Ord som dukkar opp i tankane når eg høyrer på Vampire Weekend: Lett, sprett, varm, sjarm. Det går an å lage eit banalt dikt utav slikt. Det skal eg ikkje gjere. I staden kan eg kanskje gå vidare med å seie at den soniske situasjonen er ikkje veldig annleis på New York-bandet sitt fjerde album, enn det den har vore før. Bandet er umåteleg lett å kjenne att, der dei serverer sin luftige og lettbeinte angloamerikansk pop tilsett ein dæsj afropop. Så eg sitt her og smiler.
Men…
som før, melankolien er ikkje fråverande. På ingen måte. For dette livet, This Life, er ikkje å spøke med. Det er glede og det er smerte. Noko låtskrivar og songar Ezra Koenig denne gongen formidlar meir direkte enn tidlegare. Han nyttar seg av færre smarte metaforar. Legg det han har på hjarte meir synleg fram i lyset. Og der toler det å vere. Eg vil hevde at Koenig oftare enn dei fleste som driv på med slikt leverer pop-poetiske betraktningar som viser fram ein treffsikker snapshot av livet.
This life and all its suffering, oh Christ, am i good for nothing?
Om eg skal gje meg ut på å sirkle inn dei beste låtane på dette låtrike albumet (eit i vinylformat dobbeltalbum) så landar eg raskt ned på to. Eg avslører meg nok som lite original når eg då fortel at det er Harmony Hall og This Life. Både av melodiske og tekstlege årsaker har nett desse klistra seg fast i sjel og bringe.
Baby I know pain is as natural as rain, I just thought it didn’t rain in California
Nei graset viser seg sjeldan grønare på andre sida. Draumar smuldrar opp. Alle er vi berre ein i mengda. Og vi lurer kvarandre, og vi lurer oss sjølv, men livet, This Life, er trass alt det viktigaste vi har.
Slik er det nå eingong.
I don’t wanna live like this, but I don’t wanna die
Harmony Hall byr ikkje på berre fryd og harmoni. Bak den frodige tonen kan det ligge lumske saker på lur. Der ulmar kanskje eit undertrykt sinne. Det er ikkje sikkert vi vil sjå det, det er ikkje sikkert vi veit om det. Men om veggene kunne fortelje, ja så ville dei nok blant anna ha bore fram eit vitnemål om «wicked snakes inside a place you thought was dignified».
Frå trioen Haim har Koenig fått med seg Danielle Haim som både korist og duettpartnar på fleire spor. I Married In a Gold Rush står dei to nærast fram som ein ekvivalent til Johnny Cash og June Carter. Om enn ikkje som kone og mann i det verkelege livet. I det livet har Koenig sin Rashida Jones, og songen Stranger må vel oppfattast som ei stor kjærleikserklæring til henne. Frå ein mann, frå ein Ezra Koenig, som igjen har nytta sitt Vampire Weekend til å få tonar til å danse, lett, i ei usikker verd.