Tag Archives: Norman Fucking Rockwell

2019: Eit lite årsoppgjer

Standard

 

Popkroken tar ein liten snartur ut av dvaletilstanden og slår fast at det har komme ut ein bunke bra album i året som snart er til ende. I alle fall 30:

 
Norman Fucking Rockwell

1. Lana Del Rey – Norman Fucking Rockwell
«We were so obsessed» syng Lana Del Rey, «with writing the next best American record» syng Lana Del Rey, «’cause we were just that good» syng Lana Del Rey. Og eg tenker ho er inne på noko. For med Norman Fucking Rockwell har Lana Del Rey og hennar medsamansvorne gjort eit album av sterkt vanedannande karakter. På lav puls, i elegante melodiske vendingar byr ho på fjorten songar som aldri er noko mindre enn kjærkomne. Vestkyst-retro og ytst moderne på same tid.
Albumet er stappfullt av referansar til den popkulturelle historia, men i eit perspektiv som både er personleg, aktuelt og tidlaust. Lana Del Rey gjer ikkje krav på å vere 100% autentisk, ho byr på seg sjølv samstundes som ho gøymer seg bak smarte formuleringar, ein veit aldri heilt kor ein har ho. Ho beskriv seg som «your little Venice bitch», ytrar at ho er «your man», og hevdar at «hope is a dangerous thing for a woman like me». Det siste i ein umåteleg vakker pianoballade som balanserer det skjøre og det indignerte, og som konkluderer med at «I have it», håp altså. Og eg, eg har tru på at dette er eit album eg kjem til å leve tett på i årevis framover.
Utan nokon som helst tvil årets beste.

2. Fontaines DC – Dogrel
Dogrel har ein smart poetisk snert, og den er heilt Dublin, og den er ganske universell, og den kjem i ei sonisk postpunk-innpakking som ikkje vik ein tøddel.

3. Jenny Lewis – On the Line
Jenny Lewis overtyder kanskje meir enn nokon gong med dette albumet. Fullt opp av tonar som har 70-talet og det som blir kalla vestkystrock i seg, men som dansar lettbeint med samtida.

4. The Comet Is Coming – Trust In the Lifeforce of the Deep Mystery
Saksofonisten Shabaka Hutchings altså. I fjor var det groovy jazz med Sons of Kemet. I år, med eit litt anna lag, flyt det litt meir rundt, men groovet blir ikkje gløymt, og det heile blir om lag like attraktivt.

5. Nick Cave & the Bad Seeds – Ghosteen
Ikkje så mykje Bad Seeds. Men det er greitt det, for langsamt, langsamt flyt mørke, vakre songar fram i lyset.

6. Erlend Ropstad – Brenn Siste Brevet
I skjæringspunktet mellom melankoli og livsgnist, Thåström og Winnerbäck, konvensjonelle tonar og desperate steg har Ropstad nok ein gong skapt eit album som dirrar av menneskelegheit.

7. Priests – The Seduction of Kansas
Songar som i sonisk målestokk ikkje er skore over ein og same lest, men der ein rock’n roll-energi med slektskap til punk og postpunk er høyrbart til stades.

8. The Highwomen – The Highwomen
Fire veletablerte damer i countrysjangeren møtest over songar som overgår det meste av det dei har gjort kvar for seg.

9. Sharon Van Etten – Remind Me Tomorrow
Tangentar og synthesizerar dominerer bildet, saman med røysta til Sharon Van Etten, og ein bunt songar som spenner frå det lett tilgjengelege til det noko meir krevjande.

10. Big Thief – Two Hands
11. Big Thief – U.F.O.F

Ein folkrockkvartett som har vore skikkeleg produktive i år. To album. Begge like bra forsynt med låtar som utan store fakter finn vegen. Men der høgdepunktet likevel er låta som bråkar mest, ganske enkelt titulert «Not».

12. Purple Mountains – Purple Mountains
Silver Jews blei lagt ned og Dave Berman stod opp att som Purple Mountains. Med eit knippe triste songar på baklomma. Og så døydde han.

13. Vampire Weekend – Father of the Bride
Dei er lett å kjenne att, der dei serverer sin luftige og lettbeinte angloamerikansk pop tilsett ein dæsj afropop. Men med litt meir psykedeliske innslag denne gongen.

14. Black Midi – Schlagenheim
Fire unge karar frå London byr på prog-punk som ikkje akkurat går den beinaste vegen til lyttaren.

15. Simon Joyner – Pocket Moon
Han sit der borte i sin Omaha-krok, med sin gitar, sine tonar, sine ord, og skaper songar som ein annan Townes Van Zandt.

16. Girl Band – The Talkies
På sitt beste, i låtar som Shoulderblades og Going Norway, serverer Dublin-kvartetten bråk og energiske punk-utblåsingar av det nødvendige slaget.

17. Amyl and the Sniffers – Amyl and the Sniffers
Rå og inspirert garasjepunk frå ein albumdebuterande Melbourne-kvartett.

18. Ezra Collective – You Can’t Steal My Joy
Ein jazzkvintett med eit afrikansk rytmemønster i årene, som miksar hiphop og rhythm & blues opp i gryta.

19. Better Oblivion Community Center – Better Oblivion Community Center
Phoebe Bridges og Conor Oberst finn så absolutt folkrocktonen på dette samarbeidet her.

20. The Murder Capital – When I Have Fears
Eit band frå ei frisk postpunk-scene i Dublin. Dei viser at dei har livets rett, og vel så det.

Og så vidare… med ti bra til:
21. Billie Eilish – When We All Fell Asleep, Where Do We Go?                                      
22. Desperat Journalist – In Search of the Miraculous                                                    
23. W.H. Lung – Incidental Music
24. The National – I Am Easy To Find                                                                                 
25. Weyes Blood – Titanic Rising                                                                                         
26. Peter Perrett – Humanworld                                                                                         
27. Drahla – Useless Coordinates                                                                                        
28. Angel Olsen – All Mirrors                              
29. Warmduscher – Tainted Lunch                 
30. Signe Marie Rustad – When Words Flew Freely