Før kalla dei seg VietCong. Det burde dei ikkje ha gjort. Det var sikkert lite gjennomtenkt, men stygt støtande like fullt. No kallar kvartetten i frå Calgary seg for Preoccupations. Eit bandnamn godt som nokon det, skulle eg tru.
Før spela dei mørklagt, dunkel, aggressiv rock med ein viss konneksjon til 80-talets postpunk. Det virkar ikkje som at dei har nytta namneendringa til å søke ut i eit lysare landskap. I alle fall gjer dei ikkje det med Anxiety. Ei fersk låt som ikkje akkurat tilbyr sol og sommar, men ein heller dramatung tur inn i det tittelen lovar. Noko bandet gjer på eit så medrivande vis at eg trur jammen eg ser fram til dei kjem med eit heilt album idet sommaren sannsynlegvis har gjort sitt, den 16. september.