Angelica’s Elegy – Gold Celeste

Standard

Eit trondheimsband huga på poppsykedeliske tildragingar serverer eit varmt og modent debutalbum.

6

cover

Lyden av fargar? Sånn reint vitskapeleg veit eg at det herskar ein utstrakt skepsis til tanken om at fargar lar seg høyre. Men når herlig psykedelia fyller rommet lar eg vitskap vere vitskap og musikk vere musikk. Då opplever eg, godt innafor mi høyrevidd, at all slags fargar renn og dansar rundt omkring. Gold Celeste er blitt påført eit og anna psykedelisk, og vel så det. Så når lyden av plata fyller rommet kan eg høyre lyden av fargar. Fleire fargar. Funklande fargar, diffuse fargar, slørete fargar, vemodige fargar. Angelica’s Elegy.

Angelica? Kven Angelica er seier historia, så langt eg kjenner den, ingenting om. Ho er ei gåte. Sannsynlegvis ei uløyselig ei. Men eg meinar no likevel å sjå henne for meg. I ni songar eg nettopp har høyrt. Som eit vesen full av kontrastar, og mot. Fleire gonger undervegs, gjennom dei førti minuttane plata varer, får eg denne kjensla av at noko kan ramle frå kvarandre. At det berre er eit skjørt intuitivt handlingsmønster som held lyd og tonar i hop. Det ramlar aldri frå kvarandre. Kanskje fordi dei veit kva dei har gjort dei som har mosaikkisert desse songane? Eg har ei kjensle av det. Det er støv her, men ikkje fordi bandet ikkje har gidda å sope det vekk, trur eg. Nei dei har nok heller strødd det utover med fullt overlegg, fordi dei har tenkt det ville gjere seg. Dei har tenkt rett. Stundom tenker eg at dette er mektige saker. I neste sekund tenker eg at der tenkte eg heilt feil, dette er då lågmælte saker, er det ikkje? Med sedate rytmar? Vel, når dei ikkje er insisterande då, eller beint fram funky, desse rytmane. I denne poppsykedeliske kappa som aldri avslører alt. Ikkje i nærleiken av alt.

Elegi? Klagesong, sukk og gråt? Kanskje er eit slikt begrep å dra dette litt lenger ned i tristessen enn det eigentlig skal? Men melankoli, mollstemte linjer og ei vokal avlevering som nok står i ei viss gjeld til Thom Yorke , det kan eg høyre. «I’ll stir up this place, I’m counting the days, it’s over» lyde eit refreng. Dagen etter at den einaste vennen til songens hovudperson blei «brought into a room». Pianoet varslar eit blålilla drama, ein gammal synth fresar raudt, ein annan kjem tuslande inn frå kanten av tilværet og spelar ei tristvakker linje. Rytmen er fleirfaldig, Kafka lurer i kulissane, og songen heiter I’m Counting the Days. Når eg høyrer på den tenker eg at den er det største augeblikket på plata.

Tilliks med mange andre platedebutantar her til lands dei siste åra så har også Angelica’s Elegy hausta lovord frå P3 sin Urørtredaksjon. Dei har ikkje gått den rake eller raske vegen derifrå og ut i albumformat. Dei har brukt eit par år. På vegen slapp dei i fjor sommar EP’en Cognitive Dissonance. Den var disig, støvete, og lo-fi, og bar bod om eit band med ting på gang. Først og fremst gjennom låta When You’re Asleep. Ei låt dei har tatt med seg over på albumet. Der høyrer den til, med sitt klangrike vesen, driftige rytmikk, og gjentakande tekstlinje om at «you remind me of myself, when I’m not myself».

Eg har høyrt mangt eit band famle seg gjennom debutalbumet sitt. Det høyrer eg aldri Angelica’s Elegy gjere. Eg høyrer dei pakke songane sine inn i eit varmt og mangfaldig lydbilde. Eit som rett nok ikkje står der og skin og virkar overtydande sånn med det same, det gjer det ikkje. Snarare er det vel eit for oss som veit at dei beste stundene er dei ein må bruke litt av tålmodet på. Gjer ein det, då finn ein vegen inn til slikt som den melodisk vinnande og groovy utfordrande Starchild. Eller popgode Fuse And A Spark, med sitt oransjeglødande refreng. Eller kanskje den meir sedate, men akk så vakre Not A Game. Kort fortalt slikt som er verdt å finne, og verdt å ta med seg vidare.

Først publisert på Groove.no (i 2013)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s