Tag Archives: Jake Ziah

Jake Ziah – Lights and Wires

Standard

Med dramatiske fakter, filmatiske evner og eit ikkje altfor lettfattelig melodimønster grip Jake Ziah etterkvart tak i deg.

6

cover

Eit godt stykke på sida av dei beine og straumlinjeforma tonar er det at Jake Ziah kjem sigande i eit ikkje altfor oppløftande tempo. Dei har vore her før, med eit debutalbum, som overtydde i alle fall denne lyttaren om at sidesporet dei hadde pensa inn på var av det slaget eg meir enn gjerne kunne fylgje nokre mil. Dei er stadig på det same sidesporet, dei er stadig verdt å fylgje.

Dei vart slett ikkje profetar i eige kongerike med det dvelande og skittengrå debutalbumet sitt These Days Do You No Justice. Ei viss rettferd vart dei likevel til del, då det smått om senn byrja dukke opp små fanskarar i utlandet. I Amerika, i Japan og i Frankrike. Ja særlig i Frankrike. Derfor kanskje ikkje så underlig at dei fekk spele under MIDEM 2008 i Cannes, som einaste norske rockeband.

Jake Ziah sine to dominerande skikkelsar er, som det alltid har vore, Syvert Feed og Arnar Vågen. Dei deler på låtskrivinga, dei har begge ei rusten røyst som ber songane langs eit spor av blødande, primitive og tidvis slitne strenger, forbi truande feedback og fyrige orgeltonar, ofte med eit ikkje altfor gangbart rytmemønster i ryggen. Det siste er det trommis Kristian Husby som skal få mykje av æra for. Når albumet no ser dagens lys er han visstnok ikkje lenger ein Jake Ziah, han har dratt heim til garden sin. Dei siste månadane har bandet i staden hatt med seg trommeveteranen Paolo Vinaccia når dei har spelt live. Det fjerde (men no altså tredje) faste medlem i banden heiter Daniel Henriksen. Kva han gjer er noko uklart. Men han har sikkert gjort sitt til at Lights and Wires har blitt ein verdig oppfylgjar til det tre år gamle debutalbumet.

Ånda som driv dei er stadig den same. Det er ei ånd som kjem blåsande frå Americanasteppene sør for bibelbeltet. Men ikkje strake vegen. Eg har den også mistenkt for å ha vore innom eit par slaviske kneiper og kanskje eit medtatt sirkus i ei Parisisk bakgate før den slo ned som eit lettare forstyrra lyn i sofaen til dei unge herrane. Frå dette ulmande opphavet tyner så Jake Ziah fram tonar som aldri finn snarvegen til lyttarens hjerte.

Med marginal melodiøsitet og ein hang til å flørte med både monotoni og mørkleggjande tonegods og tankegods ber dei ikkje akkurat om å bli omfamna og sendt til topps på hitlister og slikt. Jake Ziah er nok snarare av den sorten som kjem krypande. Sakte, litt lumskt og utan ei fargesprakande drakt gjer dei sine framstøyt. Når ein har latt dei få lov til å gjere dette nokre gonger byrjar det inne i det grålege mylderet å vekse fram noko som kan minne om meir forgylte saker.

Aller først til å melde seg er Leave No Stone, i ein countryrockande og Walkabouts-gyngande valsetakt, med kraftfullt lengtande orgelsus, og med eit uttalt ynskje om å «leave nothing undone, no stone unthrown». Med bibelske referansar til djevelen i epletreet festar dei etterkvart eit kjellarklamt bluesgrep i Long Gone (the assassin). Grepet dei festar i This Time er på si side av det lausare og meir avstemte slaget, der dei i eit slepande, strengeraffinert og tidvis jazzstemt mønster slepp ein bakgatevandrar til med lovnader om at «this time my love, this time I’ll make it across». Utan at ein heilt klarer å tru på han.

Den mest intense og kanskje største stunda på plata er det seks minuttar lange kapittelet The Hammering. Ein skingrande saktedans der innbydande tonalitet sloss mot ramnsvart atonalitet i eit tiltakande kaos med religiøse undertonar og alt anna enn skuldfrie overtonar. Noko mindre givande synst eg at den lange klagande og monotone instrumentalutgangen på niminuttars opplegget The Kingdom er. Dei innleiande minuttane i same låt derimot, er akkurat så truande mørke og gnagande gode som det Jake Ziah kan vere. Og som dei ofte er på Lights and Wires.

I alle fall ofte nok til at plata fort kan snuse på tittelen årets norske, når året ein gong er omme.

Først publisert på Groove.no (i 2008)

Jake Ziah – These Days Do You No Justice

Standard

Nokre unge nordmenn med ei amerikansk ånd i sjela tar vaklevorne spaserturar blant storarta tonar.

cover  Rykta vil ha det til at det var ein marsdag i 2001 at den lunefulle musikkånda Jake Ziah tok bustad i sinnet til nokre unge menn i eit bukollektiv i Akersgata. Med seg hadde den gamle ånda strofer og skrøner frå eit langt liv blant grøderike tonar i Amerika. Han var der den gongen Dylan gjekk elektrisk, då Parsons fekk idéen om «the cosmic american music», då Springsteen følgte Mary ned til elva, og då Tom Waits fant sin sverdfisktrombone. Han har dansa i mangt eit midnattskor, og han har segla i mang ein storm. Han fører sine utpeikte inn der skyggane har overtaket og håpet berre er ein draum.

Jo da, dei har verkeleg fått ånda over seg denne firarbanden (pluss medhjelparar) i Akersgata. Syvert Feed og Arnar Vågen heiter dei to som er hovudansvarlege for dette materialet. Dei er låtskrivarar, syng, spelar gitar, pumpeorgel, bass, banjo, charango, farfisa, fløyte, og ein del til. Kristian Husby er rytmeansvarleg, og Daniel Henriksen korar, orkestrerar og organiserar. These Days Do You No Justice er deira debut i det langspelte formatet (dei gav ut ein 5 spors EP i 2003).

Med rust på stemmebanda, skeive strenger mellom fingrane, hanglete pedalar under lakkskoa og vågale takter i bakhovudet inviterer dei til ein vaklevoren spasertur blant storarta tonar. Vingle-gehalten blir spikra fast frå første tone. Sakte, knirkande, søvnig og med ein morbid trompet i front demonstrerer det instrumentale opningssporet Dresin/Sleeper at desse karane ikkje har tenkt å følgje dei mest opplagte vegar. Nå blir det rett nok aldri meir outrert enn dette (snarare mindre), og dei skeivaste lydane held seg som oftast i bakgrunnen, men eit forsøk på å få innpass i Coldplay-segmentet er no dette i alle fall ikkje. Nei, då er det nok heller det gode gamle «vi gjer det vi likar best og så får vi sjå om det finst andre som også likar det»-opplegget.

Langsamt og intenst manar dei fram melodiar som har kome til dei via sitt skuggetilvære i Amerika. Heartsong er countryballaden med Joshua Tree i ryggraden, Handsome Family i årene og The River i tankane («my beautiful Mary, I’ll cross that river dark and deep to hold you close»). For å følge Springsteen-sporet litt lenger så har både munnspeltonane og vokaldiksjonen i Round Here plukka opp eit og anna Nebraska-triks. Wouldn’t Change (a Thing) har og sine røter i litt av det same tonemiljøet. I lett slentrande driv, med eit par akustiske gitarar i front og mykje subtilt drivstoff i bakgrunnen tar «sorrow» knekken på «happiness». Noko forteljaren har få intensjonar om å gjere noko med, «cause I’m already gone».

Når ein kjem frå Norge, syng på engelsk og agerer livsvilkår som lett kan bli tatt for å vere amerikanske står ein alltid i fare for å blamere seg kraftig på tekstplanet. Vågen og Feed snor seg unna mang ein snubletråd betre enn dei fleste. Utanom eit par Springsteenske Mary-finter er her ingen direkte Amerika-koplingar. Dei lagar tekstar som skildrar ekte kjensler i ekte hjerter. Hjerter som like godt kan dunke og slå i Sandefjord og Beirut som i Phoenix og Tijuana. Formuleringsevna er intakt, poetiske utfordringar vert løyst og metaforane er oppegåande. Kort sagt velfunderte og gode tekstar.

«Stones to our burden and dust beneath our feet» vert det gjentatt med aukande intensitet i den dystre Waits-inspirerte Burn. Ein tekst det vel går an å tolke inn i både den krigerske uroen på indre plan og krig i større samanheng. Den meir ompa-aktige sida av Waits blir feira med mørke linjer i Silver Seeds. Safe serverer seindrektig lovsong til Gud, sonen, den heilage ande, månen og havet. Medan Steel Wire er eit melodiflott og stigande spørsmålsteikn. Konklusjonen dei tilslutt kjem fram til er at Time Is A Razorblade.

Med horisonten i ryggen, ånda i hjerta, lengsel i blikket og livet i kvart steg har desse karane skapt eit album som heilt sikkert vil vise seg å vere blant dei aller beste gjort av norske statsborgarar i år.

7/10

Først publisert på Groove.no i 2005