Tag Archives: Broken Social Scene

Brendan Canning – Something For All of Us…

Standard

Ein sympatisk og groove-god bassmann, men ingen frontmann.

4

cover

Eg skal gje Brendan Canning rett i at det er Something på denne plata hans. Kor vidt det er Something For All of Us kjem vel meir an på korleis mannen definerer Us. Vidt eller indie-smalt. For eg trur neppe stoffet hans er av det slaget som vil få innpass hos den store hop av menneskeslekta. Og kanskje ikkje hos så altfor mange i eit smalare segment heller? Når det er sagt, dette er ikkje særlig smalare enn det bandet hans, Broken Social Scene, har presentert for oss gjennom ei handfull utgjevingar. Men det er langt unna å vere like interesseskapande.

Det var Brendan Canning som saman med Kevin Drew stifta Broken Social Scene for 6-7 år sidan. Men der Drew har stått fram i rolla som låtskrivar, vokalist og kreativt midtpunkt, har Canning helst helde seg nokre skritt bak og grove fram pumpande og effektfulle groove frå bassgitaren sin.

Det har vore fleire deltakarar med på Broken Social Scene innspelingar enn kva denne lyttar har planar om å finne ut av. Mange av dei har også gitt ut plater, enten som soloartistar eller i andre bandsamansetningar. For eitt år sidan kom Kevin Drew med sitt første soloalbum, Spirit of… Det var det første i ein, sannsynlegvis lausleg påtenkt, serie kalla Broken Social Scene Presents. Det var eit innhaldsrikt og vitalt album, med ei sonisk utforming som gjorde at det greitt kunne fått tildelt rolla som oppfylgjaralbum til moderkollektivet sitt sjølvtitulerte frå 2005.

Something For All of Us er plate nummer to i BSS Presents-serien. Det er mykje innhald her også, berre litt mindre enn hos Drew. Men det langt unna å vere eit like vitalt stykke musikk. Det soniske landskapet Canning beveger seg i er også lenger unna BSS enn det Drew var. Utan at eg har tenkt å gje han noko minus for nett det.

Minus får han for at fleire av låtane har eit grunnleggande uinteressant vesen. Vidare gjer eg han trekk for ei songstemme som vel må kallast temmelig veik og karakterlaus. Og det kan nok heller ikkje definerast som positivt at det er eit nokså matt og stasjonært preg over store deler av albumet.

Canning har på ingen måte gjort dette åleine. Til saman tjue musikarar har vore innom og gitt lyd frå seg under innspelinga. Folk frå både BSS, vennekrins og nabolag. Dei har gitt godt med lyd frå seg også. Det er nemlig eit lydgrandiost preg over store deler av plata. Ein til tider nesten ugjennomtrengelig vegg av lyd, der den elektriske gitaren har ei dominerande rolle. Då kan det minne litt om både Sonic Youth og diverse shoegaze-akter. Best utført i tittelsporet og i den rytmisk yppale Hit the Wall. Men elementa av kvit støy vert også dyssa ned i enkelte samanhengar, og det atmosfæriske blir hengande der som eit skånsamare, men ikkje altfor innhaldsrikt, monumentalt bilete. Eit lite pluss til sorgtunge Been At It So Long, som sym seg mot natt med langsame tak i eit vakkert svirlande modus. Eit anna pluss, frå eit meir pågåande sonisk hjørne, skal også bli gitt til melodisk oppegåande og bassdrivande Churches Under the Stairs.

Something er det her altså, men langt frå nok til at eg synest Canning eigentlig hadde trengt å ta seg bryet med å spele inn denne plata.

Først publisert på Groove.no (i 2008)

 

Jason Collett – Motor Motel Love Songs

Standard

Vemod, håp og bortgøymte skattar. Lite kjent kanadier søker, og gjer seg fortjent til, oppmerksomhet.

cover  Sjølv om Jason Collett har nærmare 15 år bak seg som aktiv musikar, kan ein vel ikkje seie at han har gjort seg bemerka i særlig stor grad. Mannen er i alle fall eit heilt nytt bekjentskap for underteikna, og sikkert for dei fleste andre også vil eg tru. Noko det truleg er meininga at denne utgjevinga skal rette litt på. For Motor Motel Love Songs er eit forsøk frå det vesle kanadiske plateselskapet Arts & Crafts (sannsynlegvis mest kjent for bandet Broken Social Scene, ein gjeng Jason også har spelt litt saman med) på å gjere dei beste sangane frå to tidlegare Jason Collett-album tilgjengelig for eit forhåpentligvis større publikum.

Hvis mine kjelder er av det pålitelige slaget, skulle følgjande være litt biografisk fakta: Canadieren Jason Collett har sidan ungdomsåra opphelde seg i Toronto, der han har vore ein flittig deltakar i den meir uavhengige delen av byens musikkscene. På slutten av 80-talet spelte han saman med Andrew Cash Band, og litt seinare i eit band med navn Ursula. Han forsvant så nokre år frå musikkscenen for å ta seg av to små barn. Dukkar opp igjen midt på 90-talet, og drar i gang eit band, som blant andre inkluderer Andrew Cash og eksentrikaren Hawksley Workman, dei kallar seg Bird. Jason er denne gongen den ubestridde frontfigur, og er ansvarleg for både låtskrivinga og vokalen. Dei gjer ut plata Chrome Reflection. Nokre år seinare, 2001, kjem albumet Bitter Beauty som Jason Collett gjer ut under eige navn. Det er frå desse to platene, tidlegare i stor grad kun distribuert på konsertar, dei fleste sangane på Motor Motel Love Songs er henta.

Sjølv om Jason Collett sin musikk ikkje alltid oppheld seg i trygt sertifiserte løyper, er det selvfølgelig ingenting med desse sangane som skulle tilseie at han ikkje burde hatt eit større publikum. For albumet lykkast med å stadfeste at dette er ein kar som kan kunsten å smi saman skarpsindige pop/rock låtar. Og det er jo heller slett ingen ulempe at han samstundes gjev til kjenne ei markant og uttrykksfull røyst.

Plata dras i gang med litt liflig melankoli i Bitter Beauty, der ein og kan ane spor av The Band-impulsar. Mens låtar som Little Clown, Choke Cherry og Blue Sky står fram som ein utsøkt Jason-mikstur av vemod og håp, delvis kultivert i Wilco-land, delvis snappa opp frå REMs poppige hjørne. Litt twang står også på programmet, i den nydelige countryfolk-balladen Honey I Don’t Know, med åpningstonar lånt frå REMs Sweetness Follows, og med ei Mia Sheard på harmonivokal, samt litt smygande steelgitar.

Eit par innbitte ballader i Paul Westerbergs ånd blir og servert, den håpefulle It Won’t Be Long, samt eit uannonsert spor som samstundes høyrest ut som eit tittelspor, eit noko uvanleg påfunn kanskje. Men med eit refreng som; «In your motor motel sleepness nights, your dreams all advertised, my love», og ei nerve som gjer den til platas høgdepunkt, er den i alle fall ein uvurderlig hemmelighet.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)