S. Carey – All We Grow

Standard

I eit ambient mønster byr S. Carey på viser utan hastverk.

5

cover

Om Justin Vernon (Bon Iver) var Philip Glass ville hans namn vore Sean Carey. All We Grow heiter beviset, eit stykke jazzklingande folkalbum som lener seg mot repeterande strukturar i eit fordringslaust bilde. Eit bilde med meir bevegelse enn det eg først fekk inntrykk av, men ikkje heilt nok til at eg søkk inn i den djupaste forma for tilfredsheit.

All We Grow er denne Sean Carey (eller berre S Carey som han vel å kalle seg her) sitt debutalbum. Men ein musikalsk novise er han på ingen måte. For ikkje så altfor lenge sidan gjorde Carey ferdig sitt perkusjonstudie ved eit musikkinstitutt i Wisconsin, og har etter det brukt mykje av tida si til å gjere musiserande teneste for andre. Ikkje minst (snarare mest kan vi vel kanskje heller seie) som rytmisk hovudansvarlig i turnebandet til Bon Iver.
Innimellom har han hatt tid til seg sjølv, og sine eigne ambisjonar. Dei har mellom anna handla om å ha namnet sitt (eller i alle fall store deler av det) på framsida av ei plate med eigen musikk. Så, utan hastverk, men med fokus på eit musikalsk bilde forma av eigne førestillingar om kva god musikk er, har han komponert, spelt og limt i hop All We Grow.
Det er eit tålmod i uttrykket til Carey. Låtane hans kretsar rundt eit smalt register av tonar, tonar som kan fortona seg bortimot stilleståande, og noko anonyme. Men det er ei fargetilsetting inni der, ei vennlig og sympatisk ei. Den sig fram, etterkvart.

Han spelar på fleire instrument, men får også litt hjelp. Syng gjer han stort sett sjølv. Med ei røyst som nok har eit atskillig meir marginalt vesen enn den til hans venn Vernon. Litt preglaus kanskje, røysta. Men på sitt vis høyrer den til i stemninga.

Ei stemning med ein særdeles lite oppskakande karakter. Det må i så fall vere monotonien og den manglande forløysinga som finst i ein stadig gjentakande piano- eller gitarfigur. Eller Action. Låta Action, som cirka midtvegs foretar eit brot i mønsteret. Ein instrumental som knurrar, og driv. Ein instrumental der gitaren er elektrisk, og Carey for alvor kastar seg over instrumenta han er utdanna til å handtere, trommer og perkusjon. Ein oppkvikkande seanse. Ein nødvendig seanse. For frå Move til Broken kunne dette elles kanskje fort blitt litt nok.

Nok sordinerte svev og dempa nedslag. Slik det er synst eg dei førti minuttane er til å leve med. For ikkje å seie, til å trivast med.

Først publisert på Groove.no (i 2010)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s