Bill Fay – Life Is People

Standard

Han vart ignorert då han var her sist. For førti år sidan. Men ein gong ignorert må ikkje være for alltid ignorert.

7

cover

For mange år sidan var Bill Fay ein liten gut. Han kan minnast – fortel han i eit intervju med den amerikanske radiokanalen NPR – sommarferiane med far sin, der dei to satt på små kafear ved sjøsida, og såg folk spasere forbi. «Life Is People», sa faren. Ord som rørte den vesle guten. Tre ord som er blitt tittelen på plata som han gjer ut i desse dagar, nesten 70 år gammal.

Det er inga dagligdags hending at Bill Fay kjem med ny plate. Han gjorde det sist for 41 år sidan. Då 70-talet var ungt. To plater gav han ut, som få fant grunn til å skaffe seg. Plateselskapet viste ingen nåde, dei sa farvel til han, og såg heller ingen grunn til å trykke opp nye eksemplar av platene. Så dei forsvann. Og det same gjorde for så vidt Bill Fay.

I 27 år var det så godt som ingen som kjente til desse platenes eksistens. Først i 1998 vart dei gjort tilgjengelige igjen, på Colin Miles sin See for Miles label. Og yngre artistar byrja å snakke om denne Bill Fay (Jim O’Rourke, Nick Cave), og spele songane hans (Ed Harcourt, Jeff Tweedy). Ein kultartist var i ferd med å bli skapt. Ei tredje plate, Tomorrow, Tomorrow and Tomorrow, som vart spelt inn seint på syttitalet, men slett ikkje utgitt då, såg dagens lys i 2005.

Hadde dei entra verda første gong i 2005, dei to platene hans, frå det tidlege 70-talet, ville dei fått merkelappen frifolk klistra på seg. Og nokon ville sagt dei var gode. Underteikna medrekna. Særskilt den andre, Time Of The Last Persecution, må seiast å vere av det frapperande slaget. Ei reise mellom lys og mørke, Kristus og Djevelen, tru og undergang. I eit dirrande kosmos. I eit sonisk spenningsfelt, mellom rock og jazz, visesong og høgsong.

Og så er det at den unge amerikansk plateprodusent Joshua Henry for det for seg at han ikkje vil la det bli med det. Han kontaktar Fay, og fortel at han har eit inderlig ynskje om å få vere med å lage ei ny plate med han. Det får han også, til slutt, etter å ha gått nokre rundar med den sky og tilårskomne mannen. Songar skortar det ikkje på. Det har Fay laga heile tida, der borte i sitt vesle løyndomsfulle hjørne av London.

Eit lag av gamle kjenningar av Fay, eit gospelkor, ein strykarkvartett, og eit par yngre krefter, finn i hop. Ei plate blir skapt. Og ovasjonane kjem. Frå Mojo, til Pichfork, til langt inn i dei norske musikkspalter. Forståelig nok. For plata er flott den. Varm og godlyndt, mektig og skjør. Nokre tiår med livserfaring og djupfølt vørdnad unna den iherdige og tidvis krakilske kampen som utspant seg på Time Of The Last Persecution.

Bill Fay forfektar ei tru på menneska, og på livet. Slik tittelen ber bod om. Samstundes som han kan uttrykke eit mismot kring gjerningar dei same menneska foretar seg. Og samstundes som han verkar å ha eit ganske så avklart forhold til at livet slik vi kjenner det ein dag tar slutt. Han drar ved fleire høve inn bibelske hendingar og motiv i songane sine. Ja nokre av dei må vel seiast å formidle eit kristent bodskap. Som den sakte flytande og gnagande Big Painter. Der Fay først teiknar eit bilde av menneska si inngrodde evne til å ikkje lære av sine mistak, for så å rette blikket mot ei lita jente med «giggle healing eyes», og vidare derifrå mot han som har skapt desse augo, «the big painter in the sky».

Wilco-låta Jesus Etc. kan vel derimot vanskelig seiast å ha eit eksplisitt kristent innhald. Men det er andakt over Bill Fay sin versjon av den likevel. Han gjer den åleine frå pianokrakken, og, tenker eg, med Jeff Tweedy ærbødig nikkande i døropninga. Når Fay skal gjere This World, popsongen på plata, blir imidlertid Tweedy invitert heilt fram til mikrofonen. Saman syng dei to fengande tonar om den berg- og dalbaneturen livet kan vere, og som ingen stad møter på eit skilt der det står «an easy way out».

I 1971 song han om Omega Day, frå ein fredlaus sin ståstad, i 2012 syng han om The Healing Day frå ein fredfull vinkel, og krydrar det med den pastorale og fine antikrigslinja «every battleground is a place for sheep to graze». Sauer som i There Is A Valley blir gitt evna å kunne snakke med kvarandre, tilliks med trea, og blomane. Og det dei snakkar om er det dei har vore vitne til. Og det dei har vore vitne til er menneskelig brutalitet.

Men, han har trua, på menneska. Trass alt. I den sentrale og ekspanderande hymna Cosmic Concerto slår han det fast. Med eit mektig grep, som samstundes er audmjukt og varleg. Før han til slutt sit att åleine, ved pianoet, og er nær, og syng ein song om døden (The Coast No Man Can Tell), som sitt farvel. For denne gong.

Først publisert på Groove.no (i 2012)

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s