Celloist Heather McIntosh har spelt med Japancakes, Elf Power og andre. Her er det ho som er i sentrum.
Du verden så mykje praktfull musikk det har komme frå alle desse folka som er, meir eller mindre, tilknytta det sagnomsuste Elephant 6 kollektivet. The Instruments representerer endå eit tilskudd på denne stamma. I dette tilfellet er eg imidlertid litt meir usikker på om vi har å gjere med ei utgjeving av det veldig imponerande slaget.
Prosjektet sin nøkkelperson Heather McIntosh har traktert sitt hovedinstrument cello i fleire sammenhengar; Japancakes, Circulatory System, Elf Power for å nevne nokre. Men denne gangen har ho altså teke plassen i førarsetet, og i tillegg til celloen spelar Heather gitar, syng og har komponert alle melodiane bortsett frå ein. Med seg har ho, i tillegg til folk frå alle før nevnte band, også musikarar frå oppløyste Olivia Tremor Control og Neutral Milk Hotel himself mr. Jeff Magnum.
Åpningskuttet Lullaby slår an tonen både i positiv og negativ betydning. Ein plukkande akustisk gitar i fint samspel med litt klarinett-tonar, i ein folklåt med klare østlige (psykedeliserte) klangar. For meg startar problemet når sangen til Heather McIntosh inntek arenaen, den blir enkelt og greit for einstonig og kjedelig, og bringer låta over i eit meir fargelaust landskap. Vel kan det være forførande med monotoni, men det krev ein slags energi og framdrift som dei fleste vokale partiene på Billions of Phonographs ikkje klarer å framvise. Eg seier dei fleste, for i partia der andre frå bandet harmoniserer, som i den kraftfulle When the Stars Shine, aukar ofte intensiteten og sangen for ein retning og meining som ellers for det meste er sakna.
Trøysta er då at ein kan finne mykje leikande og tiltalande instrumentalt samspel å glede seg over. Med lydar hovedsakelig henta frå organiske kjelder fargelegg dei med brunt og burgunder og malar eit dystert men stemningsfullt bilde. Og Heather sin innsats på cello er det ingen grunn til å beklage seg over, her stryk ho fram vemodige og inderlige tonar, som er spesielt viktige for dei mørkaste stemningane i seansen.
Eg antyda østlig påvirkning i åpningsnummeret, det kan ein og finne spor av andre stader på albumet. I melodiar som Carnival og Sea Chantey er den østlige innflytelsen imidlertid meir av østeuropeisk art, der dei nærmast høyrest ut som to langsomme sirkusvalsar. Den siste tar rett nok for seg, som tittelen antyder, meir maritime opptrinn. Noko den deler med albumets kanskje beste kutt My Ship, der Heather sin sanginnsats for ein gangs skyld også fungerer, her i eit djupt melankolsk folk-nummer. Det heile blir avslutta med ein snedig og innsmigrande instrumental versjon av den gamle religiøse hymna In the Sweet By and By.
Og dermed blir punktum sett for ei til tider fengslande men likevel litt for ujevn reise.
5/10
Først publisert på Groove (i 2003)
Ukomplisert og likefram folkpop skulle være ein grei beskrivelse på kva vi får på Voices In the Fog. Det er ingen overdrivelse å hevde at plata har eit spartansk lydbilde, der Dennis Driscoll sin akustiske gitar er det bærende instrumentet. Rett nok fylles det på med litt andre lydkjelder innimellom, men dei gjer stort sett sitt ærend på eit lågmælt vis.
Ein ung mann frå Houston, Texas med det propre navnet Hayes Carll har akkurat sparka inn døra heime hos meg, og plassert eit av dei friskaste country-albumene eg har høyrt på ei stund i spelaren. Sånt synest eg berre er kjekt, for det er slett ikkje daglegdags med country-debutantar som dette lenger. For å plassere Flowers & Liquor der den høyrer heime, så trur eg ikkje eg tek munnen for full om eg seier at vi kanskje lyt tilbake til Steve Earle og hans Guitar Town for å finne ein debut av samme kaliber i country(rock) sjangeren.