Tag Archives: Townes Van Zandt

Diverse Artister – There’s a Hole in Heaven Where Some Sin Slips Through

Standard

Denne gongen er det venner av Glitterhouse som heidrar Van Zandt. Det blir mykje fin heider utav det.

6

cover

Det finst songar som kjem til å leve evig. Townes van Zandt har skrive fleire av dei. Det er no 10 år sidan den magre texanaren fant det der holet i himmelen og smaug inn. I åra som har fylgt har det blitt helde tribute-konsertar og dukka opp tribute-plater i eit kvanta få andre plar bli til del.

Då Townes van Zandt dukka opp på slutten av 60-talet vart han ikkje på noko vis skjenka den store merksemda, verken av musikkjournalistar eller den gjengse lyttar. Men etterkvart som tida gjekk skulle det vekse fram ein skare av verkelig dedikerte fans. Folk som utan blygsel plasserte han der opp saman med dei største av låtskrivarar. Ikkje utan grunn.

Poet er tittelen på ein Townes-tribute som dukka opp for nokre år sidan. Ein av dei som deltek der er Nanci Griffith. Ho seier dette om Townes Van Zandt: » Some of us songwriters are just lyricists, but he was definitely a poet».

It’s plain to see, the sun won’t shine today
but I ain’t in the mood for sunshine anyway
maybe I’ll go insane
I got to stop the pain
Or maybe I’ll go down to see Kathleen

Kathleen er definitivt ein av desse songane med evig liv. Kathleen er sannsynlegvis også den Van Zandt songen som har fått den sterkaste coverversjon-handsaminga, ever. Versjonen dukka opp i 1994. Som tittelspor på ein EP, av Tindersticks. Det er ikkje mange songar der ute like dirrande av smertefull desperasjon som Kathleen. Det veit Stuart Staples og hans kompanjongar, og dei grip fatt i den. Med eit overtydande grep. Bandet lar den steike på ei mørk sonisk grunnflate, medan Staples si kjenslevare stemme, og dramatiske strykarparti, lirkar seg inn frå kvar sin kant. Og manar slik fram bildet av denne hutrande skikkelsen med blodet drivande i rastlause former frå eit skjelvande hjerte. Ein sterk utfordrar til tittelen Tindersticks finaste augeblikk er den også. Skulle du vere i den situasjonen at du ikkje har tilgang på desse seks sublime minuttane i heimen, bør du handle. EP’en er då sjølvsagt eit utmerka val. Men det er ikkje eit dårlig alternativ å skaffe seg denne samlinga heller. For i tillegg til Kathleen får ein servert mykje anna dugande Van Zandt fortolking.

Fleirtalet av dei 17 spora på albumet er gjort eksklusivt for denne utgjevinga. Eit av unntaka er Paal Flaata sin versjon av Waiting Around To Die. Den er spelt inn i 1999, og er ein seanse som sannsynlegvis kan få karakteristikken; det beste han har gjort utan midnattskoret i ryggen. Skitten og med djupfølt blueskraft. Ei meir nennsam tilnærming har den andre skandinaven som er representert her, Christian Kjellvander, når han aleine med sin akustiske gitar syng seg igjennom Heavenly Houseboat Blues.

Artistutvalet på albumet er nok sterkt prega av at det er ei Glitterhouse-utgjeving. Dei fleste artistane som deltek her har fått distribuert fleire av platene sine nettopp gjennom kanalane til desse tyske entusiastane. Eit slags husband i den stallen må vel vere The Walkabouts. Dei gjorde sin definitive Van Zandt tolking då dei i høgelektriske former gjekk til åtak på djevelske Snake Mountain Blues. Den er med her i ei remiksa utgåve. Straumnettet blir også solid nytta når Steve Wynn og ein liten bande harvar over Lungs. Willard Grant Conspiracy tar det derimot langt rolegare, og gjer ein sakte nesten hymneaktig versjon av If I Needed You. Medan Knife In the Water harmonisyng og finn ein passe lunefull tone saman med Two Girls. Min nestfavoritt på samlinga trur eg likevel må vere Jim White & Mike Ferrio sin nennsame og djupfølte omgang med To Live Is To Fly. Men den er heller ikkje å forakte Ben Weaver sin strippa versjon av den marginalt melodiske Highway Kind (ei stemme og eit piano).

Som rimelig er dukkar det opp ein og annan mindre interessant sak også. Marah er og blir eit middelmåtig band, same kva dei tar tak i, og Jon Langford har nok hatt eit betre grep om blyanten når han teikna coverbildet, enn kva han og hans medsamansvorne har om White Freightliner Blues.

Hovudinntrykket er like fullt at her får vi servert nok ein velkvalifisert Van Zandt-hyllest. Det treng slett ikkje vere den siste.

Først publisert på Groove.no (i 2007)

 

Townes Van Zandt – Acoustic Blue

Standard

Ein samling akustiske live-innspelingar, og det er blått, vemodig og sårt.

cover  Townes Van Zandt, ein beskjeden poet som aldri heilt fekk den merksemd han verkeleg hadde fortjent mens han levde. Sin store epoke hadde mannen i åra frå 1968 og fram til 1973. I denne perioden strøymde det på med sterke sangar frå Van Zandt sitt melankolske skattkammer. Raffinert poesi i samklang med vakre og såre tonar. I åra som følgde etter denne tida og fram til sin død i 1997 kom det berre tre album med ny musikk frå Townes si hånd. Og sjølv om noko av magien frå dei første åra ikkje alltid var tilstades, viste mannen ved fleire høve at han fortsatt hadde kontakt med si poetiske gullåre.

Innimellom studioalbuma dukka det opp eit og anna live-album, og etter hans død har eg ein følelse av at det formelig har vore ein slags eksplosjon av slike utgjevingar. Så sjølv om det alltid er kjekt å oppleve Townes Van Zandt og hans songar, kan vi kanskje stille spørsmål med om vi strengt tatt har behov for alle desse live-dokumentene. Dei kjem i alle fall aldri (trur eg) til å kunne matche det legendariske opptaket frå The Old Quarter, Houston i 1973, der Townes trollbind ein liten forsamling med sin gitar, sin sang og sin låtskrivar-kunst.

At det stadig dukkar opp nye konsertopptak er når alt kjem til alt kanskje ikkje så rart, med tanke på at saman med sin gode venn, den akustiske gitaren, har Van Zandt frekventert mangt eit lokale mellom San Francisco, Trondheim og Brisbane. Eller som han sjølv seier det i A Song For;

London to Dublin 
Australia to Perth 
I gazed at your sky 
I tasted your earth 
sung out my heart 
for what it was worth 

Acoustic Blue er det nyaste skuddet på stamma av slike innspelingar, og er ein samling av mannen sine meir blues-prega stunder. 14 låtar, derav 11 gjort under ulike spelingar i Tyskland hausten 1994. Dei tre siste er gjort berre veker før mannen døydde kun 52 år gammal første nyttårsdag 1997 (nøyaktig 44 år etter eit av hans store førebilete, Hank Williams). Albumet kjem ut på van Zandt sin gode gamle label Tomato Music, og er utstyrt med eit velskreve essay av den kjente musikkskribenten Chet Flippo (ein stor Van Zandt-fan).

Så, jodå, ein fin liten sak er det blitt. Låtutvalget er henta frå heile mannen sin karriere, med ein liten hovedvekt på hans siste studioalbum No Deeper Blue (1994). Av dei fire låtane frå den plata er det dei to som rammar inn albumet som verkeleg utmerkar seg. The Hole er ein dyster og demonisk blues på vitjing i helvetes forgard, der djevelen er ei gammal dame med hår som «looked just like barbwire, boys», og eit smil «just like the grave». A Song For er på si side ein vemodig folk-ballade der vi møter ein sliten vandrar, – lyrisk, sårt og vakkert. Vi får også den gamle honky tonk-saken Lorretta og velrenommerte tilfeller som Waitin» Round to Die og Kathleen. Ellers er det mykje fin akustisk blues som blir servert, nokre er coverversjonar av gamle travarar (tre av førebildet Lightnin» Hopkins) og nokre er Van Zandt originalar. Eit lite pluss til ein sterk versjon av intense Snake Mountain Blues. Medan vi i Nothin» møter ein resignert sangar, ja det gjer nesten litt vondt å høyre denne, ein av hans aller siste sanginnsatsar som blei festa til tape.

Det er nok ikkje denne plata du skal starte med om du er nybegynnar i Townes sin verden, då går du til utgjevingane frå dei første åra. Er du fan, derimot, er denne sjølvsagt vel verdt ein plass i samlinga.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

 

Townes Van Zandt – Live at the Old Quarter

Standard

1973; ein varm julikveld i Houston, Texas. Townes van Zandt har entra scenen, og det er magi i lufta.

cover  Eg har ein mistanke om at ikkje alle er klar over det, men når det kjem til det å skrive og synge sangar er Townes Van Zandt ein av dei finaste som har vandra rundt på vår arme jord. Steve Earle sa eingong; «Townes Van Zandt is the best songwriter in the whole world, and I’ll stand on Bob Dylan’s coffee table in my cowboy boots and say that». Kanskje tar den godaste Steve litt vel hardt i her, men ikkje verre enn at det godt kan få stå uimotsagt for min del.

Det er juli 1973. Townes van Zandt har sidan platedebuten i 1968 levert seks fine album med sjølvskrevet materiell. Fire kveldar på rad har han opptrådt på ein liten klubb i Houston kalt The Old Quarter. Han er klar for sin femte. Det er trengsel, over 100 mennesker på eit minimalt areal. Det er varmt, veldig varmt, og luftavkjølingsanlegget er kaputt. Under slike alt anna enn perfekte omstendigheter er det Townes kun utstyrt med sine sangar, si stemme og sin akustiske gitar skal tilfredsstille eit kresent publikum.

Det er mange måtar å møte sitt publikum på. Frå eit sjølvsikkert «I’m back», eit rungande «Hello» eller til berre å dra i gang nokre heftige saker. Johnny Cash hadde sin faste og myndige «Hello I’m Johnny Cash». Townes Van Zandt kjem luskande ut, og med litt keitete bevegelsar stiller han seg framfor mikrofonen. Nesten litt flau ytrar han eit lavmælt «thank’s a lot» idet applausen stilnar. Han ber så om årsaking for at air condition anlegget ikkje fungerer, før han plukkar i gang Pancho & Lefty. Sangen om den fridomssøkande og fredlause Pancho, og hans skjebne «on the deserts down i Mexico». Ein skjebne som i neste omgang også skulle få konsekvensar for Lefty, for; «the dust that Pancho bit down south, ended up in Leftys mouth». Eit fatalt drama, fortald med poetisk kraft og til ein tone henta frå den ørkenraude himmelen som både Pancho og Lefty sikkert kom til. Slik, med ein enkel sang og ingen andre gestar fangar Townes sitt publikum, og der blir dei til siste tone av Only Him Or Me døyr ut.

Townes van Zandt er den vemodige trubadur, skildrar av smerte, ei jaga sjel. Poeten med den varme stemma. Ein evig vandrar, med gitaren som sin trufaste følgesvenn. Langs vegen gjer han seg godt kjent med både gambling, svir, dop og den påfølgande angsten og vanviddet. Og han syng nok livet sitt han som mange andre, men aldri pinlig sjølvopptatt. I stemningsfulle vendingar syng han sin melankoli slik at det like godt kunne vore tilhøyraren det handla om.

Lent mot tradisjonen omreisande trubadurar som Jimmie Rodgers, Leadbelly, Woody Guthrie, Hank Williams og Lightnin» Hopkins har gjort før, gjer han sine viser, sin country og sin blues med ei stemme som sangpedagogar sikkert vil kalle limitert. Likevel hentar Townes fram meir følelse og meir nyanse enn dei fleste skolerte tenorar evner. For han er ein av desse som berre har det. Han er ikkje vakker, har ingen medfødt autoritet eller coolness. Derimot har mannen ein varsom aura av sitrande nerve som treff ganske kontant idet han åpnar munnen og lar tonane fylle rommet.

Songane: Eg har nemnt Pancho & Lefty, og det er 25 til her. Eg skal ikkje påstå at alle er like skinande, nokre av låtane har meir som oppgåve å pausa høgdepunkta, være eit lite, ubetydelig pusterom (spesielt gjeld dette cover-låtane han gjer). Best frå denne vesle bunken er hans eigen talking-blues sak Fraternity Blues, her viser Townes seg frå ei ganske humørfullt side, og legger dermed for dagen at han tross alt ikkje kun spaserer på mismotet sine vegar, men og ser avstikkarane der meir optimistiske kjensler rår. Ja, han drar til og med nokre vitsar innimellom! Likevel, det er ikkje til å komme frå at det er i låtane der melankolien regjerer at Townes verkeleg trollbind. Den djupaste formen for angst og pessimisme manar han fram i klassikarar som Kathleen («It’s plain to see, the sun won’t shine today. But I ain’t in the mood for sunshine anyway») og Lungs («Stand among the ones that live, in lonely indecision»). Vakre Tecumseh Valley er så hjerteskjærende som ein trist historie kan bli. Og i den fatalistiske folkblues-låta Waitin» Round to Die skildrar han mannen som etter for mange prøvelsar til slutt finn ein trufast venn, og «his name’s codeine».

I andre tilfelle klarer hovedpersonen å finne gløtt av håp:

Days up and down they come, 
Like rain on a conga drum, 
Forget most, remember some, 
But don’t turn none away. 

Slik lyder det i magiske To Live Is to Fly. Medan If I Needed You er ein lyrisk og varleg hyllest til skjør kjærleik. Tilsynelatande fornøyd er også hovedpersonen i Loretta, men han lever nok på ei ganske så skrøpelig livsløgn. Og så har vi Don’t Take It to Bad, She Came and She Touched Me, Rex’s Blues, For the Sake of the Song, ja sneset er fullt med tandre og akk så vakre låtar frå denne intime stunda på The Old Quarter.

Så hadde noko slikt som ei tidsmaskin eksistert veit eg om eit reisemål som står høgt på lista mi. Det er ein liten klubb i Houston, Texas, det er ein heit julidag i 1973, og ein poet har på sitt stillferdige vis akkurat entra scenen…

I samband med 30 årsjubileet for hendinga vart plata gjenutgitt på CoraZong records. I motsetning til kva tilfellet er med tidlegare reutgjevingar på CD, har alle spora frå den originale LP-plata denne gang fått plass. I tillegg er det eit innbydande hefte her med fleire små essay og songtekstar, pluss nokre amatør-video opptak frå ein singer/songwriter affære i 1990 (til avspeling i MPEG format på datamaskina).

Denne bør ein ha.

10/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)