Southeast Engine – Canary

Standard

Med støvete rock og sindig country i skreppa tar dei vegen om fortida og finn fram til i dag.

7

cover

Det finst eit tredje Athens. Ved foten av Appalachia-fjella i det søraustlige Ohio, eit hav og to vest for antikkens hovudstad, og ein ti-timars biltur nord for byen der REM fødde sine første tonar for ein mannsalder sidan, finn vi det, i form av ein liten by. Adam Remnant heiter ein av dei drygt 20000 som lever sine liv der. Han brukar ein god skjerv av tida si til å skrive songar. Og ein minst like god skjerv til å synge og spele desse songane, saman med bandet sitt, Southeast Engine.

Noko dei har drive med sidan byrjinga av 2000-talet, utan at radaren min har klart å fange det opp. Ikkje før eg snubla over eit «subway sessions»-opptak av bandet på YouTube for nokre veker sidan. Det vekte ei viss interesse i meg, så vegen derifrå til albumet dei gav ut tidlegare i år, Canary, vart ikkje så veldig kronglete og lang.

Dei er eit band med Amerika i seg. Den gamle musikken som kom ned frå fjellet dei har i ryggen er hos dei. The Band og Grateful Dead (slik dei gjorde det på sine jamfrie plater Workingmen’s Dead og American Beauty) er med dei. Nyare akter som The Felice Brothers og The Avett Brothers er to band som vel kan kallast brør av same ånd.

Ein bror er også ein del av Southeast Engine. Jesse Remnant heiter han, og i tillegg til å traktere bassgitaren, syng han harmoniar med sin storebror, av det avgjort gode slaget. På eit album som spenner frå det varlig balladeorienterte til det fullblods rockande. Der innsatsen som blir lagt ned er lauslig, hengslelaus, og smittsam inspirert.

Canary, deira femte album, er bygd rundt eit tema. 1933 var plata sin arbeidstittel. 1933 (Great Depression) er tittelen på ein av låtane. Og der er temaet. Gamaldags og utdatert, tenker du kanskje? Vel, i grunnen ikkje, hevdar eg. Parallellane frå den gongen til dagens skjelvande verdsøkonomi er fleire enn dei vel eigentlig burde ha vore. Enten nå byen kallar seg Athens, eller kva som helst anna.

Albumet sin namnlause forteljar er son, bror og kjærast. Han bringer ikkje historia så langt utafor desse rammene, men maktar skape eit rikt nok bilde innafor. Eit som forståelig nok handlar atskilleg meir om mismot og motgang enn håp og framgang.

I’m shaking off the ashes of brimstone and doom
I’m gonna pick a thousand apples in a single afternoon
So it seems the world can be a nightmare with heaven intertwined
Men lower the canary down into the mine
but they’re raising up a raven seven times the size

Det er Curse Of Canaanville, og livet er mørklagt. Tonen er både klagande country og dampande folkrock. I Cold Front Blues er den kraftfull melodisk og sjanglande desperat. For djevelen har etterlete sine fotavtrykk, og gjort det klart at han kjem tilbake neste år. 1933 (Great Depression) er pianodriven og gitarharvande rock’n roll som tumlar stormfullt mellom resignasjonen og eit gnist av håp. Det siste skapt delvis av dei dagars Obama, Franklin D. Roosevelt, men mest av ei kvinne «up around the bend». Ruthie. Forteljarens store kjærleik og tvillingsøsteras bestevenn. To kvinner som etterkvart blir omsunge i kvar sin vakre ballade. Adeline Of the Appalachian Mountains, vemodig, men med både engleopenbaring og ein tidleg vår i seg. Ruthie, melankolsk, men først og fremst driven av ein djerv idé om ei framtid.

Sunge av ei røyst med både støvlaget og intensiteten som sine kjennemerke. Ført til torgs av eit band som emnar skape noko som kjennest høgst levande og relevant i det herrens år 2011 av noko som hendte for åtti år sidan, og som fleire har tatt i før dei. Aktverdig, og vel så det.

Først publisert på Groove.no (i 2011)

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s