Tag Archives: Ladybug Transistor

The Ladybug Transistor – The Ladybug Transistor

Standard

Ei marihøne gjer ingen fortred. Eller: Ein ny dose yndig popmelankoli frå Ladybug Transistor.

cover  Det er ikkje plass for så mange unotar i Ladybug Transistor sin ganske tekkelige popverden. Her er det nemlig den mjuke og velmeinte tilnærminga som rår. Slik har dei sine slektningar i skotske Belle & Sebastian, sjølv om Ladybug duvar skånsomt avstad i eit meir orgel- og piano-dominert lydbilde, og tilset velvillig små dosar med strykar-lyd. Det er vel heller ikkje heilt villeiande å påstå at ein kan ane spor etter gamle softrockarar som til dømes Neil Diamond og Glen Campbell.

Med denne sjølvtitulerte plata er bandet framme ved sin femte album-utgjeving sidan starten på midten av 90-talet. Dei har heile tida vore nært knytta til området rundt frontfigur Gary Olson sitt Brooklyn-baserte platestudio Marlborough Farms. Denne gangen har dei imidlertid reist langt vekk frå New York, heilt til Tuscon, Arizona. Der dei har fått Craig Schumacher, kjent for sitt arbeid med ganske annleis lydande artistar som Howe Gelb, Calexico, Neko Case og Steve Wynn, til å ta seg av produsent-jobben. Ladybug virkar imidlertid å være ganske så upåvirka av omgjevnadane, og har på ingen måte latt ørkenrottene få gjere særlig innhogg i deires milde framtoning. Likevel er det noko i Gary Olson sin nøkterne baryton (ikkje ulik Lunas Dean Wareham eller Stephin Merritt frå Magnetic Fields) som kan leda tankane i retning av ein einsam kaktus mot ein gold bakgrunn. For sjølv om dei i første rekke dyrkar uskylden, er det absolutt meir enn eit snev av både vemod og lengsel i tonane dei serverer.

Den leiande krafta i Ladybug Transistor er altså Gary Olson, han er og den einaste som har delteke på alle utgjevingane. Til å bidra med vennlegsinna tonefølge har han denne gong som tidlegare med seg ein fin liten gjeng, dei fleste med lause forbindelsar til det oppegåande Elephant 6 kollektivet. Mest synleg er den verksame Sasha Bell (ho har tidlegare i år gitt ut album både som medlem av Essex Green, og som soloartist under pseudonymet The Finishing School), med sin engleaktige stemme slepp ho til som sjefsvokalist ved to tilfeller. Og både The Places You’ll Call Home og Hangin» On the Line er smittande poprock levert med både ynde og driftighet, og skapar eit dynamisk avbrudd i Olson sin formel. Men når det er sagt, det er slett ikkje uefne saker Olson har på programmet når han stig fram til mikrofonen heller. Nydelige These Days In Flames er tungsinn gøymt bak trivelige pianotonar. Lett å like er også yppig slentrande In December. Den steelgitar-draperte 3=Wild fører tankane mine i retning det australske praktbandet The Triffids. Mens den lett jazzige Choking On Air nærmast kunne vore ein sak for Kurt Wagner og hans eminente Lambchop. A Burial At Sea er og storveges der den snor seg mellom eit enkelt akustisk lydbilde og eit langt mektigare og fleirstemt landskap.

Kanskje kunne ein av og til ønska seg litt meir temperatur, men det er liksom ikkje det som er Ladybug sitt ærend. Så då er det vel berre å finne horisontalen på sofaen, og nyte ei lita sval stund i selskap med hyggelige tonar frå eit fredsommelig orkester.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

 

Essex Green – The Long Goodbye

Standard

Velgjerande og innbydande pop i det grønne for fløyte og gitar.

cover  The Long Goodbye er det andre albumet frå Essex Green, men som det høver seg for eit Elephant 6-band har dei sjølvsagt fleire jern i elden. Både Sasha Bell og Jeff Baron er fullverdige medlemmer av det fine poporkesteret The Ladybug Transistor, trioen har i tillegg gitt ut ei plate under eit anna navn; The Sixth Great Lake.

På The Long Goodbye serverer The Essex Green oss ein dose velgjerande popmusikk. Denne gongen er syrefaktoren skrudd ned til eit minimum, med det resultat at det er blitt eit mildt og vennligsinna framstøt. I samvær med denne plata kan ein føle seg trygg på at det ikkje kjem uventa bakholdsangrep i form av forvrengte gitarkaskader, ukontrollerte vokale utbrudd eller andre unotar. Risikoen ved å innby til eit slikt behagelig selskap er at det fort kan utvikle seg til kjedsomhet og lange gjesp. Noko denne gjengen elegant unngår med sin friskhet, sine småskrudde innfall samt utvungne musikalitet.

Essex Green har henta inspirasjon frå fleire kjelder, men først og fremst frå ulike idear som rørte seg den siste halvdel av 60-talet. Bandet flettar saman tonar frå psykedelia, folk, country, prog og lagar sin eigen lett melankolske popkollasj.

Noko av bandet sin eigenart kjem til uttrykk gjennom Sasha sitt liflige fløytespel, og det er nettopp slike tonar som bles i gang plata på åpningsporet By the Sea, eit kutt som når sitt klimaks i ein heftig duell mellom fløytetonar og gitardriv. Dette drivet fortsetter i den driftige powerpop-møter-Beach Boys låta The Late Great Cassiopia, der Sasha dessutan syng i eit høgare toneleie enn ellers på plata. For det er ei meir avmålt, men samtidig ytterst sensuell stemme vi møter i sangar som til dømes det perfekte popnummeret Whetherman, med eit enkelt og klassisk refreng. Ein langt meir monumental retning tek dei på den nesten episke Our Lady In Havana, som kviler seg på varme orgeltonar og strykarar; vakker kammerpop.

Det er slett ikkje berre Sasha som syng i dette bandet, på nesten halvparten av spora tar Christian Ziter seg av det vokale. Slik han gjer det på den Morricone-infiserte og dramatisk oppbygde countryfolk låta Lazy Man. Eller når vi blir skjenka country med litt psykedeliske undertonar i nydelige Julia. Sånn kunne eg fortsett og fortalt noko fint om dei fleste sangane på denne plata, for The Long Goodbye er ganske enkelt 40 minuttar med innbydande popmusikk, frå eit band som har brukt den musikalske arven til å skape sin eigen lille verden stundom i løyndomsfulle hagar, andre gonger på ei grønn eng. Heile tida sindig men intenst tilstades i musikken.
Det er sanneleg godt at det finst band som The Essex Green også.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)