Israel Nash – Silver Season

Standard

Ein texanar ifrå Missouri har komme fram til sin psykedeliske sesong.                                    7

  Bakom eit blåleg cover med psykedeliske krusefiksar finn eg fleire fargar. I ein song med den Dolly Partonske tittelen A Coat Of Many Colors syng Israel Nash: «I don’t live like others, I see twice as many colors». Når det kjem til det der med fargar så er han nok inne på noko. For dette er psykedelia gitt. Sveipa i ei drakt med trådar til folk og country svevar varmegjevande tonar mot ein. Dei gjer det imidlertid ikkje på eit vis som kan seiast å vere annleis, nei heller ganske så velkjent. Slik det blei gjort i den psykedeliske gullalderen. Men aller mest får det meg til å tenke på Neil Young (i selskap med Crosby, Stills and Nash). Ja reint skummelt likt den ærverdige canadiaren lyde det innimellom. Med nettopp A Coat Of Many Colors som den kanskje aller tydeligaste representanten i så måte. Utan at låta fell tvers igjennom av den grunn. Den blir på ein måte for fin til det. Ikkje er den, slik eg insinuerte innleiingsvis, eit statement over kva Israel Nash har føre seg på plata heller, men i staden ein sympatisk song om å kaste fordommar over bord. Om eg oppfattar det rett då, der inne frå det psykedeliske tåkelaget. Det er jo ikkje sikkert, men at det er sympatisk det er eg ganske så sikker på.

Israel Nash har gitt ut nokre plater før han. Utan at eg har godt grundig til verks for å bli kjent med sakene. Noko eg har retta litt opp i no. Eg har funne fram til eit par plater han har gitt ut som Israel Nash Gripka. Der han vel meir minner meg om Ryan Adams enn om Neil Young. Ryan Adams på det nest beste (ikkje heilt Heartbreaker-kvalitetar altså), pluss ei handfull låtar med eit Stonesy countryrockpreg. Greie plater, men dei grip ikkje heilt fatt i meg. Betre, ja riktig så bra, er albumet Rain Plains, der han har lagt frå seg Gripka-delen av namnet sitt og ført countryrocken inn i eit større og meir variert sonisk bilde. Blant anna handlar det om eit og anna psykedelisk strøk. No to år seinare, på Silver Season, handlar det om meir enn eit og anna strøk, denne gongen har Nash rett og slett dyppa heile greia i varm syre.

Nærpå 50 minutt og gjennom ni låtar flyt han og bandet hans rundt i ein kosmisk tilstand, der grunnkompet er akustisk, groovet er godt, og steelgitaren buktar seg. Songaren syng stort sett i eit lyst toneleie (som Young), eller han får med seg nokon og velsignar orda med harmonisong. Kva han har å melde på det tekstlige plan kan vere noko utfordrande å få tak i. For det er ikkje berre på nemnte A Coat Of Many Colors at det psykedeliske tåkelaget ligg som ei hinne over sakene. Eg meiner likevel å oppfatte at det handlar vel så mykje om levelige og gode tilstandar som om dei meir mismotige. Enten han tar eit mektig flott og draumeluftig farvel med Los Angeles i LA Lately, eller han koplar inn litt gospel og gjer fred og kjærleiksorda «we should love one another» til eit mantra i The Rag & Bone Man. Men i den kanskje sterkaste songen på plata dukkar pessimisten i Israel Nash opp. I Parlour Song sitt mørkt luskande smått dampande soniske bilde gjer han Neil Young sine ord «out of the blue and into the black» om til «out of the window and into the night». Og tek vegen heilt inn til ein stad der ein mann uttalar at han er «so tired of the people», der meiningslaus nedskyting av skulebarn skjer. Der det er ingen grunn til å sjå lyst på det, og dei siste orda er desse: «sooner or later we’ll surrender our gun, but not until we’ve shot everyone».

Men det er altså ikkje typisk for Silver Season å oppsøke mørket og tragedien, det typiske er å finne groovet, varmen, og så lene seg tilbake og sjå på verda som ein stad med ei framtid.

TIDAL: Silver Season

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s