Tag Archives: Songs of Praise

Shame – Songs of Praise

Standard

Postpunk, frå ein garasje i Sør-London, som har sitt å melde.

Bilderesultat for shame songs of praise  Det er blitt meg fortalt at dei kjem frå Sør-London. Dei fire jyplingane som kallar seg for Shame, og som spelar musikk som ikkje akkurat stiltrar seg ut gjennom høgtalarane der borte. Det er også blitt meg fortalt at dei har latt seg inspirere av The Fall, mellom anna. Det meiner eg også å kunne høyre, av lyden som kjem ut av høgtalarane der borte. Og det er ikkje akkurat dårleg, verken at dei kjem i frå Sør-London og kan høyrast slik ut, eller at dei har latt seg inspirere av The Fall, eller den der lyden som kjem mot meg frå høgtalarane der borte. Litt meir straumlinjeforma enn det Mark E. Smith har hatt føre seg i The Fall, men ikkje spesielt straumlinjeforma av den grunn. Ein plass i området punk, postpunk og garasjerock.

Songs of Praise kallar dei debutalbumet sitt, og låner såleis tittel frå eit ærverdig BBC-program av religiøs art. Eit lån som vel kan tilskrivast den sarkastisk-ironiske sida til den unge kvintetten. For ei slik side har dei jo absolutt, det kan høyrast. Blanda opp med litt klassisk engelsk nebbete arroganse, samt ein absolutt dugande dose sjølvironi, så skulle ein vel byrja nærme seg det som går føre seg reint tekstleg i dei ti songane på plata.

Well I’m not much to look at
And I ain’t much to hear
But if you think I love you
You’ve got the wrong idea

Og der er vi inne i refrenget på One Rizla. Eit fengande nummer om gule fingertuppar, dårleg råd og dårleg pust, der det blir hevda at det trass alt er betre å vere «fucked than sad». Eller…? Hovudpersonen i shake-me-up garasjepunklåta Gold Hole er fucked på minst to måtar. Ho er ei ung kvinne, og har ei affære med ein eldre rik mann. «She wants the money, it comes with his cream» – Metoo stoff.

What’s the point of talking
If all your words have been said?

Det motlause spørsmålet blir stilt i opningssporet Dust On Trial. Og dette med kommunikasjon, og mangel på slikt, er eit tema som hyppig dukkar opp undervegs på albumet. «I hope that you hearing me» blir gjentatt fleire gonger, medan bassen pulserer og gitartonar dyppa i klassisk postpunk syng med, i sterke Concrete. «I don’t want to be heard if you’re the only one listening» slår vokalist Charlie Steen ganske så snerrande fast i The Lick. Eit bassgrooovy og seigt rullande nummer der denne Steen både snakkesyng og hamnar uti det skrikande. Ein song som forresten også har eit fornøyeleg vers om moderne musikk-konsumering. Eller kanskje meir spot-on enn fornøyeleg?: «You sit around in a circle and skip one minute and thirty seconds into the chorus, So we can all sing along and gaze and marvel at the four chord future».

Eg kjem ikkje unna å nemne Friction heller. Ein song som skaper interesse av fleire grunnar enn at den har same tittel som ein klassisk Television-låt. Til eit energisk framoverlena groove snerrar songaren i ei slags Ian Dury-stil fram spørsmål av både moralsk og bitande karakter, av typen «Do you over use the technique of not thinking before you speak?». Til slutt spelar dei ein song kalla Angie, som ikkje er ein Stones-ballade, men for så vidt deira ballade. Shame sin ballade, ein der dei både dyrkar monotonien og det ekspanderande. På dugande vis. På eit album eg har registrert har forårsaka ein aldri så liten hype. Mitt forhold til det er vel kanskje av det meir edruelege slaget. Men det er nå det beste som har nådd meg av ny musikk dei første vekene av 2018, og det er då noko…

7/10

TIDAL: SHAME – SONGS OF PRAISE