Tag Archives: The Colors Turned Red

The Colors Turned Red – All The Way Up

Standard

Og så vart alle fargane grå.

cover  Dette er vel eigentlig berre trist. Trist og unødvendig. Ja, det er som om ein kunne endre det siste ordet i bandnamnet til denne kvintetten frå Haugesund frå red til grey.

Ved hjelp av eit kritikarhylla debutalbum, fylgt av ein snarleg retrett frå heile styret, skapte dei seg etterkvart ein aldri så liten legendestatus. Ein litt hol ein, vil eg då hevde. For albumet deira viste seg vel eigentlig ganske så fort å ikkje kunne leve opp til gjetorda frå kritikarane. The Colors Turned Red sitt forsøk på å omdanne poptonen frå 60-talet på eit inspirerande vis var dessverre pakka inn i eit altfor dansk, flatt og heller datert lydbilete.

I fjor dukka det så opp ein sommarlett og for så vidt hyggelig nok liten fire-spors EP som bar visse bod om at det kanskje var ein aldri så liten revansje i emning. Det er det ikkje. All the Way Up er nemlig plata som The Colors Turned Red aldri skulle ha gitt ut. Den saknar det meste som skal til for at popmusikk skal stå fram som vital og interessant. Den saknar gode melodiar, den saknar dynamiske og pasjonerte arrangement, den saknar interesseskapande tekstlinjer, den saknar glød og vitalitet.

Visst viser låtskrivar Haakon Larsen at han kjenner til korleis ei vinnande melodilinje skal låte. Dessverre viser han det berre i mikroskopiske porsjonar. I deler av versa i tittellåta, tidvis bakom eit klabbete arrangement i I Saw Her Again Last Night, i ei og anna linje i Lady on My Mind, og i dei første sekundane av den Descartes-omskrivne I Feel, Therefore I Cry. Litt her og litt der altså, det blir ikkje fullgode låtar av slikt. Det blir halvvegs-låtar. Og ein halvvegs poplåt har det best i skrivebordsskuffa. Eller eventuelt på omarbeidingspulten. Der kunne Larsen kanskje også gjort eit og anna med dei heller platte og tomme tekstane.

Store deler av albumet er spelt inn live i studio. Noko som i utgangspunktet vitnar om ei ubunden og organisk innstilling. Men denne innstillinga er ikkje blitt fanga opp og gjort til ein del av det endelige resultatet. For det er av det meir strevsame og oksygenfattige slaget. Forsøka på å skape dynamikk verkar ofte nokså vaklande og tilfeldige. Og det som burde stått fram som eit overskotsprosjekt, står heller fram som noko kraftlaust og matt (og står såleis i stil med det anemiske coveret).

Bandet snakkar om å spele inn endå ei plate. Vel, kanskje det, ryktet er jo allereie øydelagt. Og så mykje verre kan det jo ikkje gå.

2/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

The Colors Turned Red – Summer EP

Standard

Bandet som forsvann for 16 år sidan kjem tilbake som ein poplett sommarbris.

cover  Allereie før Haugesundskvintetten The Colors Turned Red albumdebuterte våren 1988 var det opplest og vedteke i norsk musikkpresse at plata skulle vere ein norsk popsensasjon. Som kjent har profetiar ein tendens til å verte sjølvoppfyllande. Så det tok ikkje lang tid ifrå plata hadde inntatt ulike musikkskribentar sine musikkanlegg til ravande omtalar nådde oss. I ei nær slekta transe gjekk så nokre tusen av oss straks av garde for å skaffe oss «tidenes beste norske plate på engelsk» (Kjetil Rolness, Nye Takter). For ein kunne jo ikkje gå glipp av «en debut-LP som setter en helt ny standard for hva pop bør være i Norge» (Torgrim Eggen, Beat).

Den første veka i selskap med LPen var ein sikker på at musikkpressa tala sant. Men når suggesjonskreftene kom litt på avstand byrja kvardagen å melde seg. Var nå dette så bra likevel? Det byrja snika seg inn ei ubehageleg kjensle av at dei fabelaktige poptonane eigentlig var litt kraftlause og kunstferdige. Låtane, The Big Balloon, Too Proud to Tell, ja dei fleste av Haakon Larsen sine komposisjonar var nok i utgangspunktet sydd saman i eit melodisterkt og smart popmønster, men det var noko med innpakkinga. Og hovudansvaret for at denne etterkvart skulle vise seg å ikkje yte låtane full rettferd låg hos den danske produsenten Robert Falcao. Ein kar som hadde forelska seg i siste mote innan digital popføring. Resultat; avsjeling. Eg har prøvd å hente fram plata nokre gonger sidan. Konklusjonen blir den same kvar gong; potensiell stor pop er fanga i eit irriterande datert og til tider livlaust lydbilete.

Eit halvt år etter at underteikna hadde gjort sine trasige oppdagingar (og sannsynlegvis Rolness, Eggen og fleire andre også) la bandet like godt inn årene. Og borte blei dei. I seksten år. I desember 2004 dukka dei så opp med eit nyinnspelt spor på ein lokal jule-CD. Og sanneleg om dei ikkje følgjer opp med ein firespors sommar-EP også.

Denne gongen har dei ikkje dratt så lange vegen for å spele inn sakene, og produsent er Bjørn Fløystad (Melt, Wholy Martin med fleire). Ein kar som maktar å fange fine poptonar utan å få tvangstankar i retning strigling og slikt. Resultatet er liketil, sorglaus og sommarfrisk popmusikk. Ja det var nok ein kar med liknande innfallsvinkel dei skulle fått med seg sist, då hadde det kanskje blitt det albumet profetiane snakka om.

New California er dreidd i yndige tonar frå ein vestkyst nokre tusen mil lenger vest enn Haugesund. Summer Single leikar på poplett vis med noko av den same haldninga til å verta singel som det Fiery Furnaces gjorde med sin Single Again frå i fjor. I Fair Enough legg vokalist Johnny Hazard stemma si eit hakk høgare og syng godlynte linjer om det lukkelege livet. Avsluttande Lyn er den mest energiske, og plasserer seg ein stad midt mellom The Crystals og Teenage Fanclub. Slett ikkje banebrytande saker, og heller ikkje dei beste låtane Larsen har komponert, men ein liten sympatisk aperitiff på noko som forhåpentlegvis vert prima saker. For ingenting hadde vore kjekkarane enn om albumet dei har planlagt å ha ferdig for ei tidleg 2006-utgjeving blir ein aldri så liten revansje (Haakon Larsen har visst nærare 200 låtar liggande, det skulle slett ikkje forundre meg om nokre av desse er av det poptastiske slaget).

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)