Ein medium dose Salsa: Her er energisk vilje, rytmisk dugleik men litt ujamn melodiføring og skrantande evne til spicy spissing.
Eit forrykande innslag på Kongsberg Jazz 2004 og Vossajazz 2005 var kollaborasjonen mellom trioen The Thing (forsterka med amerikanaren Joe McPhee) og Cato Salsa Experience. Eit energifullt og særdeles næringsrikt møte mellom frijazz og groovy rock’n roll.
På CSX sitt tredje album, spelt inn i vekene etter vossajazz-seansen, er det likevel få spor av jazzbølgjer. Her går ferda vidare på vegen dei blinka seg ut den gong dei gav gass i 1998. I ein tjue sekundar lang opningssekvens ristar bandet av seg jazzjakka for så å styre seansen inn i ei rifftung og djupt Purple-influert batalje som truar med å brenne hol på natta. Samstundes som den klargjer grunnen for ei tokt der inspirasjonskjeldene stadig er band og artistar som hadde sine beste år i tidsrommet 1965-75 (les Rolling Stones, Led Zeppelin, The Who, The Stooges, Lynyrd Skynyrd).
På sitt førre albumframstøyt (The Fruit Is Still Fresh frå 2003) presenterte dei ei absolutt dugande låtrekkje, rimelig full av rytmisk kåtskap og med fleire innslag av melodisk velstand. Sjølv om temperaturen og meloditeften er noko lågare på No. 3, er dette ikkje verre enn at det skal la seg gjere å dele ut liknande karakteristika denne gongen også.
Ny sidan The Fruit Is Still Fresh er Bård Enerstad (han erstattar Nina Bjørndalen). Ein kar som i tillegg til å traktere tangentar og strengar tar seg av vokalen på nokre av spora. Slett ikkje dumt. Vokalen er nemlig ein aldri så liten akilleshæl hos CSX. Om det er Salsa sjølv eller andre som syng så vert resultatet ofte det same litt preglause, men kanskje då med eit unntak av nettopp Enerstad. I den medrivande Stones/Steppenwolf symbiosen It’s Gonna Be Easy er vokalen fleirstemt og plassert eit stykkje bak i miksen. Ei løysing dei kanskje kunne nytta seg av i større grad. Sørstatsrocken, og då særlig Lynyrd Skynyrd, har sannsynlegvis stått modell for den heite og gitarkvasse What a Day That Was. Frå same distrikt kjem også pianodrivne Take It Home. Ein temamessig artig sak om bandet som ein gong var stort men som no lyt nøye seg med å spele på ein «bar near you».
Eit sterkt aktivum på fleire av spora er Enerstad sine saftige orgeltonar. Tonar som spelar på lag med og utfyller det dansbare drivet bandet skaper. Av og til utfordrar karane dette drivet ved å skli over i vagt psykedeliserte retningar. Noko som ved enkelte høve kan skrivast på kontoen for skjerpande krydring, men som ved andre høve kan bli litt dynamikkforstyrrande. Ganske så heldig utav det kjem dei i den måneskinravande Milk For Revolution. Medan subtil psykedelia, skarpe retningskift og melodismarte løysingar kjenneteiknar albumet sitt kanskje beste spor Counting Down Your Dreams, med den lett oppgitte meldinga; «everywhere you turn, there’s a promise broken».
Alt i alt likevel ikkje fullt så sveitt og glødande som ein kanskje kunne ynskja seg det. Rykta skal forresten ha det til at CSX og The Thing har eit studiosamarbeide på trappene. Ser nok ikkje bort frå at omfanget av både sveitte og eldfullskap vil bli sterkare i den konteksten.
5/10
Først publisert på Groove.no (i 2005)