Texum – Texum

Standard

Countrypop med sterke amerikanske aner fødd i Trøndelag.                                                       6

  Ein klarinett ynskjer hjertelig velkommen, og tilbyr varme. Gitartonar gjer sin godlynte støtte, varleg elektronisk skurr ulmar vennlig i bakgrunnen, pulsen er i behagelig modus, og songaren syng inderlig: It Don’t Mean a Thing. Eg kallar det pop. Ein familieidyll blir skildra. Den varer i tolv somrar, så kjem hausten, og idyllen er ikkje lenger idyllisk. Eg kan kalle det countrypop også, eller kanskje soulpop. Det er i alle fall mykje Amerika i det. Men Texum er frå Trøndelag.

I 2007 albumdebuterte Texum med plata Different Strokes For Different Folks. Eit stykke countryrock som både hadde melodisk styrke, skakt nok ganglag og nyansar nok til ikkje å stivna fast i ei form. Eg såg i grunn fram til fleire plater frå gjengen, men det vart ganske så dørgande stille. Heilt til no, no er oppfylgjaren her. Den ber preg av at ei modning har funne stad sidan sist.

Skal eg sjangerflisespikke vil eg nok ikkje ende opp med å kalle det countryrock denne gongen. Opningskuttet som eg starta med å gje ei lita skildring av er nemlig ikkje den einaste songen her eg vil kalle pop, eller countrypop, eller soulpop. Det er vel i grunn slik plata er. Elegant og ganske så reinslig i linjer og produksjon. Definitivt melodisk og med snedne nok refreng. Med ein melankoli i seg, men ikkje av det slaget som er uhandterlig tyngande. For etter hausten, og etter vinteren, kjem det alltid ein vår og ein sommar, med «just enough light to be at ease».

«All that I wanted was to be a nice guy» syng songaren Bård Sande, og det er vel ikkje grunn til å tvile på det. Orgeltonar sveipar seg kring han, songen heiter If I Changed My Ways, og er absolutt ikkje utan fengande porer. Flest slike, fengande porer altså, opplever eg at låta som berre heiter Changed har. Her er den før nemnte soulfaktoren på sitt sterkaste, orgelet er i yppig humør, el-gitaren knipsar glør inn mot sentrum, og feminin-koring set sitt merke på  litt fabulering kring «old familiar feelings», kjensler som nok ikkje er like sterke som dei eingong var.

Når klarinetten atter gjer seg nennsamt gjeldande i den blå vandrarmetaforiske visa It gjer eg meg nokre tankar om at den kanskje kunne vore endå meir gjeldande. Kanskje kunne den fått eit litt breiare felt å dekke. For den har ein god verknad der den dukkar opp. Så vidt eg oppfattar det dukkar den ikkje opp i Pink To Gray (i tilfelle må det vere godt i bakgrunnen). Men ein som dukkar opp i den songen, som ein tekstens hovudperson, er ein tilårskomen trubadur. Ein med skjegg og langt hår, akustisk gitar og «well-crafted songs». Som syng om tidlause saker, utan vidare fakter – og visst ein akkord blei feil «he’d make it seem right». Slik lyde historia i alle fall. Eg har grunna litt over kven denne fyren kan vere. Om det er ein høgst verkelig trubadur låtskrivaren har hatt i tankane, eller om det er fleire av same slaget samla i ein person. Ein ganske så allright song er det i alle fall.

Frå eit ganske så allright band.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s