Han fangar ei tid då det analoge og organiske rådde. Og verkar meir til stades i vår tid enn dei fleste modernistar.
7
Dei har røter tonane til M. Ward, djupe røter. Kanskje ikkje heilt tilbake til tida si morgonstund, men det kjennes som om dei har vore her heile tida. Dynamisk slentrande, støvrike, og med eit tidlaust ganglag. Frå End of Amnesia til Post-War.
Etter ein liten bijobb som den maskuline halvdelen av popduoen She & Him er han tilbake i omgjevnadane vi kjenner han frå. På utsida av tidas trendar: Hold Time. To ord som handlar om å eviggjere eit gyllent augeblikk. Det er fleire slike augeblikk på denne plata. Augeblikk verd å stanse opp ved, og ta med seg. Så; ein treffande tittel, og ei veldig bra plate. Ward held med andre ord tradisjonen ved like. På fleire vis.
Frå det gulna coverbildet til den buktande gitarinstrumentale utgangen, Outro, er Ward til å kjenne att. I det analoge, akustiskfunderte lydbildet. På den halvkviskrande songmåten. Og i den effektfullt kolorerande gitarstilen. Ein framifrå gitarist er han, enten han plukkar nylonstrenger, drar fram tremolo-effekter, eller spreier riff med den elektriske. Men ingen pralande gitarist. Han høyrer til Ry Cooder-skulen. Han har bladd mykje i den store amerikanske songboka. Og inspirert bringer han arven vidare, i ein luftig og nyanserik skapnad, alltid på parti med låta. Låtar han har komponert sjølv. Med to unnatak.
Frå Ward skapte om Bowie sin Let’s Dance til ein seig ørkentraskar på Transfiguration of Vincent har det blitt ein tradisjon med ein eller to tolkingar av andres låtar på platene hans. Like langt bort frå originalversjonen som i tilfelle Let’s Dance styrer han ikkje denne gongen. Ikkje like overlegent heller. Men fine er dei, både Rave On og Oh Lonesome Me. Den første huskar fint av garde, litt saktare, og litt blåare, enn det den gjer i Buddy Holly sin legendariske versjon. På Don Gibson-klassikaren Oh Lonesome Me overlet han store deler av vokaljobben til Lucinda Williams. Låta ulmar seg framover i albumets mest saktegåande og tungsindige form, og er sannsynlegvis det beste Williams har gjort dei siste par åra.
Det er fleire spor på Hold Time i temposjiktet til Rave On. Fleire enn på tidlegare Ward-album. For Beginners kjem folksy huskande med klapping og melodisk overskot. Underfundig titulerte Never Had Nobody Like You er ein elektrifisert T. Rex-rockar. To Save Me miksar folk og soul, og har ein nesten Spectorsk vegg av lyd. Fabelaktige Stars of Leo startar på si side spartansk, før den pådrar seg meir kranglete lyd idet den hamnar under gatenivå i New York City, og saknar «the water from the wells back home».
Det er avgjort mykje meir ruralt enn urbant over sakene til Ward. Og eit veldig lågt pretensjonsnivå. Fordringslaust syng han om livet og døden. Og kjærleiken. Til silkeblå jazztonar i tittelkuttet; «You were beyond comprehension tonight… now if I could only hold time». Den evige kjærleiken blir ytterligare feira i appalachian-nummeret One Hundred Million Years; «this love, this light, between you and I, is older than that burning ball of fire up in the sky».
Ward tar seg sjeldan inn til dei mest djupfølte, grimme og vonde kjensler. Men han nærmar seg altså døden ved fleire høve. Som i den lumre visa Jailbird, der hovudpersonen hutrar og frys, og ventar på ein nådelaus slutt; «angel, angel coming for me now, on eagles wings down through the sky». Ein død songaren har eit meir håpefullt forhold til i Blake’s View. «Death is just a door» hevdar han her. Det vil seie «Blake said it first», William Blake. Medan det meir handlar om livets gåtefulle vesen i gospelfolkrockaren Epistemology. Eit liv han tenker vitskapen har kløktigare ting å seie om enn det Paulus har formulert i diverse skrifter.
M Ward har altså enno ein gong lagt tida til sides og formulert ein liten låtsamling både for 1930 og 2030. Slikt er det meining i.
Først publisert på Groove.no (i 2009)