Ein fyr vi forbind med noko ganske anna lar gitaren riffe og blistre i selskap med bombastisk rytmikk.
5
Dei siste 15 åra har Alan Sparhawk brukt mykje av tida si til å dyrke dei langsame, underspelte tonar. Saman med kona si Mimi Parker har han vore den drivande krafta i slowcore-bandet Low. Innimellom har Sparhawk kjent på eit behov for å skape litt meir fres og fuzz rundt seg. I eit tilfelle har det blitt gjort under Low-signaturen (The Great Destroyer frå 2005), men helst lurer han seg avgårde utan si Mimi, og kallar opplegget for noko anna.
Retribution Gospel Choir for eksempel. Då er det han, hans gitar og hans røyst, trommis Eric Pollard, og bassist Steve Garrington. Dei har særdeles lite til felles med kontemplative tonar, eller slikt som straumar frå kyrkjer og forsamlingshus. Dei har ein annan misjon i siktet. Dei er tøffe mot strengene, og slår hardt med stikkene. På mange måtar er dei ein god gammaldags powertrio.
Det starta for eit par år sidan med at Sparhawk og hans kompanjongar utfordra stilla som rådde over eit par Low-låtar. Dei fant resultatet interessant. Nye låtar vart så skrivne, og spelte, og eit album vart til. Det kom ut på Mark Kozelek sin Caldo Verde label i 2008. Så, utan at noko Low-stoff har dukka opp i mellomtida, er trioen i desse dagar klar med oppfylgjaren. På Sub Pop denne gongen. Høvelig nok, for tonen dei legg an har absolutt eit og anna grunge-avtrykk også.
I den seige krafta som løfter opp Your Bird til dømes. Eller i den dystre og sakteflytande forma som Poor Man’s Daughter navigerer etter, mot eit sjølvglødande gitarklimaks. Måten Hide It Away kombinerer klassiske poptonar med stormfull Ragged Glory er ikkje heilt grungefjern den heller.
Med Workin» Hard og White Wolf riffar dei seg inn i eit melodiøst og lettfattelig gitarrockbilde. Medan dei gjer seg meir vanskelige i det åtte minuttar lange sporet Electric Guitar. Ein progressiv seanse, med nyttig cellohjelp, rungande gitar-workouts, og det smått trøyttande mantraet «what are you gonna do?».
Retribution Gospel Choir gjestar soniske tilstandar som har ein rimelig fyldig historie bak seg. Dei tilfører tilstandane ingenting nytt. Og dei kan til tider virke å vere meir i utviklingsfasen av ei låt, enn i fullbyrdingsfasen (i skisser som ’68 Comeback og The Last of the Blue Dream, og i den teppelagde saken Something’s Going to Break). Så nei, det er ikkje med Retribution Gospel Choir at Alan Sparhawk får sin plass i musikkhistoria. Dei representerer nok helst ein parentes.
Men når dei er gode, strengane glødar, og tonen varmar, har dei absolutt noko for seg.
Først publisert på Groove.no (i 2010)