1973; ein varm julikveld i Houston, Texas. Townes van Zandt har entra scenen, og det er magi i lufta.
Eg har ein mistanke om at ikkje alle er klar over det, men når det kjem til det å skrive og synge sangar er Townes Van Zandt ein av dei finaste som har vandra rundt på vår arme jord. Steve Earle sa eingong; «Townes Van Zandt is the best songwriter in the whole world, and I’ll stand on Bob Dylan’s coffee table in my cowboy boots and say that». Kanskje tar den godaste Steve litt vel hardt i her, men ikkje verre enn at det godt kan få stå uimotsagt for min del.
Det er juli 1973. Townes van Zandt har sidan platedebuten i 1968 levert seks fine album med sjølvskrevet materiell. Fire kveldar på rad har han opptrådt på ein liten klubb i Houston kalt The Old Quarter. Han er klar for sin femte. Det er trengsel, over 100 mennesker på eit minimalt areal. Det er varmt, veldig varmt, og luftavkjølingsanlegget er kaputt. Under slike alt anna enn perfekte omstendigheter er det Townes kun utstyrt med sine sangar, si stemme og sin akustiske gitar skal tilfredsstille eit kresent publikum.
Det er mange måtar å møte sitt publikum på. Frå eit sjølvsikkert «I’m back», eit rungande «Hello» eller til berre å dra i gang nokre heftige saker. Johnny Cash hadde sin faste og myndige «Hello I’m Johnny Cash». Townes Van Zandt kjem luskande ut, og med litt keitete bevegelsar stiller han seg framfor mikrofonen. Nesten litt flau ytrar han eit lavmælt «thank’s a lot» idet applausen stilnar. Han ber så om årsaking for at air condition anlegget ikkje fungerer, før han plukkar i gang Pancho & Lefty. Sangen om den fridomssøkande og fredlause Pancho, og hans skjebne «on the deserts down i Mexico». Ein skjebne som i neste omgang også skulle få konsekvensar for Lefty, for; «the dust that Pancho bit down south, ended up in Leftys mouth». Eit fatalt drama, fortald med poetisk kraft og til ein tone henta frå den ørkenraude himmelen som både Pancho og Lefty sikkert kom til. Slik, med ein enkel sang og ingen andre gestar fangar Townes sitt publikum, og der blir dei til siste tone av Only Him Or Me døyr ut.
Townes van Zandt er den vemodige trubadur, skildrar av smerte, ei jaga sjel. Poeten med den varme stemma. Ein evig vandrar, med gitaren som sin trufaste følgesvenn. Langs vegen gjer han seg godt kjent med både gambling, svir, dop og den påfølgande angsten og vanviddet. Og han syng nok livet sitt han som mange andre, men aldri pinlig sjølvopptatt. I stemningsfulle vendingar syng han sin melankoli slik at det like godt kunne vore tilhøyraren det handla om.
Lent mot tradisjonen omreisande trubadurar som Jimmie Rodgers, Leadbelly, Woody Guthrie, Hank Williams og Lightnin» Hopkins har gjort før, gjer han sine viser, sin country og sin blues med ei stemme som sangpedagogar sikkert vil kalle limitert. Likevel hentar Townes fram meir følelse og meir nyanse enn dei fleste skolerte tenorar evner. For han er ein av desse som berre har det. Han er ikkje vakker, har ingen medfødt autoritet eller coolness. Derimot har mannen ein varsom aura av sitrande nerve som treff ganske kontant idet han åpnar munnen og lar tonane fylle rommet.
Songane: Eg har nemnt Pancho & Lefty, og det er 25 til her. Eg skal ikkje påstå at alle er like skinande, nokre av låtane har meir som oppgåve å pausa høgdepunkta, være eit lite, ubetydelig pusterom (spesielt gjeld dette cover-låtane han gjer). Best frå denne vesle bunken er hans eigen talking-blues sak Fraternity Blues, her viser Townes seg frå ei ganske humørfullt side, og legger dermed for dagen at han tross alt ikkje kun spaserer på mismotet sine vegar, men og ser avstikkarane der meir optimistiske kjensler rår. Ja, han drar til og med nokre vitsar innimellom! Likevel, det er ikkje til å komme frå at det er i låtane der melankolien regjerer at Townes verkeleg trollbind. Den djupaste formen for angst og pessimisme manar han fram i klassikarar som Kathleen («It’s plain to see, the sun won’t shine today. But I ain’t in the mood for sunshine anyway») og Lungs («Stand among the ones that live, in lonely indecision»). Vakre Tecumseh Valley er så hjerteskjærende som ein trist historie kan bli. Og i den fatalistiske folkblues-låta Waitin» Round to Die skildrar han mannen som etter for mange prøvelsar til slutt finn ein trufast venn, og «his name’s codeine».
I andre tilfelle klarer hovedpersonen å finne gløtt av håp:
Days up and down they come,
Like rain on a conga drum,
Forget most, remember some,
But don’t turn none away.
Slik lyder det i magiske To Live Is to Fly. Medan If I Needed You er ein lyrisk og varleg hyllest til skjør kjærleik. Tilsynelatande fornøyd er også hovedpersonen i Loretta, men han lever nok på ei ganske så skrøpelig livsløgn. Og så har vi Don’t Take It to Bad, She Came and She Touched Me, Rex’s Blues, For the Sake of the Song, ja sneset er fullt med tandre og akk så vakre låtar frå denne intime stunda på The Old Quarter.
Så hadde noko slikt som ei tidsmaskin eksistert veit eg om eit reisemål som står høgt på lista mi. Det er ein liten klubb i Houston, Texas, det er ein heit julidag i 1973, og ein poet har på sitt stillferdige vis akkurat entra scenen…
I samband med 30 årsjubileet for hendinga vart plata gjenutgitt på CoraZong records. I motsetning til kva tilfellet er med tidlegare reutgjevingar på CD, har alle spora frå den originale LP-plata denne gang fått plass. I tillegg er det eit innbydande hefte her med fleire små essay og songtekstar, pluss nokre amatør-video opptak frå ein singer/songwriter affære i 1990 (til avspeling i MPEG format på datamaskina).
Denne bør ein ha.
10/10
Først publisert på Groove.no (i 2004)