Ein særeigen texanar legg sitt hutrande hjerte til skode, i eit spartansk og episk meisterverk.
Lift To Experience. Texanaren Josh T. Pearson har vore i meir enn ein heis, og han har gjort seg sine erfaringar. På Last of the Country Gentlemen fortel han om nokre av dei. Erfaringar som har det til felles at dei ikkje høyrer til på solskinsdagar, eller smakar av honning og fryd. Men erfaringar er det, og fast har dei sett seg, og spesielt godt gjer dei ikkje.
Lift To Experience. Det var bandet hans det. For ti år sidan. Ein trio som Josh fekk samla i hop på slutten av 90-talet. Plata kom i 2001, heitte The Texas-Jerusalem Crossroads, og var dobbel. Gitaren til Pearson var sannsynlegvis blitt vaska i ei hallusinerande veske, og gav godt med lyd i frå seg. Gjennomgangstemaet var apokalyptisk. Jorda låg aude, men ein ny edens hage vaks fram, i Texas. Kevin Shields elska bandet, kritikarane også. Eit års tid reiste dei rundt og heldt smått legendariske konsertar. Så avslutta og oppløyste Josh heile greia.
Og så? «I just went out there and prepared for the end of the world», fortel Pearson i eit intervju med nettstaden Louder Than War. Ei tid gøymte han seg vekk på ein liten Texasplett nesten utan fastbuande. I eit område han også hadde vore i barndommen. Ein barndom som dei første åra handla om å følgje etter ein far som reiste rundt og predika kristendommens ufortreffelige vesen. Inntil faren ein dag reiste vidare åleine. Misjoneringa hans hadde imidlertid sett sine spor i den unge Josh, og var så absolutt med han då han laga si utgåve av Openbaringa, The Texas-Jerusalem Crossroads.
Det er fleire vegkryss i Texas. Vel ein rette vegen i nokre av dei kan ein komme heilt til Paris. Det gjorde Pearson ein dag. Og han likte seg i den franske hovudstaden. Med ein akustisk gitar som næraste kompanjong fant han eit lite publikum på små klubbar i byen. Men det er vegkryss i Paris også, så snart var han i Berlin. Han likte seg i Europa. Han har stort sett helde seg i Europa dei siste åra. Og songar har han laga, og songar har han sunge, men plater har det ikkje blitt av det. Ein splittsingel saman med favorittbandet The Dirty Three er det einaste av det slaget. Josh sitt bidrag der er ein langsam og mørkkledd versjon av Hank Williams sin I’m So Lonesome I Could Cry.
Warren Ellis spelar fiolin i The Dirty Three. I eit intervju Josh T. Pearson gjorde med Warren Ellis, for nettstaden The Line Of Best Fit, for nokre år sidan, eit intervju som vel meir utarta seg til å bli ein samtale, sa Ellis: «I’ve had the pleasure of seeing you many times Josh, in Lift To Experience and solo, and you are one of my favourites, you deliver always, and you are real. You should get on with your album».
Vel, Josh gjorde det. Etterkvart. Eit par kalde februardagar i 2010, i Berlin, spelte han inn sju songar. Åleine. Han og gitaren, og nokre få klunk frå eit piano. Langsamt. Seinare fylte ei handfull fiolinistar, deriblant Warren Ellis, inn nokre tonar til i det spartanske bildet.
Kjenslevare, gripande tonar. Inne i songar som tar seg tid. Innover, framover, eller i sirkel. Fire av songane andar ikkje ut før dei har helde det gåande i over ti minutt. Helde det gåande med Josh T. Pearson sine skildringar om livet med kvinna, om livet utan kvinna, om livet i selskap med alkoholen, om livet med Gud, og utan Gud, og om livet med musikken.
So with my unfinished books, haunted dark symphonies
Binding lost broken chords, chained up and down melodies
With all of my love, I must leave you for these
My holy ghost note comfort songs to rock’n roll you to your gentle sleep
……………………
Last of the country gentlemen, you knew it all along
I cannot give you all my love when I’m married to the song
Slik syng han det i tittelsporet. Eit tittelspor som handlar om å kjenne seg nokså fortapt, i musikken, i livet, i kjærleiken, og som tar på seg å gjere ei lita oppsummering av det som har hendt tidligare på plata. Eit tittelspor som ikkje blei spelt inn i Berlin, men i Paris, og som ikkje er å finne på CD-utgåva, berre på den doble vinylutgåva (samt på cd’en som ligg ved denne).
Den songen kjem nesten heilt til slutt. Først syng han Thou Art Loosed. Ei lågmælt hymne. Med si venaste, Jeff Buckley-slekta, røyst. «Don’t cry for me baby» syng han, «I’ll learn to live without you», før han i siste fase fleire gonger gjentar linja «I’m off to save the world». Og eg undrar litt på om songen kanskje handlar litegrann om ein far som ein gong berre drog sin veg.
Sweetheart, I Ain’t Your Christ handlar om ei kvinne, men endå meir om songaren. Han forstår seg ikkje på henne. Han kjenner avmakta koke i panna. Og han er berre ein mann, ein enkel syndar, heilt utan tankar om å bere noko kors.
It ain’t Christmas time it’s Easter, honey bunny,
And I ain’t the saviour you so desperately need.
…………….
I’ll pack my bags and say goodbye,
And my return in your lifetime is more unlikely than King Jesus Christ’s.
Songaren har ikkje særlig med lys retta mot seg, men han er nær, veldig nær. Han syng ikkje høgt, men eg høyrer han godt. Det går ei fortvilingas skjær igjennom han, han kviskrar, han sukkar, han skjelv, han svelgjer nokre ord, eg kan høyre klumpen i halsen hans. Han er intenst til stades, han er i feber, desperasjonen kryp rundt anklane hans, ein brann brenn midt inne i han, han har noko han må få sagt, noko han må tilstå, han syng det.
Countrysongar? Det synst eg absolutt ja. På sitt vis er dette countrysongar. Tonen er der, livet er der, og ånda til Hank Williams. Josh bringe det fram på sin høgst personlige måte, men ikkje heilt utan eit visst ekko frå andre som har vore der før. I tilværets mørklagte ytterkant. Mannen har stira inn dit Bonnie Prince Billy stira i 1999. Han har vore On the Beach, der Neil Young ein gong var. Han har sannsynlegvis høyrt Nick Cave sitt Boatman’s Call, og han har gjort seg sine nattlige tankar i selskap med Leonard Cohen sine Songs of Love and Hate.
Love and Hate. Mest av alt handlar dette om kjærleiken, men altså ikkje heilt den same som Salomo i si tid såg det verdt å prise med høgsong. Pearson er nok heller der Mykle var og ser på kjærleiken som ein einsam ting. Og ikkje minst som ein upålitelig fylgjesvenn. Så la oss kalle dette for Pearsons lågsong. Eit knippe tyngande skriftemål.
Oppgjerets time. Ein vanskelig time. Han prøver seie Sorry With A Song, men det er ikkje så enkelt. Sjølv om han veit det så inderlig vel, betre enn nokon, at han gjorde sine mistak, mistak som gneg, og var berre hans. «Still, I can barely say I’m sorry with a fuckin» song». Då er det kanskje litt lettare å be om fred. Slik den demonforfylgte drankaren i Woman, When I’ve Raised Hell gjer. Ei bøn, til si kvinne, om berre å få lov å sitte og drikke seg i søvn, i selskap med sine spøkelse. Han kan ikkje skjøne at det er noko å kave seg opp med. Dette er ikkje det det ser ut som, dette er ikkje trøblete åtferd. For det skal du ha heilt klart for deg «woman, when I’ve raised hell, you’re gonna know it, there won’t be a shadow of doubt in your bright little mind».
Tvil er det derimot nok av i kvart einaste eitt av Honeymoon’s Great! Wish You Were Her sine tretten minutt. Songaren sin tvil. Han er på bryllupsreise, men tankane handlar plagsamt mykje om ei anna kvinne enn den han reiser saman med. Han prøver å be galskapen vekk, han prøver å drikke den vekk, men nyttelaust. «God knows I ain’t no Christ, Christ knows I’d never dream of harmin» my wife, but I’m thinkin» the honeymoon’s great and I can’t stop wishin» that she were her».
Det blir sannsynlegvis med draumen. For det er vel mest ein draumar han er? Ein draumar som kjem frå «a long line in history of dreamers». Slik omtalar i alle fall songaren seg sjølv i Country Dumb. Som ein redningslaust fortapt draumar, med særdeles innskrenka evner til å løfte seg sjølv ut av tilstanden, som «the kind who will always need a saviour». Ein slik ein som ber om hjelp til å Drive Her Out. Og som derfor gjer eit lite mantra av den bedande linja «help me get her out of my mind». Sånn heilt til slutt.
Last of the Country Gentlemen. For deprimerande? For tålmodskrevande? For gusten og motlaus? For intenst verkelig? For sterk? Spørsmåla kan stillast. Svara for kvar einskild lyttar kome fram til. Eg, eg opplever at songane som driv ut av denne plata treff eit eller anna avgjerande midt inne i meg som få songar maktar treffe. Så då, då er det vel ei heilt spesiell plate då?
9/10
Først publisert på Groove.no (i 2011)
TIDAL: JOSH T. PEARSON – LAST OF THE COUNTRY GENTLEMEN