkvart opp med eit anselig antall låtar. Som ein mellomstasjon mot Aw C’mon/No You C’mon, vart ein del av låtane frå denne ein-låt-om-dagen perioden nytta som filmmusikk til ei nyutgjeving av ein gammal stumfilm-klassikar, Sunrise av F.W. Murnau. Eit arbeid som og blei retningsgjevande i høve til kva som tilslutt endte opp på dei to albuma.
Utsegn frå herr Wagner tydar på at han ser på albuma som to separate einingar. Eg ser likevel mange og tydelige parallellar mellom dei. For det første; titlane, dei har ein klar «rop så får du svar» samanheng. Så vidt eg har skjønt kjem dei også ut som eit dobbeltalbum, med to titlar (min omtale er basert på to separate promo-plater med sparsommelige opplysningar). Albuma er i nokre samanhengar ulike i form og innhald, men desse forskjellane står i eit næringsrikt forhold til kvarandre, som jord og vatn, kvinne og mann, eller søster og bror. Forbindelsane mellom dei er med andre ord langt vesentligare enn ulikskapane.
Antall låtar, og det faktum at Aw C’mon har litt meir av mørkret i seg enn sin slektning No You C’mon, har ført meg inn på sporet av å sjå utgjevinga i eit døgn-perspektiv. 24 låtar, 24 timar, natt og dag.
Som vanlig er Wagner sine ordkløyverier og formuleringar av det meir gåtefulle slaget. Kor han er og kor han vil hen er langt ifrå opplagt. Det er heller ikkje alltid, reint sonisk og sangteknisk, like enkelt å få med seg alle ord og samanhengar (tekstark manglar på mine promo-eksemplar, kanskje dei er med når den offisielle utgjevinga kjem?). Så dermed blir det opp til kvar einskild lyttar å prøve å finne ein farandes veg i labyrinten. For sjølv om det skulle være slik at berre ein veg fører fram, er det i alle fall mange retningar som vil være spennande å forske ut. Mitt raid gjennom døgnet sine 24 timar er såleis berre ein av fleire mulige ruter (eller blindspor).
Ei nattlig reise (Aw C’mon)
Medan dagen går over i kveld, sola trekker seg tilbake for å spre sin varme andre stadar og kvelden sakte blir til natt, fylles hjerta med eit nennsomt vemod, for dagen som var har gjort sitt, og det som ligg framføre oss er farga av uvissa, spenninga og håpet. I dei moll-farga stemningane slike forutsetningar drar med seg er det Lambchop flytter seg rundt. Rørslene er ikkje voldsomme, langsomt vandrar dei frå låt til låt og strør sine magiske tonar med omhug, kløkt og innovativ fryd. I tillegg til alle bandmedlemmenes innfall og utfall har Lloyd Barry (han deltok også på What Another Man Spills og Nixon) ansvaret for både smektande, saftige og skarpslipte strykar-arrangement.
Klokka er seks på ettermiddagen, og eit smakfullt bassgroove tilsett bitande og monumentale strykarar presenterer seg, låta heiter Being Tyler, og er kanskje ei lita helsing til gitarist William Tyler, som etterkvart skal få ei ganske så toneangivande rolle. I denne samanhengen sit eg imidlertid berre og ventar på at Isaac Hayes skal dukke opp, det gjer han ikkje. Men åpnings-instrumentalen (den første av tre på Aw C’mon) har absolutt gjort nytta si og ført oss inn i ei kvelds- og nattevandring der skyggane er grå, himmelen er stjerneklar, og melankolien dansar sindig funk med underfundige viser.
«They say you walk around, is it the ghost that crossed your path», med desse orda gjer Kurt si rustne men varme røyst sin entré. Frå den vesle smidige visa Four Pounds In Two Days (som godt kunne vore dobbelt så lang), styrer bandet seg over i ein vemodig sak kalla Steve McQueen. Om den handlar eksplisitt om den legendariske film-skodespelaren, eller skildrar meir allmenngyldige tilstandar skal eg ikkje meine for mykje om, men at den er vakker er eg ikkje i tvil om. Instrumentalen The Lone Official blir som eit lite friminutt etter dette, før dei med knappe 3 minuttar mjuk fløyel-soul i Something’s Going On fører oss varsomt inn i eit mørkare parti.
Med Nothing But a Blur From a Bullet Train føler eg at det før omtalte nattlege vemodet kjem krypande for alvor. Då er utsiktene for at ein vil møte på ytringar som dreier seg om mellom-menneskelige flokar relativt store. Og ganske korrekt, i den slentrande og briljante Each Time I Bring It Up It Seems To Bring You Down (puh, for nokre titlar) er det nett slike utsagn vi blir konfrontert med; «to take the best of me, and throw it to the dogs», «you like to call me bastard, you like to call me friend».
Etter at ein fartsfylt instrumental, tilegna Poco/Eagles bassisten Timothy B Schmidt, har gjort seg ferdig blir vi igjen geleida over i avdelinga for nattlige fintar overfor det motsatte kjønn. Ja tittelen Women Help to Create the Kind of Men They Despise seier vel det meste om kva denne pianoklunkande jazzballaden har i sinne. Endå meir direkte går Wagner til verks når han spør «where’s my little trouble girl» til akkompagnement av smakfullt garnerte strykarar, i ein eggande sak kalla I Hate Candy. Her møter vi og noko som nærmast høyrest ut som bassrekka i Nashville mannskor; «c’mon, c’mon, c’mon». Til lyden av ein tøyla wah wah gitar anar vi seine timars optimisme når dei køddar litt rundt i jazzterreng på I Haven’t Heard a Word I Said. Medan hovedpersonen oppheld seg i langt meir vaklande og seine nattetimar på Aw C’mon sitt modererte og piano-støtta høgdepunkt Action Figure; «I’ve heard a rumour that I’m sad, or at least that I feel bad», men med hjelp av solid Wagnersk melodikk, visper den seg inn i meir håpefulle funderingar etterkvart, for det lakkar og lir jo tross alt mot morgongry.
Ein ny dag (No You C’mon)
Når dei første solstrålene trenger seg på, og natta heng og dinglar i ein grå tråd, er det tid for liflegare tonar. Instrumentalen med den talande tittelen Sunrise, som set i gang No You C’mon, har i seg både smaken av morgon, tonar av dagslys og er i det heile ein doggfrisk og håpefull start på livet etter mørkret. Nå vil ikkje Kurt legge lista altfor høgt så tidleg på morgonen, og manar i neste omgang til Low Ambition, mens siste rest av natta sine whiskey-slantar blir skylt ned med svart kaffe. For som han ytrar i neste omgang, There Is Still Time til å møte dagens utfordringar. Denne låta kan forresten få stå som eit lite monument over friksjonen mellom det kompliserte (den skiftar retning fleire ganger undervegs) og det einsformige, slik strofa der Kurt kanskje har sitt tidlegare liv som golvleggjar i tankane illustrerer; «cover the floor, same as before». Temaet blir fulgt opp på eit meir ironisk vis i voldsomme Nothing Adventurous Please. Her er det gitardroner, full fart, og eit Lambchop som, hadde det ikkje vore for Wagner sin leikande crooning inni lydmylderet, nesten går Sonic Youth i næringa. Ikkje heilt vanlige tonar frå denne kanten, med andre ord.
Etter ein slik utblåsing er det klart for eit lite, søtt pianodrapert og morgonlett problem, perfekt titulert The Problem. Før Lambchop igjen bevegar seg inn i terreng dei ikkje har vore i før. Tilfellet heiter Shang A Dang Dang og kan i mangel på noko betre karakteriserast som ein drivande «doowop møter riffrock møter rockabilly møter det ukjente»-sak. Den er heftig som få, og sjølv om den oppheld seg på ein annan planet gjev den meg faktisk assosiasjonar i retning den legendariske Ministry-låta Jesus Built My Hotrod. «Shang a dang dang digga digg dong dong, yeah». Kanskje den til og med har hitpotensiale?
Ein song som kjem til å være hit i min verden herfrå til evigheten er den mjukt sprelske og knipse-appellerande About My Lighter. Melodisterkt, inspirert og litt absurd. Under a Dream Of a Lie er fløyel og fagnad, og låta som minner mest om Mayfield taktene frå Nixon. Etter den kåte og drivande instrumentalen Jan. 24, ber det så rett i kjellaren. The Gusher er eit svart hol midt på dagen, ein skeiv samba, eit «aahh» tilsett små atonale lydåtak. Det nærmar seg no slutten på vår døgnville ferd, men først er det vel verdt å få med seg den nennsomme balladen Listen. Med piano som sin mest høyrbare følgesvenn, står denne igjen som 2004 sitt mest Is a Woman beslekta øyeblikk. Dermed er døgnet vårt over, og Lambchop hoppar, høveleg nok, ut av rundturen med ein liten trudelutt til The Producer.
Sånn heilt til slutt (ei slags tilståing)
Det ingen tvil, nok ein gang har den magiske Lambchop-klangen tatt innersvingen på sjela mi. Trur rett og slett ikkje eg eig motstandskraft mot dette her, eg. Slik kan det gå.
Det har vore mange artistar og band som har strøydd om seg med inspirert og fin lyd dei siste ti åra. Wilco, Beck, Lucinda Williams og Will Oldham for å nevne nokre få. Men berre Lambchop har prestert heile fem album eg i eit svakt øyeblikk (ikkje så veldig svakt, forresten) er tilbøyelig å sette meisterverk-stempelet på. Aw C’mon/No You C’mon er eit av dei.
9/10
Først publisert på Groove.no (i 2004)