Eit dronande psykedelisk mørke, ja, men her finst eit og anna melodisk lysglimt også.
7
Akkurat som Black Mountain reiste The Black Angels til Los Angeles for å spele inn sitt tredje album. Akkurat som Black Mountain plasserte dei Dave Sardy i produsentstolen. Akkurat som Black Mountain har dei gjort redigeringsgrepet, skore ned på låtlengdene, og serverer oss ei plate som ikkje er stort meir enn halvparten så lang som dei to føregåande. Akkurat som Black Mountain lever dei under ein sonisk himmel der skyene skriv tal som 1967, 1968, 1969. Og i november skal dei på turne med Black Mountain.
Men, akkurat som Black Mountain er ikkje The Black Angels. Dei er frå Texas. Austin, Texas. Dei har vore i garasjen til 13th Floor Elevators. Dei har vore i mørkret til Velvet Underground. Dei har opplevd ein Strange Days med The Doors. Dei har på sine to første plater skapt ein dronelagt dirrande svart psykedelia som har evna å klistra seg til sinnet. I særskilt grad på den stridlyndte og groovelada debuten Passover, men også på den meir tåkelagte Directions To See A Ghost.
Melodisk stoff har ikkje vore deira greie. Ei heller soniske utflukter i dei retningar der psykedeliaen skin lysare eller er beint fram feststemt. Med Phosphene Dream gjer dei meir enn eitt forsøk på å rette litt opp i dette faktumet.
Det er låtar her eg snarare tenker Yardbirds eller Pretty Things om enn Erickson, Reed og gjengen. Det er låtar her, som om eg ikkje hadde visst betre, eg greitt kunne tenkt var henta frå eit eller anna samlealbum med obskur 60-tals pop av det hengslelause slaget. Den korte og enkle Telephone, med sitt banale tema. Den tette og kraftpopdrivande Sunny Afternoon. Og, bestelåta i denne kategorien, den fasetterte og melodisk både kitlande og slurande Yellow Elevator #2.
Eit tiltak i lysglimta og dei melodiske tillaupa sitt teikn sånn tvers igjennom er imidlertid ikkje Phosphene Dream. Det er stader her det dirrar og vibrerer meir enn dunkelt, og der gluggar blir skalka og vennligstilte tankar blir forkasta. Bad Vibrations kan dei kalle slikt. Og presentere det som ein truande psykedelisk blues der svik og hemntankar svingar seg i dødsdansen. River Of Blood kan dei også kalle det. For så å forme det som ein veldig flaum av elektrisk kraft og stålsettande virvar. Eit ritt der utgangen enten blir den sikre død, eller den endelause fridom.
I hear footsteps coming near us.
They’re getting louder, I am frightened.
This is it yeah, we are ready!
Elles har dei sine frenetiske oppgjer med krig og religion og presidentar. I eit basskraftig og heimsøkt tittelspor. Og i nyanserike True Believers. Ei låt som går ei sonisk løype frå det semi-akustiske til eit avsluttande nesten stilleståande dronelandskap der «devilish women warning men of their actions».
Phosphene Dream er ei plate med eit opnare, lausare og meir variert sound enn sine føregjengarar. Flørtinga med, og forsøka på, å tilføre den soniske tilstanden eit meir melodisk preg trur eg kan vere ein smart veg å fylgje vidare. Seier eg, vel forvisst om at det framleis er slik at det er i dei manande, marerittmalande og nådelause former bandet viser seg aller sterkast. Phosphene Dream har sitt av slikt. Og bra er det, og veldig bra er Phosphene Dream.
Først publisert på Groove.no (i 2010)