Tag Archives: Cato Salsa Experience

Two Bands and a Legend – Two Bands and a Legend

Standard

Det er hol i veggen i garasjen, det er derfor denne er her.

7

cover

2+2=4. Varmt + kaldt = lunka. Jazz + rock = jazzrock. Er du ikkje heilt einig?

Kanskje eg då heller skal seie det slik; jazzrock er ikkje lenger kva det var, i 1980, eller 81, eller 82, eller der omkring. Det har det ikkje vore på ei god stund. Heldigvis. 80-talet har generelt sett eit dårlig rykte. Ikkje heilt fortent, spør du meg, men den identitetslause og traurige jazzrocken som blei produsert desse åra fortener inga oppreising. Mezzoforte og Spyro Gyra, Level 42 og Kenny G, Jon Eberson og Pål Thowsen. Ivar Dyrhaug likte det, Spelemannskomiteen likte det, eg sovna ifrå heile greia. Og skulka samtlige jazztimar i fleire år framover.

Ein kveld mot slutten av åttitalet vart eg så, syndig og skitten, stemna In the Court of the Crimson King. Før eg hadde fått sett meg skikkelig tilrette kom ein 21st Century Schizoid Man dansane imot meg med raudsprengte kjakar og eit desperat blikk. Eg høyrde det var jazz, eg høyrde det var rock, og eg høyrte det var bra, skikkelig bra, så derfor nekta eg for at det var jazzrock. Eg lurte meg ut bakdøra, men hamna ganske fort i eit heftig kalas der dei serverte Bitches Brew. Eg vart kasta uti både Pharaoh’s Dance og eit heitt Voodoo-slag. Eg gjekk til sengs med nokre merkverdige vibrasjonar, lenge etter at natta var blitt til dag. Då eg vakna utpå ettermiddagen såg eg ikkje anna råd enn å starta eit reperasjonsarbeid. Det pågår enno, det går kanskje ikkje så fort, men det fører oftare enn kva ein kanskje skulle tru til både blåmerker og minneverdige opplevingar.

Dei to banda og legenda som er ansvarlege for albumet dette eigentlig skal handle om har stått for nokre av desse opplevingane. I glødande konsertformat, og på ein fem-spors live-EP. Dei ni spora på albumet dei gjer ut i desse dagar er spelt inn i studio. Og om ikkje ratt all konsertenergien har slått fylgje, så har i alle fall storparten av den funne vegen inn i Øystein Greni sitt Grand Sport Studio.

Dei møttest som kjent til sine første musikalske gnisningar under jazzfestivalen på Kongsberg i 2004. Sidan har dei braka i hop dann og vann for å rista litt i dei mest ortodokse oppfatningar av kva som høver seg. Reint musikk-ideologisk har dei vel aldri stått så altfor langt frå kvarandre. Cato Salsa og gjengen har jo nokre år no groova rundt i sin rock «n» soul garasje. Medan The Thing dei seinare åra har brote seg inn i eit par garasjar i nabolaget og grabba med seg både Aluminium og Art Star. Legenda Joe McPhee har på si side i ei årrekke frilyndt forska ut kva han kan få til med tenor-saksofonen og lommetrompeten sin.

Frå dei oftast vitja distrikta av garasjeland har åttemanns-banden plukka opp The Sonics sin klassikar The Witch og den nesten uunngåelige Louie Louie. Ja det er vel ikkje heilt feil å seie at Mats Gustafsson hentar sistnemnte opp ifrå rimelig ihjelspelt tilstand når han ved hjelp av hornet sitt prustar på den, riv og slit og ristar i den, før resten av gjengen introduserar seg, og smukk spelar den inn på kjente spor. Men verken Gustafsson eller McPhee lar den få drive vidare mot endestasjonen utan å utsette den for meir erting og filleristing undervegs. Du veit, dei kan dette med å få lyd i horna sine dei to karane. Skal vi titulere det for den beste versjonen sidan Stooges slo ein Metallic K.O på den får sånn ca. 30 år sidan?

Med unntak av den noko stereotype hardcore versjonen av PJ Harvey sin Who the Fuck, og den litt fargelause Too Much Fun er det improvisatorisk glød og rytmisk retning a la Louie Louie heile vegen til ende. Gustafsson sin eigen komposisjon Tekla Loo blir innleia med eldfull diktlesing av McPhee før den startar eit groovy ritt som vekslar mellom det melodiøse og det sterkt opphissa. The Nut, komponert av Gustafsson si tenåringsdotter Alva Melin, startar i eit orgelglødande og seigt Salsa-mønster, før The Thing overtar den og gjer den om til ei luftigare og travlare affære. James Blood Ulmer sin Baby Talk viser seg som ein turbulent luring, der instrumenta snakkar litt kvar for seg, men der groovet på sjonglerande vis skaper eit spirituelt samhald. Albumet sitt fredfulle og melodifokuserte alibi er You Ain’t Gonna Know Me «Cos You Think You Know Me, komponert av sør-afrikanske Mongezi Feza. Eit nesten litt naudsynt lite pust i bakken, i det elles drivande, krakilske og tidvis desorganiserte løpet som dette trass alt er.

Så nei, eg trur eigentlig ikkje vi skal kalle dette jazzrock. Eg trur i staden Thurston Moore er sterkt på sporet av noko når han stiller spørsmålet «is this superjazz?».

Først publisert på Groove.no (i 2007)

 

Cato Salsa Experience – No. 3

Standard

Ein medium dose Salsa: Her er energisk vilje, rytmisk dugleik men litt ujamn melodiføring og skrantande evne til spicy spissing.

cover  Eit forrykande innslag på Kongsberg Jazz 2004 og Vossajazz 2005 var kollaborasjonen mellom trioen The Thing (forsterka med amerikanaren Joe McPhee) og Cato Salsa Experience. Eit energifullt og særdeles næringsrikt møte mellom frijazz og groovy rock’n roll.

På CSX sitt tredje album, spelt inn i vekene etter vossajazz-seansen, er det likevel få spor av jazzbølgjer. Her går ferda vidare på vegen dei blinka seg ut den gong dei gav gass i 1998. I ein tjue sekundar lang opningssekvens ristar bandet av seg jazzjakka for så å styre seansen inn i ei rifftung og djupt Purple-influert batalje som truar med å brenne hol på natta. Samstundes som den klargjer grunnen for ei tokt der inspirasjonskjeldene stadig er band og artistar som hadde sine beste år i tidsrommet 1965-75 (les Rolling Stones, Led Zeppelin, The Who, The Stooges, Lynyrd Skynyrd).

På sitt førre albumframstøyt (The Fruit Is Still Fresh frå 2003) presenterte dei ei absolutt dugande låtrekkje, rimelig full av rytmisk kåtskap og med fleire innslag av melodisk velstand. Sjølv om temperaturen og meloditeften er noko lågare på No. 3, er dette ikkje verre enn at det skal la seg gjere å dele ut liknande karakteristika denne gongen også.

Ny sidan The Fruit Is Still Fresh er Bård Enerstad (han erstattar Nina Bjørndalen). Ein kar som i tillegg til å traktere tangentar og strengar tar seg av vokalen på nokre av spora. Slett ikkje dumt. Vokalen er nemlig ein aldri så liten akilleshæl hos CSX. Om det er Salsa sjølv eller andre som syng så vert resultatet ofte det same litt preglause, men kanskje då med eit unntak av nettopp Enerstad. I den medrivande Stones/Steppenwolf symbiosen It’s Gonna Be Easy er vokalen fleirstemt og plassert eit stykkje bak i miksen. Ei løysing dei kanskje kunne nytta seg av i større grad. Sørstatsrocken, og då særlig Lynyrd Skynyrd, har sannsynlegvis stått modell for den heite og gitarkvasse What a Day That Was. Frå same distrikt kjem også pianodrivne Take It Home. Ein temamessig artig sak om bandet som ein gong var stort men som no lyt nøye seg med å spele på ein «bar near you».

Eit sterkt aktivum på fleire av spora er Enerstad sine saftige orgeltonar. Tonar som spelar på lag med og utfyller det dansbare drivet bandet skaper. Av og til utfordrar karane dette drivet ved å skli over i vagt psykedeliserte retningar. Noko som ved enkelte høve kan skrivast på kontoen for skjerpande krydring, men som ved andre høve kan bli litt dynamikkforstyrrande. Ganske så heldig utav det kjem dei i den måneskinravande Milk For Revolution. Medan subtil psykedelia, skarpe retningskift og melodismarte løysingar kjenneteiknar albumet sitt kanskje beste spor Counting Down Your Dreams, med den lett oppgitte meldinga; «everywhere you turn, there’s a promise broken».

Alt i alt likevel ikkje fullt så sveitt og glødande som ein kanskje kunne ynskja seg det. Rykta skal forresten ha det til at CSX og The Thing har eit studiosamarbeide på trappene. Ser nok ikkje bort frå at omfanget av både sveitte og eldfullskap vil bli sterkare i den konteksten.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)