Ei lett attkjennelig stemme blant mystiske låttitlar og elektroniske tonar. 7
Visst Justin Vernon er 22 då er Gud 33, og visst Gud er 33 då er Djevelen 666, og visst Djevelen er 666 då er den store menneskehopen A Million.
Det er nokon mildt sagt eksentriske låttitlar på det tredje Bon Iver-albumet. Dei er i grunn ikkje til å forstå. Eg skal ikkje så tvil om at opphavsmannen til titlane, Justin Vernon, har ei viss forståing av kva dei tyder, men for andre – uansett kor mykje matematikar ein måtte vere – byr det nok på problem. Om ein ser bort ifrå resonnementet eg starta med då. For så mykje har Vernon hinta, og så mykje har eg fått ut av songtekstane hans, at eg sit med ei forståing av at eit hovudtema på albumet er det knøttvesle individet, nummer 22, der det slit med sitt blant millionar av andre som slit med sitt, i ei verd – for ikkje å seie univers – det viser seg umogeleg å komme fram til ei forståing av.
Historia er velkjent: Justin Vernon tok inn på ei avsidesliggande hytte, som ein slags rekonvalesens i etterkant av at det blei slutt med dama og slutt med bandet. Der, med falsett-røysta si og få soniske hjelpemiddel, spelte han inn den neddempa og vakre Bon Iver-debuten, For Emma, Forever Ago. I tida som er gått sidan den blei gitt ut, tidleg i 2008, har ikkje Vernon forsynt verda med flust av Bon Iver-utgjevingar. Firespors ep’en Blood Bank kom året etter, medan det meir orkestrerte (vel mykje orkestrerte) albumet Bon Iver, Bon Iver kom til verda i 2011. Dei fem åra som så gjekk dukka Vernon sitt namn opp på ei og anna plate av andre artistar, eit tredje Bon Iver-album har han ikkje fått ferdig før no.
Det er mange stemmer på 22, A Million, men det er få andre enn Justin Vernon som står bak dei. Han nyttar seg av autotune. Nå er det ikkje nytt at Justin Vernon nyttar seg av autotune. På låta Woods frå ovannemnte EP brukar Vernon autotune-effektar til både å forvrenge røysta si og til å synge fleirstemt med seg sjølv (ei låt som raskt fatna interesse hos Kanye West, og som førte til at Vernon blei invitert med på eit par av platene hans). Utan at Vernon gjer Woods om igjen lar han autotune-effektar spele alt frå subtile roller til ganske så omfattande roller albumet igjennom. Der det handlar om ei subtil rolle, ei strofe her, ein vag skjelv der, opplever eg at autotunen er ei lita vitaminpille. Unntaket må vere når stemmeforvrenginga blir til ein smurf. Då slit eg litt.
«It might be over soon» syng ein nestensmurfe-tuna Vernon innleiingsvis. Det er ei strofe som sette seg fast i opphavsmannen då han var på ferie på Santorini heilt utafor turistsesongen. Ei strofe som både kan ha ein optimistisk og pessimistisk klang. Alt etter kva utgangspunktet er. Ein dualitet som dukkar opp i fleire spor på plata. I 33 «GOD» der Vernon både syng om å «be floating» til ein eller annan (Gud kanskje?) samstundes som han avskriv denne andre (Gud kanskje?) med ord som «not gonna need you anytime». Medan han i avslutningssporet 00000 Million syng om å gå seg vill «just to come back home».
Vernon går seg vel verken vill eller har tatt turen heilt heim på 22, A Million. Han har plassert gitaren langt inne i kroken og trykke i staden på knottar. Slik skapar han ei plate som kanskje kan sjangerplasserast i elektronika-segmentet. Der det soniske divergerer frå det skitne halvfunky sporet 10 d E A T h b R E a s T til den vakkert flytande og lite effektforstyrra songen 8 (circle) og den nesten litt countryaktige 00000 Million. Tonen er like fullt veldig Bon Iversk albumet igjennom den, og det går så absolutt an å sette pris på den dei fleste av dei trettifem minuttane plata varer.
TIDAL: BON IVER – 22, A MILLION